tirsdag 7. oktober 2008
Nytt forsøk
Motiv frå Hollevika i går
Olaug vart med på Høgeheia etter middag i dag. Eg ville prøve meg igjen frå Hollevika. Vi traff på Dag Tore på Underset då han kom ned igjen. Han hadde funne ein mykje betre sti i dag enn hin dagen.
I dag gjorde eg sjølvsagt ikkje same feilen som i går. Men trur du ikkje Olaug prøvde seg på det...:-) Det vart likevel litt fjellklatring då eg prøvde å ta ein snarvei oppe i hamrane. No gjenstår det eitt alternativ til å sjå på for å finne snaraste vegen opp. Ein ting er likevel sikkert - her treng vardast og ryddast.
Sjølv om det er klart at det er kortast veg frå Stongfjord-sida og opp, er eg veldig gira på alternativet frå Hollevika. Både for å få litt variasjon i kosten, og fordi det er veldig fint heilt ute ved havet. Eg får jo turen rundt Staveneset òg ved å gå frå Hollevika:-) Aberet er sjølvsagt at det er lenger å køyre. Det skal òg bli litt interessant og samanlikne snøforholda på desse plassane i vinter. Det vil seie, dei dagane det måtte ligge snø då!
Det gjenstår likevel å sjå kor mykje eg vil leggje i fjelltrimmen denne sesongen... Er liksom ikkje heilt gira på det førebels... Eg er framleis ikkje vekke frå tanken om å merke med refleks på Toreheia i vinter for å kunne gå heimanfrå. Eg kan jo leggje ut mi eiga skrytebok som eg gjorde hitt året...:-) Det vart jo mange signaturar i den òg etterkvart...:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar