torsdag 16. oktober 2008
For godt for ofte
Frå turen på Eitrenipa 5/10
Det er sjølvsagt alltid ein fare for at bilder blir ein klisjè når dei blir gjentekne mange nok gonger. Det er jo grenser for kor ofte ein kan gjengje Alden til dømes. Vel er fjellet flott, men det er som med ein melodi med Nordstoga, som går minst 1o gonger på radioen om dagen, du blir dørgande lei til slutt. Ein pest og ei plage, sjølv om utgangspunktet er godt!
Eg held vel på å gå i same fella òg. For det blir stort sett Høgeheia eg brukar som trimpost om dagen. Som Skylefjellet i fjor... Er ikkje så mykje val, då lyset minkar. Men eg kjem meg opp og ned før det blir mørkt etter arbeid endå. Og då lyt middagen vente... Men det varer vel ikkje lenge no. Då blir det ikkje så mykje å vise fram likevel. For i mørket er alle kattar grå... Ja, aldri så gale at det ikkje er godt for noko...:-) Så de kan ta det med ro - de skal ikkje bli heilt ned dynga med Alden bilder... Skal gjere meg ferdig her ute i mørketida...:-)
Vel, eg var opp igjen på Høgeheia i ettermiddag òg. I kaldt regn, men lite vind. Eg fekk sett opp nokre nye vardar, men lyset minka fort. Det vart difor ikkje tid til så mykje varding som eg ville. Får hugse på hovudlykta framover så eg ikkje mørknar ute.
Det er elles sørgjelege vèrmeldingar til helga. Men kanskje litt lettare søndag. Eg har tenkt meg ein tur på Eitrenipa. I kveld er snøen trekt godt ned i Skålefjellet... Så den turen kan jo bli ei aldri så lita utfordring i ròtevèret - igjen...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Berre ta bildder av Alden du så kan andre og få sjå det flotte lyset som er der ute i havet.
Legg inn en kommentar