fredag 24. oktober 2008
Heldig momentum
Høgeheia i kveld
Eg køyrde på direkten til Hollevika etter arbeid og gjekk på Høgeheia før det vart mørkt i ettermiddag. Det heldt akkurat med lyset - og lykta låg igjen heime...
Ingen problem oppover i det minkande lyset. Ein del vind var det, men småtteri i forhold til i går kveld. Det mest utrulege var likevel at eg kom meg både opp og ned utan ein einaste regndråpe på meg. Men då eg runda Staveneset i bil heim igjen, var det som om nokon hadde trekt ned gardina. Det vart heilt svart! Og alle himmelens sluser opna seg med regn, hagl, vind og torden! Griseflaks kallar eg det...
Elles er det ikkje så mykje å skrive heim om. Heilt piano tur egentleg...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar