fredag 31. oktober 2008

Ro i auge og sinn

MMS ved Solheimsdalen i dag tidleg Det er berre å innstille seg på at turane vinter-dagen tek lenger tid enn om sommaren. Av fleire grunnar. Viktigast er sjølvsagt at det er lettare å bevege seg i shorts og joggesko enn med fleire lag klede, tunge fjellsko, gamasjar og det heile. Eg prøver å kle meg så lett som mogeleg. Ja, nesten slik at eg må gå på for å halde varmen... Og så er det sjølvsagt underlaget. Eg merka det godt i går kveld då turen inneheldt både rundkast og svalestup. For når dei siste dagars væte er frosen til is på stein og hamrar, er det ikkje fritt for at ein må vere litt obs kvar ein set foten. Spesielt i mørkna med hovudlykt er det uforsvarleg å peise av garde. DÅ ligg du der ganske fort.. og berrfrosten gjer det ganske vondt å lande. Eg kjenner det i ein arm etter i går kveld endå. Eg var difor litt meir forsiktig i kveld. Ingen grunn til å springe heller. Det var ein nydeleg kveld. Eg hadde god tid. Auga fekk ro. Sinnet fred. Mot horisonten. Som ein aktør i eit naturens underverk. På fantastiske Stavenesodden...

torsdag 30. oktober 2008

Brennande lidenskap

Når dag går mot natt på Høgeheia. MMS kl 17.47 Tusen stjerner på klår himmel. Eit panorama av brennande lys. Raud og oransje kveldshimmel i vest. Avbrote hav og begynnande himmel. Snart eig horisonten seg sjølv. Etter storm kjem stilla - etter regn kjem sol. "Det stig av hav eit alveland" Eg var ein del av ånderiket og alvelandet, åleine, i mørket... Mot Soleglad Det stig av Hav eit Alveland med Tind og Mo; det kviler klaart mot Himilrand i kveldblaa Ro. Eg saag det tidt som sveipt i Eim bak Havdis graa; det er ein Huld, ein heilag Heim, me ei kann naa. Ho søv, den fine Tinderad i Draume-Bann; men so ei Stund ved Soleglad ho kjem i Brand. Naar Dagen sig som Eld og Blod i Blaae-Myr, det logar upp med Glim og Glod og Æventyr. Det brenn i Brè og skjelv og skin med Gullan-Bragd, og Lufti glø'r i Glans av Vin, Sylv og Smaragd. Men av han døyr, den bleike Brand, som slokna Glod, og klaart som fyrr ligg Alveland i kveldblaa Ro. Eg lengta tidt paa trøytte Veg der ut til Fred; men Lande fyrst kann syne seg, naar Sol gjeng ne Arne Garborg

tirsdag 28. oktober 2008

Lys i husan

Siste dagslyset ute i havet i kveld frå Høgeheia. Dette er yttergrensa for kva mobilen klarar å feste på brikka...:-) Ein søraust kuling svei i kjakane på Høgeheia i kveld. Skikkeleg friskt var det. Eg hadde skifta ut goretexen med vindtett anorakk og den gamle Bergans bukse. Det var greitt. Eg heldt godt varmen utan "å kle meg i hel" med ull-longs og mellomlag under. Nokre minusgrader var det nok, for snøen var tørr og det låg is på vasspyttane mot toppen. Artig å måtte sette seg på hi sida av varden i forhold til alle dei andre gongene i det siste. Vinden kom nesten frå aust. Godvèr på gang. Stjerneklårt. Måtte det berre vare til helga... Sjølv om det var surt på toppen, sat eg nokre minuttar i le der av varden. Lenge sidan det hadde vore klårt. Det var litt spesielt å sjå kor mykje lys det egentleg var inne i Stongfjorden. For ikkje å snakke om i Florø og øyane utanfor. Fin utsikt til lys i Høyvika på Atløy, Eimind og Follevåg. Mytji lys og mytji varme... No er det ekstra godt å sitte framfor peisen og memorere ein nydeleg og kald kveld på fjellet. Stikkene står der for deg og... Det er berre å finne fram hovudlykta og gjere det same...

mandag 27. oktober 2008

Forsmak på vinter

Heilevangmassivet med Blægja t.h. Eitt av favorittmotiva mine. Knipsa med mobilen frå bilvindauget på Nordheia på veg heim frå jobb i dag. Eg var effektiv etter at eg kom heim frå jobb kl 17 i dag. Kveldstur på Høgeheia og skifte av dekk på to "fruebilar"...:-) Sein middag med andre ord... Dekkbyte er vel ikkje så spanande at det gjer noko. Men turen på Høgeheia kan eg dvele litt ved. Eg har tidlegare nemnt at eg gjerne har vore raus med refleksstikkene på Høgeheia. Det kan sjå slik ut til vanleg. Men eg har eit par kveldsturar på Skylefjellet i fjor vinter i bakhovudet. Whiteout! Rennefok, snø og null sikt. Eg skulle heim, men var på veg til Krækavatnet i staden... (for dei som ikkje er så bevandra i geografien i Askvoll var heim sør og Krækavatnet aust:-)) Ein liten forsmak på dårleg sikt fekk eg i kveld òg. Om ikkje nett det same som ovanfor. For etter som det vesle lyset som var då eg starta gjekk over i totalt mørke, kom òg skodda. I tillegg til mørket og skodda, gjekk regnet over i sludd og snø, etter som eg nærma meg toppen. Heldigvis var det ikkje vind å snakke om! Men du verden kor dårleg sikt det vart. Og heldigvis stod stikkene ganske tett... Perfekt om eg skal seie det. For trass i den elendige sikta, skimta eg neste refleks der framme. Slik gjekk det heilt fint ned igjen, frå stang til stang... (liten s:-)) Utan desse hadde det lett blitt problem i kveld. No føler eg meg ganske sikker på at refleksstengene skal fungere uansett vèr.. Det verste som skjer er når snøen frys fast på sjølve refleksen. Då kan alt bli kvitt i snø og fokk... I mørket kan dette bli ei utfordring. Kanskje litt silikon kan fikse den biffen?

søndag 26. oktober 2008

Om å gape for høgt

Overløpet ved Markavatnet (det var minst det doble i dag tidleg) Dei brukte eit uttrykk i Dale før som heitte "din gape", med trykk på a. Kjem det av å gape for høgt? Eg begynte nemleg og lure i mørkna ved demninga på Markavatnet i dag tidleg. Klokka var ikkje meir enn 6.15 etter ny tid. Eg gjekk med hovudlykt. Det regna og var ganske ufyseleg. Alle "normale" folk låg jo i senga og sov. Hadde nokon sett meg, hadde dei sprunge til skogs og trudd dei hadde møtt fanden på flat mark... Tanken var å nå oppom Eitrenipa, og deretter ta ferja til Dale kl 11.30. Hauglandssenteret med bading stod på programmet. Slik gjekk det altså ikkje. Første aninga kva veg dette bar, fekk eg omlag halvveges bort til vatnet. Det dura skikkeleg av elva nedom og bortom stien. Overløp, sa den lyden meg med det same. Bange anelsar. Dei slo verkeleg til då eg kom fram. For eg har aldri sett overløpet så stort. Det var 25-30 cm i frådande vassmassar utfor kanten av betongen. Ikkje sjanse om å komme over! Og nokon annan stad er det ikkje mogeleg å gå her. Då måtte eg heilt tilbake, ned vegen og over brua og opp på hi sida. Her er det dessutan nesten uframkomeleg. I mørkna var det fullstendig galskap og i heile tatt prøve på noko stunt. Det går ei grense for kva som er forsvarleg... Trøysta får vere at det er flotte vèrmeldingar over helga. Og neste helg kan bli svært fin.... I mellomtida får vi gå på litt refleksstenger...! Frå Hollevika i dag (fuktig mobil-linse..) Seinare.... Så vart det ikkje Haugland og bading likevel. I staden gjekk eg på Høgeheia først, og Olaug etterpå med Dag Tore, Anita og Vigdis. Då vart Peter og eg heime. Han fekk nytt spel på DS,en i går, så han er ikkje tilsnakkandes... Greitt nok dette for ei stund...:-) Det var tydeleg at det hadde vore enorme krefter i sving på fjellet. Det første som møtte meg, var eit ganske stort tre som låg over vegen på Underset. Eg brukte bra med tid på å få flytta det såpass at eg kom meg forbi med bilen. Og jammen bles det godt ute i Hollevika og på fjellet endå. Det var ei lita lette å sjå at refleksstengene stod. Faktisk alle! Utruleg. Mange rett nok på halv åtte, men dei var der. Det var litt verre med enkelte av vardane. Store steinar var flytta. Vanskeleg å skjøne korleis det hadde gått an med eit par av dei. Voldsomme krefter hadde vore i sving, spesielt i går kveld vil eg tru, då vinden slo over på vest. Eg hadde nesten venta bløyta i terrenget verre enn det var. Muleg det hadde regna meir lenger inne? Nedslagsfeltet til Markavatnet måtte iallefall ha fått sin del! Det var skodde på toppen, men den fòr igjen. Noko anna var det med temperaturen. Bikkjekaldt i vinden, og eg hadde ikkje byte med meg på denne relativt korte turen. Eg sprang difor kvikt ned igjen med naglespreng på nevane etter nokre mobilknips ...
Fra Høgeheia 261008

lørdag 25. oktober 2008

Live

Høgeheia no kl 9.37. Vinden e sterkt aukande. Full storm snart. Alvorlege byer e på gang. Får finne ned igjen. E no lyst heldigvis:) Skjermen på Pcen rauk i går kveld, så dette e direkte frå mobil!

fredag 24. oktober 2008

Heldig momentum

Høgeheia i kveld Eg køyrde på direkten til Hollevika etter arbeid og gjekk på Høgeheia før det vart mørkt i ettermiddag. Det heldt akkurat med lyset - og lykta låg igjen heime... Ingen problem oppover i det minkande lyset. Ein del vind var det, men småtteri i forhold til i går kveld. Det mest utrulege var likevel at eg kom meg både opp og ned utan ein einaste regndråpe på meg. Men då eg runda Staveneset i bil heim igjen, var det som om nokon hadde trekt ned gardina. Det vart heilt svart! Og alle himmelens sluser opna seg med regn, hagl, vind og torden! Griseflaks kallar eg det... Elles er det ikkje så mykje å skrive heim om. Heilt piano tur egentleg...

torsdag 23. oktober 2008

Vindfull sport

Frå Rørvika 11/10-08 Sørvesten dundra inn i Yndestadfjellet heime. Som eit vedvarande torevèr. Eg veit godt kva det betyr! Men eg hoppa i bilen og putta siste AC/DC cden i spelaren og skrudde opp lyden, spennte fast sikkerhetsselen og var klar for rock`n roll på Høgeheia. Og klar trengte eg å vere. "Tryste meg" som dei sa inne i Dale i gamle dagar. "Tryste meg for eit veir"! Det regna og bles så ein skulle tru hinmannen var laus. Men eg hadde bestemt meg. Ein kontorist treng litt action i kvardagen. Ekstremsport nesten... Og rus på naturlege endorfinar... Eg gjekk opp skaret i Hollevika i piskande regn, vel vitande om at det vart ti gonger verre oppe på fjellet, der sørvesten slær skikkeleg inn for fullt. Og det vart ekstremt. Til og med elva ned skaret gjekk over alle breidder. Likevel rekna eg det som forsvarleg, sjølv om eg måtte legge meg paddeflat ein gong. Ned på fire måtte eg mange gonger. Men sikta var rimeleg bra. Enkelte av refleksstengene stod på skakke i stormen, men alle var på plass. No har eg begynt å memorere bra kor dei står dei enkelte. Det er ein klar fordel. Eg kom meg i ly av varden i ei vanvittig hyling av vinden. Som hin dagen. Fekk retta opp og strama påkledning, hette og lys. Regnet piska ned på hi sida av varden. Her var det ikkje verande. Eg trekte pusten djupt og kraup meir eller mindre på alle fire, det fortaste eg vann, fram att i vinden, og søkte forbi det mest eksponerte området på toppen. Alt drevet frå sør traff meg som stikkande nåler i ansiktet, før eg kom meg delvis i skjul i søkket ned att mot vest. Utruleg kor dott ein får i øyra når hagl og regndråpar slær i hetta. Det er vanskeleg å verne seg mot. Refleksstengene fungerte perfekt. Eg trong berre å bruke halve lyset på hovudlykta. Og det gjekk ganske raskt vestover igjen med drevet frå venstre og delvis i fjeset. Det ligg ein ganske lang fjellkam omlag midtveges på ruta. Denne ligg vèrhardt til på høgste fjellet rett nord for Granesundet. Her får vinden frå sør og sørvest skikkeleg fart.:-) Denne delen er ganske tøff. Slik òg i kveld. Det var reell fare for å bli blåst regelrett overende i kasta. Ned i kneståande, og nevane jamnleg i bruk på stein og mose for å komme seg fram og over partiet. Men det gjekk greitt. Neste stang viste veg. Og eg var sjølvsagt aldri redd åleine i bekmørket. Då hadde eg heller slite sofaen heime...:-) Eg kom meg nedatt den lange bakken mot skaret. Sjølv om stien er vanskeleg å sjå i mørket, då den er lite gådd endå, og eg bomma fleire plassar, var det jo berre å peile seg inn på neste refleksstang. Supert! Litt einerkavar er ein jo van med. Og sjølve skaret ned mot Hollevika i nord, er berre ein leik på god sti trass i all væta. Turen i kveld var ei god utfordring. Det er berre å vende seg til at det bles friskt rundt øyra....:-) Her er meir berusande action på gang... 24/10 No sit visst Arild og lurer på om eg skrønar frå sofakroken, sjekk kommentar. Namnet er no kome i boka då. Men på oppfordring får han bilde frå i går kveld (23/10) likevel (men då lyt eg fjerne det frå kvelden før - det er no måte på rabiat type som skal vere klint ut over bloggen...:-) Eg tek alltid bilde, men kan ikkje publisere alt heller. Eg har dei på PCen m/dato hvis Arild eller nokon andre skulle lure...:-) Bilda ser likevel heilt like og heilt ville ut no - nett som vèret - for det går nesten ikkje an å beskrive - det må opplevast, og det går ikkje frå sofakroken...:-)

onsdag 22. oktober 2008

Mosjon i svarte natta

MMS-Høgeheia i kveld Det gjekk heilt problemfritt med hovudlykt på jomfruturen på Høgeheia i kveld. Vèrmeldingane var jo både det eine og det andre... Faktum er at det vart heilt topp. Stjerneklårt og berre ein frisk bris. Og nyelykta fungerte perfekt. Brukte stort sett berre halv styrke på lyset. Refleksstengene stod som perler på ei snor oppover. Eine gongen talde eg tre stenger, og mot toppen faktisk fire, i mørkna. Det var nesten slik at det vart i meste laget med skinande refleksar. Vart jo nesten blenda...:-) Eg lurte faktisk på om eg skulle nappe med meg nokre ned igjen - for å gjere det litt meir spennande. Men eg tok det i meg, for som sagt, det var heilt optimal sikt i kveld. Tenkje stengene kan vere gode å ha når rennefokket står som eit gòv over nakne fjellet... No sit eg med ei god kjensle over at det er godt å kunne gå til alle døgnets tider framover - uansett lys og sikt... Bilda blir det vel verre med... Dei kan fort bli klisjèaktige. Same glisande fjeset og same varden i blitzlys, er vel ikkje så veldig interessant...:-) Eg trur difor at det får halde ei stund med desse to bilda i kveld, så får eg heller ty til det rikhaldige arkivet med eitt og anna foto... Det er jo måte på kor navlebeskuande ein skal bli. Dessutan - å telje rynker er ganske deprimerande...:-)

tirsdag 21. oktober 2008

Lysande stjerne

Arkiv: Oversiktsbilde av Stavenesodden med Høgeheia t.v. teke frå Størdalsstauren MMS - blått i blått på Høgeheia i kveld Det var ei surrete oppleving i blodbanken i dag tidleg. For det første hadde straumen vore vekke, så data-anlegget var ute av funksjon. Der nest var blodtappemaskina, som eg brukar å gje blod på, på service. Og sidan greidde dei å stikke meg feil, slik at det var så vidt det sildra og rann. Og eg berre fekk gitt ein halv pose frå høgre-armen... Så ville dei att på alt sende meg heim igjen. Då måtte eg nesten instruere dei om å bli tappa frå andre armen! Damene der inne var visst ikkje heilt nedpå i dag... for det kunne ikkje ha noko med meg å gjere går eg ut i frå? Tykte eg kjende det gjekk litt tyngre på Høgeheia i ettermiddag. Eller var det kanskje innbilning? Men eg brukar å tappe meir raude blodceller på maskina enn i dag. Eg har naturleg (litt for) høge blodverdiar, 17.6 i dag... Nesten bloddopa. Eg seier det er høgdetreninga som gjer det...:-) Eg har eit par enkle og lette hovudlykter heime. Har spesielt vore godt nøgd med ei Petzl Tikka. På denne sit det 3 stk AAA batteri i sjølve lykthovudet. Det er 3 forskjellige stiller på lysstyrken og blink. Lykta har aldri svikta meg. Spesielt har eg vore nøgd med at den alltid har fungert i sipande regnvèr over lengre tid. Absolutt eit greitt kjøp. Etter å ha lest ein test på hovudlykter fann eg likevel ut at eg ville ha meg ei ny. Eg kunne bruke den eg hadde som ei god backup lykt. Og etter at eg har fått den nye Led Lenser hovudlykta i hende, må eg seie at eg er veldig imponert... Eg testa den litt ute rundt huset i kveld og maken til god og sterk lysstyrke har eg ikkje sett før. Kjempekjøp til rundt 5oo kr! Tippar den lyser opp refleksane på Høgeheia som reine fullmånen. Dette skal bli moro å prøve in natura! Sidan Olaug skulle ha klubb i kveld, måtte eg komme meg heim før det vart mørkt. Det heldt akkurat - og så kom regnet.. Det bles godt oppe i ettermiddag òg, men på langt nær som i går. Uflaksen i dag tidleg jamna seg visst ut til slutt...:-)

mandag 20. oktober 2008

Stormfull moro

MMS - Utrulege lyskombinasjonar i ettermiddag MMS - Vill i blikket bak varden...:-) Det var vilt... Det var tøft... Det var ekstremt... på Høgeheia i ettermiddag! Eg måtte ned på alle fire både på den eksponerte ryggen nedom toppen som vender mot sør, og på sjølve toppen. Etter å ha kara meg i skjul bak varden, var det ei ufatteleg hyling av vinden både gjennom og i sjølve varden. Faktisk vondt for trommehinnene, trass i hue og hette.... Dette minnte meg sterkt om eit par turar på Skylefjellet i vinter, då eg måtte til med same øvingane. Berre at då var det mørkt i tillegg! Som om ikkje vinden var nok, fekk eg på meg den kombinerte hagl- og regnbyga omlag midtveges. Det var nesten ikkje til å tru for eit gòv som fòr over landskapen. Heldigvis fekk eg mesteparten på høgre sida av kroppen og ikkje i ansiktet. Ikkje rart at det nesten ikkje veks nokon ting her oppe. Det er heilt ufatteleg kor vinden tek oppe i fjellet ute ved havet! Sjølv om det faktisk var litt moro òg, elles hadde eg ikkje lagt ut på slike stunt, så var eg glad eg kom meg litt meir i skjul på nordvestsida av fjellet mot Hollevika etterkvart. Eg hadde teke med meg nokre refleksar som eg festa i enkelte tre ved stien nedanfor refleksstengene. Det skal bli litt lettare å gå med hovudlykta framover no, spesielt hvis det kjem snø. Jomfruturen skal eg ta i løpet av veka... Ja, ja, dette var ein forsmak på kva som ventar ein i vinter. Ikkje noko kjære mor akkurat! Det er berre å stålsette seg for tøffe opplevingar åleine i vintermørket... Litt gal er det lov å vere:-)

søndag 19. oktober 2008

Lanterner til havs

Mobilbilder frå Høgeheia i dag Då natt lei mot dag var eg på plass i Hollevika i dag tidleg. Eg hadde teke med meg refleks-stengene og ryddesaksa. Vèret var skiftande. Eg fekk plassert ut stengene undervegs frå midtpartiet og opp, slik at det var sikt frå stikke til stikke. I tillegg varda eg ein heil del i same området. Frå same partiet og ned rydda eg ein del einer og litt gran-greiner i det små feltet. No gjenstår det berre og få på plass nokre refleksbrikker i nederste delen. Er vel ikkje nødvendig med så mange, då stien er veldig god her. Har tru på at dette blir ei topp trimløype med hovudlykt til vinteren. Eg har forresten investert i ny lykt, så det her skal bli spanande. Det som blir største utfordringa, er sjølvsagt at Stavenesodden ligg klin i havgapet. Med Alden og Stavfjorden rett utanfor! Og så vèrhardt som det er her om vinteren, kan det bli litt av ei utfordring å ta seg opp og ned i svarte natta... Har jo nokre turar på Skylefjellet i friskt minne! Det er ikkje mindre vèr her ute for å seie det på den måten...! Er vel ikkje så rart at folket ved havet blir noko kròkne i ryggen med åra...:-) Vel, vi får sjå det an... Kan jo ikkje sette livet på spel heller... Heldigvis er her god mobildekning, sjølv om det mildt sagt ville vere flaut å måtte spørje om hjelp! Å få rykte på seg som ei pingle, ville vere det verste som skjedde her i livet kan du skjøne...:-) Elles er her mykje fugl på trekk i området ved Staveneset no. Svermar med gråtrast, raudvengjetrast og måltrast. Til og med to ganske store flokkar med ringduer tok seg ein rast. Havørna var òg på plass. Den er stasjonær. I dag var ho mobba av nokre ramnar. Staveneset er òg innflygingssone for kvitkinngås frå Svalbard. Dei tek siste proviant-fyllinga i Bulandet/Værlandet før overfarten til Storbritannia... Fleire er ringmerka, slik at det går an å fylgje dei... Staveneset er spanande på mange måtar!

lørdag 18. oktober 2008

Våt-våtare-våtast...

Den store steinen på toppen er god å skjule seg bak... Det fløymde vatn - bratt utfor - over alt... Ein augneblink var fjellet skoddefritt. Skaret opp t.h. Eg bestemte meg i går kveld for å gå på Eitrenipa i dag. Men eg ombestemte meg i senga klokka 7.30 i dag tidleg. Det hadde hølja ned heile natta. Og blese. Og det gjorde det til gagns endå. Eg drog gardinene tilsides og keik ut... Fytti katta! Skodda låg langt ned i Skålefjellet, og fjorden såg blygrå ut i det sprutande regnvèret. Elvane på hi sida av fjorden gjekk drivande kvite av vatn! Eg krølla meg i hop igjen under den varme dyna. Andre fritidssysler sveiv i hovudet. Eitt og hitt... Men tankane på fjell sleppte ikkje taket. Er ein først biten, så er ein biten. Alternativet til Eitrenipa var sjølvsagt Høgeheia. Å gjere ferdig merkinga. Men det var så altfor lite... Søren òg! Eg låg og drog meg for å vente på dagsnytt og vèrmeldinga kl 8. Det var ikkje stort til nytt. Meldaren gav heller ikkje noko von om betre vèr enn det han gjorde i går kveld. Lokalt store nedbørsmengder, og med aukande vind til stiv og tildels sterk kuling. Nei, eg går ikkje seier eg til Olaug... Men 5 minutt seiare fauk eg or senga og seier eg går! Som lyn frå klår himmel! Med ei lettare lamslått frue liggjande att i senga... Eg hadde gjort alt klart i går kveld. Pakka ekstra klede i plast i den små ryggsekken. Mat tek eg ikkje med meg på slike turar lenger -når eg går åleine:-) Ein solid porsjon havregryn med banan til frukost held fint 4-5 timar. Ei ekstra banan er likevel godt å ha med... Så det tok ikkje lange tida før eg var på veg ut dørene. Fiska fram ein Clutch-cd og gav gass til Markavatnet! Eg gjekk opp same vegen som sist. På nordsida av elva, og ikkje over brua. Det var blautt. Det var grådig blautt! Det var vatn overalt. Og myrar. Skorna ville ikkje tole dette i timesvis, tenkte eg. Men det gjekk likevel heilt fint oppover. Det er fleire plassar det skulle vore rydda einer og klipt bjørk oppover. Det ligg òg nokre ròtebjørker som har falle ned over stien eit stykke oppe ved elva. Ganske ugjennomtrengelege. No er jo mesteparten av lauva falle av trea, så det gjer det jo litt betre. Men det er greitt å rydde før det grønkast igjen. Eg stod på toppen ved den vakre fossen frå nedløpet av Leknesvatna etter ein god halvtime. Turen herifrå på Eitrenipa er praktfull, som beskrive før... Foss i foss, lagunar, slipte svaberg - alt i fleire avsatsar austover. Med panoramautsikt til havs... Diverre var det ikkje dette som opptok meg spesielt i dag. For her oppe tok synnavinden mykje meir enn nede i lia. Regnet piska meg i ansiktet, og skodda låg tjukk oppe i Eitrenipa. Og terrenget var eksponert for vèret heile resten av turen. Kanskje var det litt betre opp sjølve skaret frå nord? Å snu var ikkje noko alternativ... Kleda fungerte fint. Arcteryx jakka og buksa heldt regnet ute. Men når det blir så tøffe forhold som i dag, når alle luker må teitast, slær det seg alltid etter kvart. Ja, for å nå Eitrenipa må ein jo sveitte litt, og det blir det jo væte av òg... I den blaute og bratte bakken opp mot skaret, kjende eg suget av underlaget i føtene. Terrenget krevde sin mann... Og eg måtte slakke på tempoet. Men synnavèret tok mindre her, sjølv om det framleis plaskregna. Etter som Eitrenipa er synbar heile vegen frå utløpet av Leknesvatna i vest, hadde eg sett at skodda kom og gjekk i dei voldsomme vindråsene på toppen... Det var positivt! Eg svinga nord og opp i sjølve skaret mot toppen. Snøen var vekke. Nakne og våte berget låg bratt og ugjestmildt oppover. Men dette området var litt i ly for verste vèret - første delen. For oppe mot toppen, frå omlag der det er rett utfor vestover mot Krokavatnet, slo det til for fullt igjen. Og verre enn nokon gong. I tillegg var det på hovudet inn i tjukke skodda... Nye elvar ned fjellsida overalt... Jøsses for eit uvèr! Redd var eg aldri, berre endå meir målbevisst. Ein tur for minneboka - som førre helg... I det eksponerte området i slutten av skaret, sette eg opp nokre nye vardar, trass i vèret. Fekk tankane inn på damefølgjet frå Askvoll som sikkert ville ta turen til våren...:-) Eg bikka siste bakken opp på sjølve toppen, og fekk vèret endå meir i kroppen. Det var heilt texas! Det ylte rundt øyra. Regnet plaska og fauk etter hamrane. Skodda dreiv i rekordfart nordover. Og elvane stod som eit gòv opp igjen frå fjellet i verste kasta. Fantastisk! Utruleg! Kor mektig å få vere vitne til dette. Det står ein svær stein rett nedom varden på toppen. Den var jammen kjærkommen i dag. Faktisk beste skjulet heile vegen opp frå vatna. Eg heldt meg i steinane og nesten kraup opp til varden, og fiska med meg boksen ned bak stor-steinen. Fytti rakkaren... Heldigvis var kleda som låg i plast i sekken framleis tørre. Eg vrengde av meg den tynne Devold-trøya eg hadde under, og fekk på meg den kombinerte trøye- og Brynje-fleecen. Og ei tørr og vindsikker Outdoor Research hue og hanskar! Herleg... Stimuli... Eg måtte berre ta fram kompaktapparatet òg, som låg i plast i lag med mobilen. Bere eller briste. Eg fekk knipsa eit par bilder godt i skjul under steinen. Var ikkje snakk om å gjere noko meir ut av det - var jo ingen ting å sjå likevel... Å feste uvèr på eit bilde er ikkje så lett har eg erfart...! Noko meir anledning til det mest nødvendige var det sjølvsagt ikkje på toppen. Turen var berre halvveges... Boksen på plass i varden igjen. Trygt sikra med ei svær steinhelle, og så beit eg det i meg, tok sats og heiv meg ut i uvèret igjen same vegen eg kom... Midtveis nede i skaret under skoddeheimen, var det som om "guden" på Eitrenipa vart litt lunare til sinns. Han roa seg visst etter erobringa mi, tenkte eg. Det vart faktisk såpass at eg fiska fram apparatet igjen og tok eit par nye bilder. Men det viste seg å vere heilt vekkasta, for det var berre dogg på linsa... Og alt var vått. Det var ikkje snakk om å begynne å tørke noko som helst med våte nevar. Kunne nokon sende meg eit tørt handkle, tenkte eg opprømt likevel! Væta på høgrefoten kjende eg ved vatna igjen. Det var ikkje anna å vente. Eg gjekk ikkje med gummistøvlar heller. Det skal noko til at fjellsko tåler timesvis i vatn. Det er i allefall mi erfaring. Eg hadde gode ullsokkar på meg, så det gjorde ikkje så mykje å bli våt. Var jo mange plussgrader. Venstrefoten vart òg våt nesten nede igjen, om enn ikkje så mykje som høgrefoten. Ved demningen på Markavatnet gjekk vatnet no over overløpet. På veg opp låg det rett nedom kanten. Eg var våt på føtene frå før, så eg vassa berre over steinfyllingane. Det var utruleg kor det hadde regna desse timane. Vatnet fløymde ned over Markahengenipa og frå Kvamsnipa. Nye elvar overalt. Siste delen av DNT-stien rundt vatnet, var ein einaste pøl med blaut jord og mold. Men eg var nede igjen, og vrengde av meg alt av klede og la det i bagasjerommet. Underbuksa forsvann på golvet ved passasjersetet. På med varmen i setet... Eg vart vel ikkje stoppa før eg var heime, tenkte eg, og smilte for meg sjølv ...:-)

fredag 17. oktober 2008

Nyfiken ungdom

Mobilbilder frå Høgeheia i kveld På oppfordring frå Arild G. legg eg inn eit par bilder av Alden i bakgrunnen i kveld òg. Arild har residens og utegangarsauer på Heggøya rett nordaust for Alden. Han kjenner betre enn dei fleste lyset ved havet! Det var nemleg kjempeflott lys frå Høgeheia (Staveneset) igjen. Same tendensen til lysshow som hin kvelden. Men spesielt lys er det nesten kvar kveld. No hadde eg berre med mobilen. Og det blir ikkje heilt det same som med kompaktkameraet. I kveld hadde eg besøk det meste av vegen oppover. Ei ungdommeleg havørn følgde meg tett (var ikkje kvit på velet som eldre fuglar er). Ho var faktisk ikkje meir enn 8-10 meter over meg fleire gonger. Den sveva nyfiken etter meg lenge, skakkande på hovudet der oppe. Skulle nesten tru ho var oppfostra i fangenskap så lite redd ho var. Fantastisk artig! Som eit apropos kan eg nemne at havørn er spesielt utsette for kollisjonar med vindturbinar. Norge har eit spesielt forvaltaransvar for havørn i Europa... I kamp mot mørket fekk eg tid til å sette opp nokre nye vardar. Det manglar berre litt på midtpartiet no. Blir litt jobb med denne delen då det er lite stein her. (Nokre stikker er sikkert like greitt...:-)) Men det er berre snakk om eit par-tre hundre meter i ganske bratt terreng med mose/gras/einer og litt myr... Blir steikje fint å gå her. Men du verden - her er vèrhardt! Skal bli artig og tøft i vinter...:-)

torsdag 16. oktober 2008

For godt for ofte

Frå turen på Eitrenipa 5/10 Det er sjølvsagt alltid ein fare for at bilder blir ein klisjè når dei blir gjentekne mange nok gonger. Det er jo grenser for kor ofte ein kan gjengje Alden til dømes. Vel er fjellet flott, men det er som med ein melodi med Nordstoga, som går minst 1o gonger på radioen om dagen, du blir dørgande lei til slutt. Ein pest og ei plage, sjølv om utgangspunktet er godt! Eg held vel på å gå i same fella òg. For det blir stort sett Høgeheia eg brukar som trimpost om dagen. Som Skylefjellet i fjor... Er ikkje så mykje val, då lyset minkar. Men eg kjem meg opp og ned før det blir mørkt etter arbeid endå. Og då lyt middagen vente... Men det varer vel ikkje lenge no. Då blir det ikkje så mykje å vise fram likevel. For i mørket er alle kattar grå... Ja, aldri så gale at det ikkje er godt for noko...:-) Så de kan ta det med ro - de skal ikkje bli heilt ned dynga med Alden bilder... Skal gjere meg ferdig her ute i mørketida...:-) Vel, eg var opp igjen på Høgeheia i ettermiddag òg. I kaldt regn, men lite vind. Eg fekk sett opp nokre nye vardar, men lyset minka fort. Det vart difor ikkje tid til så mykje varding som eg ville. Får hugse på hovudlykta framover så eg ikkje mørknar ute. Det er elles sørgjelege vèrmeldingar til helga. Men kanskje litt lettare søndag. Eg har tenkt meg ein tur på Eitrenipa. I kveld er snøen trekt godt ned i Skålefjellet... Så den turen kan jo bli ei aldri så lita utfordring i ròtevèret - igjen...

tirsdag 14. oktober 2008

Kort og heftig

Naturens eige lysshow på Høgeheia i kveld Sola stakk såvidt gjennom skydekket ute i havet då eg returnerte til Hollevika frå Høgeheia i kveld. Solnedgang nord for Alden i oktober! Eit fargesprakande crescendo av lys! Som kunne ta pusten frå kven som helst! Det var ikkje mange minuttane det stod på. Før skyene igjen slukte den livgjevande sola... Men eg var der! Akkurat då... Det var som ho ynskte meg god kveld og takk for ein fin dag, der eg kom vandrande fjellet i einsemd vestover. I halvmørkna. Det var ein magisk augneblink. Eit fingerknips av tid. Likevel stod tida stille - litt...
Fra Høgeheia 141008

mandag 13. oktober 2008

Perfekt kveldstrim

MMS frå Høgeheia i kveld Jepp, då har eg funne ei optimal linje på Høgeheia frå Hollevika. Flott rute! Stien er jo skikkeleg bra opp skaret frå før. Men noko rydding må til øverst. Det same litt lenger oppe og inne på fjellet. Eg har allereie varda ein del for å halde trassèen. No skal eg ta ein tur frå Underset å sjekke forholda derifrå. Så får eg sjå kva eg vel som "standardrute"... Men uansett vil min elsk ligge i Hollevika. Å gå det spesielle kveldslyset frå havet i møte heim igjen, er så utruleg flott. Var det ikkje nokon som brukte uttrykket "å bli varm om hjarterota" ein gong? Eg trur eg gjer det til mitt eige når eg tenkjer på dette fantastiske fjellområdet... Eg gler meg til mange flotte turar på Høgeheia den komande fjelltrimsesongen. For finare kveldstrim får du ikkje...

søndag 12. oktober 2008

Mellom måltida

MMS frå Høgeheia og Hollevika i dag Vi har hatt besøk i helga av Kirsten, søster til Olaug, og Arnt frå Åsane. Frukosten i dag tok difor lang tid. Spesielt hvis eg reknar i hop at eg åt frukost to gonger. For Peter og eg var oppe tidleg, og då gjekk jo sjølvsagt havregryn med banan ned på høgkant.:-) Til frukost nr.2 kom dessutan Håvard, Miriam og Tora òg... Så då vart vi ein heilt gjeng og liv i heimen. Olaug sytte for det lekraste frukostbord. Ho er flink med slikt... Men ein kunne jo ikkje sitte der heilt til middag heller. Så medan dei andre gjekk tur etter vegen til Stongfjorden og båthamna, køyrde eg i Hollevika og gjekk på Høgeheia. Det var jo ei fornuftig utvikling av dagen...:-) I dag var det full klaff med vegvalet i Hollevika. Eg fann ein perfekt trassè til venstre oppe i skaret og opp på fjellet. Der eg var tenkt å gå sist med Olaug, men prøvde ein "kjappis", som resulterte i fjellklatring i staden. Denne ruta har nok heilt sikkert eldre folk nytta tidlegare for å komme opp hamrane og innover fjellet. For første delen gjekk an å sjå hadde vore nytta av sauer eller folk før. Det er svært vèrhardt på Høgeheia. Med Staveneset og opne havet rett i vest, og Stavfjorden rett mot nord, seier det seg sjølv at vinden tek enormt oppe på fjellet. Som ein sjølvfylgje av dette, har kraftbransjen difor sett sine auge på området for mogeleg vindkraftproduksjon (eg skal late dette mogelege mareritet ligge no. Då kjem nemleg sinne og illmotet fram). Det var ikkje så hakkande gale med vinden i dag, sjølv om det røska godt i kroppen til sine tider. Og heldigvis var det opplett medan eg var oppe. Etter å ha vore på toppen og snudd nedatt, høyrde eg nokon rope ved varden. Der såg eg to personar, den eine med stavar. Men det var umogeleg å sjå kven det var. Eg var for langt unna. Eg vinka difor berre til helsing og heldt fram mot Hollevika igjen. Etter at eg var komen heim att, såg eg eit ubesvart anrop på mobilen. Det var nabo Kjell som hadde ringt. Eg ringde han. Då viste det seg at det var han og Magni som hadde stått på toppen. Dei hadde tenkt å slå lag med meg ut att i Hollevika og sitte på med meg til Underset der bilen deira sto. Men det var jo sjølvsagt litt i seinaste laget då eg sto i underbuksa i kjellaren....:-) Rett skal vere rett. Eg bomma litt på nedgangen av fjellet til Hollevika igjen. Det er i grunn berre ein plass det går an å komme seg ned på skapleg måte her. Elles må du ta ned fjellsida mykje lenger oppe. Eg gjekk difor opp igjen eit stykke der eg kom i frå, og fekk plassert nokre vardar ned mot skaret. Skal bli lettare å treffe ovanfrå neste gong no. Det var ein kjekk tur. Ikkje minst det å finne den flotte stien inn fjellet, fekk godkjensla fram. Dette alternativet kjem iallefall eg til å nytte meg meir av.:-) Sjølv om dette kanskje er litt lenger enn frå Underset, tykkjer eg det er svært fint og gjevande å gå mot havet. Eg får det spesielle og fine lyset i vest med meg heim igjen... Og så er det jo vakkert i Hollevika og Staveneset òg då... Området har sin heilt spesielle sjarm og plass hjå meg.

lørdag 11. oktober 2008

Ei lita utfordring

Bilder frå turen til Blegja frå Rørvika i dag tidleg Eg hadde bestemt meg for å få ned fjelltrimboka frå Blegja i dag. Har som tidlegare nemnt ganske frivillig teke på meg oppdraget... Etter å ha følgt meldingane siste dagane, kunne det bli eit lite vèrvindauge i dag tidleg. Men det såg aldeles mørkt ut i går kveld med kraftig vind og eit ausande regnvèr. Det er utruleg kor mange og store elvane blir etter ein dag regn ved kysten. Det ausa ned Heilevangstaurane på veg heim frå jobb i går... Ikkje det at eg tenkje på det til vanleg, men ein veit no aldri kva ein kan få i hovudet der inne i slikt vèr... Eg vakna for andre gong kl 6.28... Eg lydde om eg høyrde regnet, men merka berre suset frå elvane på hi sida av fjorden. Så eg stod opp og gløtta ut mellom gardinene. Eg ante konturane av Skålefjellet og Størdalsstauren og vart litt optimistisk til sinns. Eg tok turen ut på trappa og kunne faktisk sjå litt lysning oppe i alt det svarte. Då var det ikkje tvil. Det var berre å komme seg i sving å utnytte vindauget... Eg såg ikkje så nøye på klokka, men var vel på plass i Rørvika før kl 8. Medan det var opplett heime, regna det her inne... Det var ikkje lyst endå. Men det var såpass lyst at eg greitt såg stien (eg hadde med meg hovudlykta). Det var ingen andre bilar her. Då var det sikkert ikkje hjortejegarar ute i bushen heller. Heldigvis. Eg var kledd i komplett svart Arcteryx goretex...:-) Det vart fort varmt. Som venta. Janus ullongs under, var sjølvsagt i meste laget nede i bakkane. Så i tillegg til ulltrøye under, vart eg fort sveitt. Det er god lufting under armane på jakka og i sidene på buksa - det gjer seg veldig godt. Blir ikkje så klam under då Men under Rørviknipa vart forholda totalt annleis. Her i frå og opp var det jammen godt med stillongs under. For det bles. Og det er berre førbokstaven. Det var ufyseleg. Skodda låg tjukk som...ja, du veit - graut...:-) Og regnet stakk som nåler i fjeset, rett frå sør gjennom traversen. Og det var berre såvidt lys... Opps... Kva hadde eg gitt meg ut på? Men tanken på å snu streifa meg berre 5 sekund - ok - 10 då..! Eg kom meg i ly bak ein stein og fann fram den nye vindtette hua og hanskar. Det var berre å tette igjen alt frå topp til tå...! Etter ei skikkeleg vindkule, der eg berre måtte trive tak i næraste stein, var det omlag som engelen Gabriel skulle vise seg frå himmelen. Frå nærast bekmørke, vart nemleg alt lyst! Eg vart berre ståande og måpe. Skodda fordufta heilt, og eg såg blå himmel der oppe! Utruleg rar oppleving... Det var likevel berre snakk om to-tre minutt før alt var berre eit einaste inferno igjen. Skodda kom svart og fæl som ein vegg ned Nipevatnet. Men denne opplevinga gav meg iallefall såpass vatn på mølla at eg berre la til ny peising oppover. Det var kanskje eit teikn frå gudane....:-) Kva veit eg? Største problemet opp gjennom all steinen og urane var kanskje ikkje skodda. No var eg rett nok litt ute av kurs nokre minuttar, men det retta eg fort opp. Og i dag var verkeleg alle vardane som eg har vore med på å sett opp gode å ha! Nei, største utfordringa var dei glatte steinane. Ikkje nok med det - vinden var så sterk at det var vanskeleg å fote seg av den grunn òg. Dobbel utfording kan eg seie... Så det var all grunn til å ta det heilt piano. Stavane sette eg i frå meg på den faste plassen i første ura ved Nipevatnet. Dei er berre i veien opp gjennom urane. I dag var det eit must, for eg var ned på alle fire like mykje som på to oppover. Sleipt, bratt og nesten ikkje sikt. I tillegg var det blautt under grusen i ura mot toppen etter flodbølgja. Det gjorde det ekstra møysommeleg. Eg trakka gjennom gruslaget og sklei attende heile tida. Eg tenkte på det der oppe under toppen, då eg tok meg ein støyt saft, om eg hadde hatt liknande utfordringar her oppe før... Svaret trur eg gav seg sjølv...! Det låg nokre nye snøflekkar av året heilt ved toppen. Nokre oppe på sjølve platået òg. Eg hadde teke med meg broddane for alle tilfellers skuld. Men det var heilt nødvendig. Det hadde regna heilt til topps. Snøen som låg førre helg var heilt vekke. Eg tok opp siste slukta i ura og stakk nasa over kanten på topplatået. Tjukke skodde, yr og hylande vindar. Eg trekte meg litt tilbake og fann snøbrillene. Dei er utruleg gode å ha i slikt vèr. Godt at utstyret eg hadde var iorden. Eg labba bort platået til varden og kom meg i skjul av denne på nordsida. Bytte ei sveitt trøye med Brynje trøya og ullgensar frå sekken. Skifta så ut bøkene og pakka den nye inn i plast og plasserte boksen godt inn i varden. La så stein framfor. So far so good...! Men turen var berre halvveges! Ein ting var sikkert. Her var det berre å ta det heilt piano nedatt urane. Var det glatt opp, var det endå verre ned igjen... Og som sagt, vinden var ekstrem.. og kom i ubereknelege kast! Men det gjekk forsåvidt greitt ned til Nipevatnet. Ein del på alle fire inn i mellom, to kutt i venstre leggen og eitt i underarmen, ikkje verre ein må rekne med under slike forhold... Som på veg opp, kom vinden som gjennom ei trakt frå sør under Rørviknipa. Enorm kastevind. Å bli blåst overende i dette glatte steinlandskapet var ikkje ufarleg. Det gjekk på halv åtte til eg svinga ned mot vest i partiet over hytta. Då kom det seg litt med vinden. Men då begynte det sjølvsagt å regne endå meir... Det var berre å komme seg til fjords igjen... Siste delen av turen frå hytta og ned gjekk likevel heilt greitt. Det var rett nok glatt her òg, men ikkje same vinden. Sjølv om det frista å gje på litt tok eg meg i akt. Haustfargane ned lia mot Rørvika var utruleg flotte. Mest i gult og raudt. Blåbæra var veldig lette å plukke då lauva var vekke, men diverre var det berre vass-smak igjen av dei. Det stod endå massevis av blåbær frå hytta og nedover. Tja - det vart litt av ein tur. Absolutt ein tur til å minnast. Det er løye det - turane ein gjerne hugsar best er ikkje nødvendigvis solskinnsturane, men dei som har vore ruskete og utfordrande. Det er jo slikt som gjer livet interessant å leve elles òg... Det er jo kjedeleg når alt går på skinner...:-)
Fra Blegja 111008

onsdag 8. oktober 2008

Liv i heimen

Bilder frå turen på Eitrenipa forrige søndag Det vart litt andre bollar i ettermiddag enn stille vandringar i fjellheimen. Eldste dotter mi, Margunn, kom på overnattingsbesøk med barnebarna mine Hanna(5) og Sander(2). Veldig kjekt. Det blir altfor sjeldan høve til slikt. Og det gjev alltid litt grunn til ettertanke når ein ser kor store barnebarna er blitt. Sjølv om det ikkje nett er kvar veke eg ser dei, er det alltid kjekt at dei vil hoppe i armane på besten. Eg har visst gitt omgrepet tid ein viss spalteplass i det siste. Eg skal ikkje repetere meg sjølv for mykje. Men tid er noko eg har begynt å tenkje på meir og meir etter som åra går. Det dukka opp igjen i stad då ungane kom. Medan eg leika med Hanna på golvet seier ho brått og utan forvarsel: "besten du e helt grå i håre"... Eg lo berre godt av ho, og seier at det er no betre at håret er grått enn at det ikkje er der. Eg måtte fortelje dette til Margunn etterpå. Då seier ho at Hanna har fått det for seg at dei med grått hår snart skal dø... Eg trur nesten eg lyt ta barnebarnet mitt på fanget i morgon og fortelje ho at besten kanskje aldri har vore i betre form, og at det er lenge til han har tenkt å stryke med...:-) Ja, det er på ungane, og no barnebarna, eg ser at tida går. Eg hugsar jammen godt sjølv at eg tykte far min var gammal då han var 36 år! Ikkje rart at Hanna tykkjer eg er gammal...:-) Vel, vel slik er det. Tida går og ingen kan gjere noko med det. Ein får berre setje pris på kvardagen og sjå lyst på framtida - både for si eiga tilmålte tid og for etterkomarane.

tirsdag 7. oktober 2008

Nytt forsøk

Motiv frå Hollevika i går Olaug vart med på Høgeheia etter middag i dag. Eg ville prøve meg igjen frå Hollevika. Vi traff på Dag Tore på Underset då han kom ned igjen. Han hadde funne ein mykje betre sti i dag enn hin dagen. I dag gjorde eg sjølvsagt ikkje same feilen som i går. Men trur du ikkje Olaug prøvde seg på det...:-) Det vart likevel litt fjellklatring då eg prøvde å ta ein snarvei oppe i hamrane. No gjenstår det eitt alternativ til å sjå på for å finne snaraste vegen opp. Ein ting er likevel sikkert - her treng vardast og ryddast. Sjølv om det er klart at det er kortast veg frå Stongfjord-sida og opp, er eg veldig gira på alternativet frå Hollevika. Både for å få litt variasjon i kosten, og fordi det er veldig fint heilt ute ved havet. Eg får jo turen rundt Staveneset òg ved å gå frå Hollevika:-) Aberet er sjølvsagt at det er lenger å køyre. Det skal òg bli litt interessant og samanlikne snøforholda på desse plassane i vinter. Det vil seie, dei dagane det måtte ligge snø då! Det gjenstår likevel å sjå kor mykje eg vil leggje i fjelltrimmen denne sesongen... Er liksom ikkje heilt gira på det førebels... Eg er framleis ikkje vekke frå tanken om å merke med refleks på Toreheia i vinter for å kunne gå heimanfrå. Eg kan jo leggje ut mi eiga skrytebok som eg gjorde hitt året...:-) Det vart jo mange signaturar i den òg etterkvart...:-)