mandag 27. oktober 2008
Forsmak på vinter
Heilevangmassivet med Blægja t.h. Eitt av favorittmotiva mine. Knipsa med mobilen frå bilvindauget på Nordheia på veg heim frå jobb i dag.
Eg var effektiv etter at eg kom heim frå jobb kl 17 i dag. Kveldstur på Høgeheia og skifte av dekk på to "fruebilar"...:-) Sein middag med andre ord... Dekkbyte er vel ikkje så spanande at det gjer noko. Men turen på Høgeheia kan eg dvele litt ved.
Eg har tidlegare nemnt at eg gjerne har vore raus med refleksstikkene på Høgeheia. Det kan sjå slik ut til vanleg. Men eg har eit par kveldsturar på Skylefjellet i fjor vinter i bakhovudet. Whiteout! Rennefok, snø og null sikt. Eg skulle heim, men var på veg til Krækavatnet i staden... (for dei som ikkje er så bevandra i geografien i Askvoll var heim sør og Krækavatnet aust:-))
Ein liten forsmak på dårleg sikt fekk eg i kveld òg. Om ikkje nett det same som ovanfor. For etter som det vesle lyset som var då eg starta gjekk over i totalt mørke, kom òg skodda. I tillegg til mørket og skodda, gjekk regnet over i sludd og snø, etter som eg nærma meg toppen. Heldigvis var det ikkje vind å snakke om! Men du verden kor dårleg sikt det vart. Og heldigvis stod stikkene ganske tett... Perfekt om eg skal seie det. For trass i den elendige sikta, skimta eg neste refleks der framme. Slik gjekk det heilt fint ned igjen, frå stang til stang... (liten s:-)) Utan desse hadde det lett blitt problem i kveld.
No føler eg meg ganske sikker på at refleksstengene skal fungere uansett vèr.. Det verste som skjer er når snøen frys fast på sjølve refleksen. Då kan alt bli kvitt i snø og fokk... I mørket kan dette bli ei utfordring. Kanskje litt silikon kan fikse den biffen?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar