torsdag 23. oktober 2008
Vindfull sport
Frå Rørvika 11/10-08
Sørvesten dundra inn i Yndestadfjellet heime. Som eit vedvarande torevèr. Eg veit godt kva det betyr! Men eg hoppa i bilen og putta siste AC/DC cden i spelaren og skrudde opp lyden, spennte fast sikkerhetsselen og var klar for rock`n roll på Høgeheia. Og klar trengte eg å vere. "Tryste meg" som dei sa inne i Dale i gamle dagar. "Tryste meg for eit veir"! Det regna og bles så ein skulle tru hinmannen var laus. Men eg hadde bestemt meg. Ein kontorist treng litt action i kvardagen. Ekstremsport nesten... Og rus på naturlege endorfinar...
Eg gjekk opp skaret i Hollevika i piskande regn, vel vitande om at det vart ti gonger verre oppe på fjellet, der sørvesten slær skikkeleg inn for fullt. Og det vart ekstremt. Til og med elva ned skaret gjekk over alle breidder. Likevel rekna eg det som forsvarleg, sjølv om eg måtte legge meg paddeflat ein gong. Ned på fire måtte eg mange gonger. Men sikta var rimeleg bra. Enkelte av refleksstengene stod på skakke i stormen, men alle var på plass. No har eg begynt å memorere bra kor dei står dei enkelte. Det er ein klar fordel.
Eg kom meg i ly av varden i ei vanvittig hyling av vinden. Som hin dagen. Fekk retta opp og strama påkledning, hette og lys. Regnet piska ned på hi sida av varden. Her var det ikkje verande. Eg trekte pusten djupt og kraup meir eller mindre på alle fire, det fortaste eg vann, fram att i vinden, og søkte forbi det mest eksponerte området på toppen. Alt drevet frå sør traff meg som stikkande nåler i ansiktet, før eg kom meg delvis i skjul i søkket ned att mot vest. Utruleg kor dott ein får i øyra når hagl og regndråpar slær i hetta. Det er vanskeleg å verne seg mot. Refleksstengene fungerte perfekt. Eg trong berre å bruke halve lyset på hovudlykta. Og det gjekk ganske raskt vestover igjen med drevet frå venstre og delvis i fjeset.
Det ligg ein ganske lang fjellkam omlag midtveges på ruta. Denne ligg vèrhardt til på høgste fjellet rett nord for Granesundet. Her får vinden frå sør og sørvest skikkeleg fart.:-) Denne delen er ganske tøff. Slik òg i kveld. Det var reell fare for å bli blåst regelrett overende i kasta. Ned i kneståande, og nevane jamnleg i bruk på stein og mose for å komme seg fram og over partiet. Men det gjekk greitt. Neste stang viste veg. Og eg var sjølvsagt aldri redd åleine i bekmørket. Då hadde eg heller slite sofaen heime...:-)
Eg kom meg nedatt den lange bakken mot skaret. Sjølv om stien er vanskeleg å sjå i mørket, då den er lite gådd endå, og eg bomma fleire plassar, var det jo berre å peile seg inn på neste refleksstang. Supert! Litt einerkavar er ein jo van med. Og sjølve skaret ned mot Hollevika i nord, er berre ein leik på god sti trass i all væta.
Turen i kveld var ei god utfordring. Det er berre å vende seg til at det bles friskt rundt øyra....:-) Her er meir berusande action på gang...
24/10
No sit visst Arild og lurer på om eg skrønar frå sofakroken, sjekk kommentar. Namnet er no kome i boka då. Men på oppfordring får han bilde frå i går kveld (23/10) likevel (men då lyt eg fjerne det frå kvelden før - det er no måte på rabiat type som skal vere klint ut over bloggen...:-) Eg tek alltid bilde, men kan ikkje publisere alt heller. Eg har dei på PCen m/dato hvis Arild eller nokon andre skulle lure...:-) Bilda ser likevel heilt like og heilt ville ut no - nett som vèret - for det går nesten ikkje an å beskrive - det må opplevast, og det går ikkje frå sofakroken...:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Kjem det ikkje bilder så tek eg det for ei god skrøne fra sofakroken.
Legg inn en kommentar