tirsdag 30. september 2008

Ei krokut gamal grå

"Jag har bott vid en landsväg i hela mitt liv, och sett människor komma och gå" eller "Å, jeg har sju somrer og femten vintrer i kroppen på meg..." MMS på veg til Kvamsnipa i ettermiddag Som levande granitt står ho der. På kanten av stupet. Åleine. I den ytterste utkant av det fysisk mogelege. Den krokute, gamle og grå dama. Ei dame som har trassa alt og alle. Eit stabeist. Ei fyrtønne. Du vise, så full av livserfaring. Du vakraste av dei alle. I sitt draumepalass med den flottaste panoramautsikt har ho gjestebod når du måtte ynskje. Eg er glad i denne dama. Ho betyr mykje for meg. Det er kjekt å setje seg ned ved ho. Ta på ho. Lytte til stilla. Vi treng ikkje seie noko. Vi forstår kvarandre utan å seie noko. Stilla vi har ilag verkar roleg på oss. Ho kjem seg ingen stad, medan eg kan springe alle blånar. Likevel er vi like. Snakkar same språk. Eg sa farvel til denne vakre av dei vakraste damer i stad. Farvel - for ei stund. Ikkje for alltid. Det var hardt, men vi forstår kvarandre...
Fra Kvamsnipa 300908

søndag 28. september 2008

På oppløpssida

MMS frå Fristadfjellet, Eikenes og Kvamsnipa i dag. Eg manglar eit par turar på Fristadfjellet og Kvamsnipa for å få fullført det opplegget eg har til neste helg. Eg var difor ned til Askvoll og stakk oppom trimposten her i dag tidleg som i går. Heldigvis hadde eg teke på meg Arcteryx jakka for turen oppover var prega av alt salgs vèr på ein gong. Frå gløtt av sol og regnboge på toppen til høljregn og vind på veg nedatt. Som vanleg sprang eg for det mest unnabakkane, men tok meg likevel tid til nokre mobilknips. Det var flott lys med rike kontrastfargar i dag. Sidan Marie skulle heim ein tur frå Dale, hadde eg tima det slik at eg kunne hente henne på Eikenes etter at eg hadde vore denne turen. Etter at vi var komne opp igjen i Stongfjorden, køyrde eg nesten på direkten til Skjerlia og tok med meg Kvamsnipa òg. Fruen var på damebading i fjorden. Dei held på å akklimatisere seg til vinteren:-) Peter var på gutebesøk. Eg tok sjansen på å gå opp med berre ei trøye og utan jakka. Det heldt - nesten - for eg fekk litt regn på meg då eg nesten var komen ned att. Turen gjekk radig og greitt. Rein rutine egentleg, sjølv om det var litt sleipt og vått oppe i bakkane etter alt regnet i natt. Så då gjenstår det berre ein tur til på desse to toppane før denne sesongen av fjelltrimmen er over. Truleg blir det ein tur på Skålefjellet òg... Eg har vel fått meir ut av det enn eg tenkte på førehand. Det er vel tvilsamt om motivasjonen held til same racet komande sesong som denne. Spesielt med tanke på at eg må køyre som ein galning på kryss og tvers i kommunen for å nå toppane òg. Neste år må eg i bil for å gå på alle - shit... Det var greiare denne sesongen fordi eg kunne gå heime i frå på Skylefjellet og Skålefjellet. Mindre styr då. Men turar blir det alltid - om det er bok eller ikkje på toppane...!
Fra Fristadfjellet_Eikenes_Kvamsnipa 270908

lørdag 27. september 2008

Vemodig farvel

Det bles så eg knapt kunne halde mobilen der bak varden. Høgknolten med skaret opp på sørsida på veg austover. Tilbake i Rivedal denne laurdagsmorgonen Eg kjende det innvendig der eg trakka innover i dag tidleg. Eit kvart farvel tek ein bit av hjarta med seg. Du visste det. Eg visste det. Siste gongen. Eit farvel over tid som er gått. Som vi har brukt i lag. Vi to. I tjukt og tynt. Tid som aldri kjem att. Det var vemodig. Melankolsk. Du gjorde deg ugjestmild. Som om du ville eg skulle heldt meg heime. Du ville ikkje seie adjø. Men eg hadde bestemt meg. Kledd meg i min beste bunad. Tre lag oppe og nede. Det gjorde vondt. DU vart vill. Og endå villare. Men eg ville. Til eg tilslutt måtte krype for dine føter - mot toppen ilag. Det vart tøft for oss - for oss to. Eg skjønte det heile vegen. Først ville du ikkje ha meg. Du var ikkje klar for eit farvel. Du ville ha meg. Heile tida. Til seinare. Når eg ville gå ville ikkje du. Du viska ut vegen for meg vidare. La eit tjukt slør for mine auger. Gjorde meg usikker... Kvar var heim? Kvar skulle eg no gå? Lat meg tenkje. Stoppe opp og tenkje. Skjerpe tankane. Ikkje så fort min venn, sa ei stemme inne i meg. Ikkje handle overila. Villskap og slør for mine auge. Treng tid for å klårne. Eit steg om gongen. Eit lite mål i gongen. Det gjorde godt. Det vart bedre. Og vegen vidare låg open i gamle kjende fàr. Fàr skapt av erfaring. Av å ha levd - levd ilag med deg min venn. No var tida vi hadde over. Du vart igjen. Eg reiste. Til nye mål bak nye blånar... Sesongen på Driveknolten begynte vel 4/11 i fjor, og vart følgt opp med ein enorm tur vesle nyårsafta. Det har vorte mange minneverdige turar til der vi står i dag... At eg var oppom Fristadfjellet etterpå er egentleg berre ein parantes...

fredag 26. september 2008

Taktikk ved middagsbordet

Tidleg morgon på Driveknolten 14/9 Eg heldt klokeleg igjen mine ynskje for ettermiddagen i dag. Let fruen få ta utspelet. Når ho spør om eg har planar, veit eg at ho har tenkt på noko. Så sjølv om eg svarde nei, hadde eg sjølvsagt tenkt på noko, men tagde om det... Den naturlege oppfølgaren min i neste andedrag var jo om ho hadde tenkt seg noko...? Kvamsnipa kanskje? Riktig! Spikaren på hovudet! Innertiar! Då var jo saken biff. Då kunne ho stime avgarde, og eg og Firda kvile middag i fred og ro. Lade opp til i morgon tidleg med ein lang lys dag i emning... For då var det jo min tur! Det svarar seg å vere litt taktisk når lyset minkar - ikkje minst når fruen blir i godlune òg... No føler eg meg som ein slu rev..:-) p.s. eg mislikar klisjèen "ein vinn, vinn situasjon"... alt skal liksom vere det i dag...

torsdag 25. september 2008

Lyset ebbar

MMS - Kontrastar frå den oransje Hundeheia til grøne bøar på Straumsnes Det vart ein aldri så liten kamp med klokka i ettermiddag. For å spare 10-15 minutt hadde eg pakka med meg sko og litt klede i bilen før eg reiste på jobb i dag tidleg, slik at eg slapp heimom, og dermed kunne køyre frå Førde til Rivedal på direkten. Driveknolten stod for tur for nest siste gong. Dette høyrest sikkert litt brutalt ut, men huset var tomt for folk likevel. Olaug var på shopping med Peter. Eg hadde for det første lyset å "slost" mot. Men minst like viktig var det at fruen skulle på øving med hornmusikken. Slike avtalar i heimen er eit must - dei kan eg ikkje komme for seint til... Eg skal late vere å utdjupe kva som kan skje då... No viste det seg at eg likevel hadde ein halvtime til overs i det eg kom heim. Men det skuldast først og fremst at eg aldri har brukt så kort tid inn og ut på Driveknolten som i kveld. Eg sprang Heileberget både inn og ut... Eg var levande redd for å komme for seint heim...:-) Noko tid til å nyte utsikta og omgjevnadane var det difor ikkje i kveld. Eg kjenner dette bra frå før då. Sjølv om både lys, skuggar og fargar endrar seg heile tida. No minkar det på tida for Driveknolten som fjelltrimpost i denne omgang (den kjem igjen om 5 år iflg. rulleringa). Etter det endelege målet eg sette meg denne sesongen, skal eg ha ein tur til før 5.oktober... Sjølv om eg må ta fram hovudlykta, er eg oppsett på at det skal gå i boks... Det var ekstra herleg å springe ned igjen siste delen frå Hundeheia til bilen i kveld. Eg var nesten litt øsen over kor godt turen gjorde, og kor mykje krefter eg hadde igjen. Supert!

onsdag 24. september 2008

Eigne gjerder

Illustrasjonsfoto frå Botnastølsvatnet og Brekka i Oslandsbotnen. Apropos stykket om asylmottak... I Jølster pakkar dei framandfrykt og kunnskapsløyse om asylanter inn i mangel på administrasjon... Ja, ja - lenge leve småkrafta, heimebøen og eigne gjerder - DET har ein administrasjon til, men å hjelpe folk i naud.... DEL 2 Så er "skuta" mi komen på land. Ikkje grunnstøtt då, men i vinteropplag. Det ser absolutt ut til at ho treng ein omgang med høgtrykk. Ho var fælt grodd til under. Av naturlege årsaker vart det mindre fokus på det våte element i år enn i fjor. Det kan vere greitt å sleppe og tenkje på "skuta" mi stormfulle og mørke haustkveldar framover. Eg har nemleg ein plan...:-) Må ha fullt fokus på vinterbestigningar...:-)

tirsdag 23. september 2008

Vakre kveldstimar

Driveknolten i himmelsjå midt i bildet i ettermiddag - MMS Mot kjende fjell i aust. Markavatnet t.v. MMS Var ein rask tur oppom Kvamsnipa på veg heim frå jobb i ettermiddag. Utruleg fint. Det var solskin på toppen, men på heile nordsida, der eg brukar å gå opp, er sola no vekke. Men lyset på toppane og fjella ikring var magisk! (Knipsa nokre mms-bilder) Det seig på litt havskodde på Skålefjellet og Ytrevågefjellet medan eg sat oppe på toppen. Men no ser det ut til å bli ein nydeleg dag i morgon òg. Skulle så gjerne hatt litt fri... Eg har eit par feriedagar igjen. Tenkjer først og fremst på å ta turen frå Blegja til Eitrenipa før snøen kjem. Eitrenipa er ny 30 poengar på fjelltrimmen komande sesong...
Fra Kvamsnipa 230908

mandag 22. september 2008

Gylne tider

Med zoom og kompaktkamera: Nipebu (midt i bildet) og Fossedalshengenipa i solnedgang i kveld Utsikt nordover mot Portafjellet og Stordalsfjellet f.v Smørskornova, Skålefjellet, Røyrbotnholten, Vardenova(bak t.h.) og Stølsfjellet Solnedgang over Dokka og Bakkefjellet Eg hadde store problem med å komme meg over elva, der eg plar, nedom demningen på kraftverket i Rivedal i kveld. Det var mykje overløp på demma og elva var svær. Eg prøvde meg fleire plassar oppover, men var faktisk litt skeptisk på å falle ut i dei frådande massane. For steinane var glatte. Men etter å ha måtte kravla på og mellom steinane ved breidda eit stykke oppover, fann eg endeleg ein plass der elva delte seg i tre og eg kom meg med naud og neppe over. Eg kunne visst ha gått heile vegen opp og brukt brua i staden... Stuntet brukte eg ganske lang tid på... Men dette var berre halve historia. For når eg kom ned igjen eit par timar seinare, etter å ha vore på Driveknolten, var elva vekke. Ja, du las rett. Då var overløpet borte, og det var berre att den vanlege sitla nedover dalen. Ikkje rart "elva" er død! Det var ei løya oppleving. Det vart ein fantastisk tur i kveld. I solnedgang og utan vind. Det var faktisk heilt stilt på toppen. Landskapen var spektakulær i fargane. Med lange skuggar. Og spesielt rett før sola gjekk ned, var det som om alt var heilt gullforgylt. Eg veit knapt om eg har opplevd maken. Bilda fortel vel sitt òg. Dei er ikkje miksa og triksa med heller (dei siste er tekne med solnedgang innstilling på kameraet). Kor utruleg vakkert var det ikkje i kveld. Eit eventyr! Ein annan ting som var greitt å bite seg merke i etter denne kvelden, var kor fort mørket kom. Det var ikkje lenge etter at sola gjekk ned, før det var nesten stummande mørkt. Og eg var eit godt stykke oppe på fjellet framleis. Godt då å vere i form til å springe ned igjen... Dette kan vere greitt å ha i bakhovudet. Det er lite kjekt å mørkne ute. Spesielt når fotomotiva er så vakre i fjellet som no, er det lett å gløyme klokka les: lyset...:-) Det er ein magisk haust vi har. Og den ser berre ut til å halde fram... Dei finnst ikkje finare tid i fjellet enn no! Det er no fjellet byr opp til fest og vil ha deg som gjest...
Fra Driveknolten 220908

søndag 21. september 2008

Roleg søndag

I dag tidleg - mms frå Fristadfjellet. Det heldt med Fristadfjellet i dag. Sinnet er litt metta. I tillegg står diverse besøk og ein fotballkamp på programmet. Det gjekk raskt opp og ned på nemnde fjell i dag tidleg. Men for første gang på lenge fekk eg hald opp gjennom. Trur ein solid dose med havregryn, banan og eple, var litt i tyngste laget for kroppen og den litt for raske starten. Eg burde visst betre. Til vanleg er eg veldig svolten til frukost. I helgane blir det gjerne til at eg ligg litt lenger i senga enn til dagleg. (Om kvardagane er eg oppe klokka 06.) Iallefall no når det lysnar seinare og seinare. Men då hyler magen etter frukost i 7-8 tida. Å ligge i senga og kjenne at eg er svolten, er ikkje noko særleg godt. Så då er det berre å komme seg opp. Meterologane spådde regn i går kveld såg eg. Ut på dagen. Eg la difor ikkje andre planar enn å bli ferdig med runda på Fristadfjellet... og kanskje Skålefjellet etterpå. Men det vart som nemnt berre med det første. Greitt nok det. Kan vel trygt seie at eg har fått min porsjon med fjell i det siste, så då så... Men formen må haldast ved like, sjølv om motivasjonen for postane på årets fjelltrim er på hell... Då får eg bruke resten av søndagen til ein god middag, fotball og barn- og barnebarn. Sistnemnde har eg absolutt dårleg samvit for.. Eg har grunn til å vere stolt bestefar for fem fine barnebarn. Her er ein mms av tvillingane Lene og Vilde i kveld. Eit lite unntak for bilder av meir privat art som eg til vanleg ikkje publiserer.

lørdag 20. september 2008

Haustfargar og nye fall

MMS - Haustleg på Driveknolten i dag tidleg Det vart vel på langt nær det fine haustvèret i dag som forventa. I løpet av natta var det komme ein god del nedbør som gjorde det ganske blautt innover Heileberget til Driveknolten. Og sola uteblei òg. Med noko skodde på nordsida og ein sur trekk i tillegg, vart det haustleg ja... Men du verden for nokre fargar det er oppe på fjellet no. Vegetasjonen er heilt oransje. Naturen har gjort seg klar for den kvite årstida. Og eg fekk meg ein fin trimtur på morgonen.. MMS - Kvamsnipa i ettermiddag Det vart ein tur til gitt. Med fruen. På Kvamsnipa. Så fekk ho fullført sitt opplegg, medan eg er nesten i mål med ei ny runde (det går snart i surr no..:-)) Det klårna nemleg bra opp på ettermiddagen og sola stakk faktisk fram òg. Eg hadde teke på meg joggeskoa eg sleit ut i sommar. Nesten ikkje mønster igjen. Det resulterte i at eg formeleg sto på skøyter ned igjen frå toppen i kveld... No går det litt over stokk og stein til vanleg òg. Men denne turen vart likevel noko for seg sjølv i så måte. 4-5 bra tryningar. Resultat: eit forslått kne og eit par blodige fingrar. Ja, ja, det går føre seg får eg seie. Men det er ikkje verre enn at eg fint kjem meg av garde i morgon òg. Då får eg heller finne meg eit par fjellsko med mønster...:-) Eg trur likevel sjokket var verre for fruen når ho såg kor eg for åt. Eg måtte trøyste ho med at eg har ei viss erfaring med å gå på tryne....:-) Det er nemleg berre å reise seg igjen...:-)
Fra Driveknolten_Kvamsnipa 200908 (MMS)

fredag 19. september 2008

Det var den tida ja...

Frå Staveneset 7/9 Eg har tidlegare nemnt at hausten liksom kjem snikande inn på oss. Før vi brått oppdagar mørket både morgon og kveld. Veit no ikkje heilt kor rett denne kjensla er. Men i dag kan eg vel trygt seie det motsette - at det vart haust brått og brutalt i ordets rette forstand. 10 grader, silregn og skodde i fjorden møtte meg då eg kom heim frå arbeid. Småmørkt i 19-tida. Tanken på god bjørkeved i peisen, stearinlys på bordet og god-teppet mitt svirra meir i hovudet enn fjelltur. Er eg kanskje litt mett? For etter å ha jobba til 17 i går, og difor ikkje heime att før 18, og med fruen på første haust-øving i hornmusikken i Askvoll kl 20, gjekk kvelden med innandørs... Som mandagen. Haust i luften ja. Eit liv innanfor veggene igjen. "Ro ræv heime", som faderen seie... Har vel ikkje heilt vore min stil siste månadane. Men slik er det. Er nok like greitt å innstille seg på nokre månader meir i ro. Då kan eg jo skrive litt når eg finn motivasjonen. I tur og orden har eg dessutan fått siste nummer av "National Geographic", "Fjell og Vidde" og "Vår Fuglefauna" denne veka... kunne ikkje passa betre...! No har eg ikkje tenkt å gå i hi hvis nokon trudde det. Sjølv om dei nye toppane i fjelltrimmen gjeldande frå første helga i oktober vart ein skuffelse (lite tilgjengelege frå Stongfjorden medfører mykje køyring og vekkasta tid), så prøver eg å planlegge litt framover. Supplering av vinterutstyr må til. Har bestilt meg ny Mountain Hardwear Downhill Parka og nye vottar frå USA - viktig for sårbare pc-fingrar...:-) (Eg skulle ofte ynskt at eg hadde dei hardføre nevane til fiskarane i Bulandet..:-)) Ein vott av det førre paret bles jo på Førdefjorden i halvmørket i vinter.. Som ein rakett bortetter skaren på Skylefjllet. Frå øverste hylle fann eg desse og bestilte dei rett på nettet. Enkelt, kjapt og greitt! Og det var veldig viktig med "idiot-strikk" slik at dei ikkje bles vekk på fjellet igjen.. Nettet er til god hjelp for å lese om erfaringar ikring produkt ein lurer på, og som du ser ligg her fleire.... Eg er jo sjølvsagt av den oppfatning at ein i størst mogeleg grad må støtte lokale forretningar. Men av og til er det ikkje bønn om noko anna enn å nytte nettet for å få tak i akkurat det ein vil ha. Eg innrømmer gjerne at eg er litt kresen når det gjeld friluftsutstyr. Som med så mykje anna får ein det ein betalar for. Kvalitet kostar. Men det er ofte nokre kroner å hente ved å handle frå utlandet. Kjappare er det òg. Det kan ein jo like eller ei. Men å springe rundt i ein masse sportsforretningar for å få tak i det ein vil ha, tek tid. Og det er jo noko ein aldri får nok av. Spesielt for oss som pendlar nesten to timar for dagen òg... I morgon ser veiret betre ut enn i dag. Då får vi avstad å halde formen vedlike. Kvar turen går får vi sjå. Det hamnar sikkert på nettet det òg...:-)

onsdag 17. september 2008

Mot nye spor

Titt, titt Skålefjellet - no kjem eg og tek deg... Skodde og yr på veg frå sør mot Svarthamrane i kveld Etter ein solid porsjon drivande kvit torsk frå Bulandet og havregrynsuppe med rosiner "atte på", var det ikkje fritt for at Firda og sofaen lokka... Men ein snau time etterpå stakk eg like godt opp att på Skålefjellet i dag òg... Crazy! No minkar det på lyset om kvelden. Og snart er det vel ikkje dagslys til å nå opp og ned. Tida for trimposten på Skålefjellet er snart forbi òg. Posten blir teken ned første helga i oktober. Vi får ta ein siste innspurt medan anledningen framleis byr seg..:-) Eg fekk på meg både skodde og yr nesten ved toppen i kveld. Det vart vått det meste. Så eg sprang like godt heile vegen ned igjen og kom meg i dusjen... Då var trimmen unnagjort i kveld òg...

tirsdag 16. september 2008

Så lett så lett

MMS - Fine haustfargar på Skålefjellet i kveld Apropos til dei som las epistelen min om hjort og jakt hin dagen, så må eg nesten nemne ein episode frå i dag tidleg. For eg måtte småhumre litt med meg sjølv før klokka var 07 av følgjande. På Osland hoppa ei kolla og ein kalv over vegen framfor bilen min. Frå der dei ofte brukar å komme. 100 meter lenger framme står ein hjortejegar i vegkanten, støttande på bilen sin med kikkert og saumfær lia oppe. Men trur du ikkje at 100 meter vidare fram hoppar det ein hjort TIL over vegen rett framfor bilen min.... Morsomt! Egentleg urkomisk... Etter kva eg forstår er det vel ikkje lov å skyte frå bil... Men noko særleg UT av bilen er det visst ikkje nødvendig å jakte... No ser det visst ikkje ut til at jegeren på denne jaktturen hadde bevega seg så langt frå bøgarden heller...:-) Det gjekk aldeles så lett på Skålefjellet i kveld. Eg har brukt og tatt mandagane "fri" i det siste. Veit ikkje heilt om det er grunnen til at det går så mykje lettare dagen etter. Eg trur so. For turen opp i dag var nesten som ein leik å rekne. Tanken på å springe opp bakkane mot toppen slo meg. (Her er det ganske bratt altså...) Men det vart med tanken...:-) Fint på toppen i kveld òg, sjølv om sola forsvann før eg kom opp. Stilt. Mørkeblått skylag ute i havet og nydelege haustfargar på vegetasjonen. Men jammen kjem mørket fort no... Eg må nok ein gong få skryte av Lowa Jannu skoa eg kjøpte. Det var første turen, jubileumstur sågar, på Skålefjellet med dei i dag. Då eg småsprang heile vegen ned igjen frå toppen til bana, måtte eg spørje meg sjølv om eg hadde hatt betre sko på føtene til dette bruket... Uttrykket "best olympic games ever..." begynte brått å surre i skallen min...:-) Skoa er suverene! Dei er lette, nesten like lette som joggesko. Er passeleg stive (Vibram-såle). Og kjempebra retningsstabile. "Pustar" godt utan å bli klam på føtene, vasstette, og sist men ikkje minst - dei sit som støpt på underlaget. Eg sprang over visna gras og lyng, mold og stokk og stein i brattaste bakkane ned igjen. Det var nesten ikkje eit glepp på underlaget! Kanon... Med dette tilrådd! Eg skulle kjøpt meg eit ekstra par medan skoa er på marknaden...

søndag 14. september 2008

Den store samanhengen

Motiv frå Driveknolten i dag tidleg Eg stod opp tidleg i dag og køyrde til Rivedal for å rekke oppom, ja, du tippa rett, Driveknolten for XXX gong før miniputt-tuneringa starta. Då fekk eg fullført runda eg begynte på i går! Eg hadde i grunn fått løyve til å gå på Blegja igjen. Og var tenkt å gå ut at Blåegga til Eitrenipa, men i dag hadde eg ikkje samvit til det. Eg har sluppe billeg unna eit par turneringar no, og dette var jo siste. Det går vel ei grense for egosentriske eremitt-turar for meg òg... Det vart jo ein perfekt dag. Stilt og sol då eg starta frå Rivedal kl 08. Men etter 7 plussgrader heime, valde eg ei halvtjukk Devold trøye og joggebukse. Det var nok lurt, for eit skylag dekke etterkvart sola innover og heimatt. Då var det ikkje mange varmegradene i lufta! I dag tok eg for første gong i bruk Lowa Jannu skoa. Eg bestilte dei rett nok frå USA her mest på grunn av låg dollarkurs, men og fargen. Skoa var knallgode! Lette, og sat som støpt på underlaget. Det var ein ganske stor overgang å gå frå dei mjuke sålane på joggeskoa til den harde Vibram sålen. Eg kjende det difor mykje meir i leggen i dag enn i går... Men det er no ein overgang. Det var fantastisk å gå ein ny dag imøte innover i den tidlege morgonsola. Blodet brusa i årane. Det gjekk av seg sjølv. Opp skaret som ingenting! FOR nokre flotte dagar vi har hatt i sommar og i haust. Det er nesten ikkje til å tru. Eg har ein haug med bilder frå herlege turar i år, som det skal bli kjekt å putle litt med, og ta fram på flatskjermen til vinteren. Blir jo litt anna feeling med det enn på desse små pc-skjermane. Nesten som i gamle dagar når faderen viste slides på laken på veggen i stova. Når vi sløkte lyset då var det høgtid - "familiepakken"...:-) Det blå skinet som er over fjella om morgonen er veldig vakkert. Om ikkje det nett er så romantisk som det varme lyset om kvelden i solnedgangen, så er det kjøleg og friskt. Ein ny dag. Sol og opimisme. Blanke ark og fargestiftar til..... Eg tok meg ein tur bort på den andre toppen litt sør om med utsikt over Dale. Bygda låg stille og spegla seg i fjorden denne tidlege søndagsmorgonen. Vakkert! Eg gjekk bort att på hin toppen etter på, og heldt fram med ein videosnutt. Tilfeldig? For på veg utatt, rett nedom toppen, kvapp eg godt då ei mannsstemme ropte på meg. Det var Gunnar A. som var tidleg på an som vanleg. Apropos Rørvika og Gunnar A. så veit dei fleste som kjenner oss at denne staden har prega oss for livet....ilag... Vi slo av ein god prat der oppe vi to denne flotte morgonen... Han ville vidare innover Fløien etterkvart, medan eg heller måtte skunde meg litt for å nå turneringa. Så eg småsprang ut igjen over Heileberget. Tida hadde visst gått frå meg litt. Men enkelte ting er viktigare enn andre her i livet. Miniputt-turneringar eller ei... Det vart ein god morgontur!
Fra Driveknolten 140908

lørdag 13. september 2008

I rykk og napp

Opp ned versjon av brua i Prestegardsmarka MMS frå under Kvamsnipa i dag tidleg (som ein kan sjå er det stor vassføring i elva frå Leknesvatna til Markavatnet. Dette er ikkje på grunn av regn, nei! Men skuldast at Bjønnastivatnet (usynleg) som ligg ovanfor Leknesvatna er regulert, og at ein slepp vatnet herifrå ned i Leknesvatna, der det renn vidare ned i Markavatnet som vi ser er regulert) Leknesvatna er "uregulerte"... Uskjønleg? Diverre opplever eg stadig problem med bloggen min på www.blogger.com. Både til å få opna sida, og få legge inn bilder og tekst. Som tidlegare nemnt er det best om morgonen og nesten kul blitt om kvelden. Tele 2 har innrømma problem med denne web-sida, men kva som skjer og om det skjer noko, er verre å få svar på. Eg har gitt dei eit ultimatum om å få fiksa det snarast eller så skiftar eg til Telenor. (Sjølv om eg er blåøygd, ser eg vel at desse trusslane neppe betyr så mykje!) Det kan difor bli litt "hulter og bulter" med oppdateringane til dette blir fiksa. Men ikkje noko verre enn at i dag blir i går, og i morgon i dag.... Eller noko slikt... Ganske forvirrande likevel... Eg var iallefall inn på Driveknolten etter jobb... i går blir det. Ein flott kveldstur i låg kveldssol. Lange flott skuggar og nydelege haustfargar. Klår luft. Turen gjekk heilt fint, men det bles bra austavind inne på toppen. Det vart fort kaldt i shortsen og den tynne ulltrøya. Oppe i fjellet er det ikkje mykje "tak" i sola lenger, så haustkleda må nok fram etterkvart. Det er allereie begynt å bli litt mas med å nå inn på Heileberget i dagslys. Eg jobbar jo til kl 4 og er heime litt før kl 5. Så er det køyringa til Rivedal, og nå inn på fjellet og ned igjen før det blir mørkt. Det går endå. Men noko særleg tid til middag, eller nokre minutt på sofaen etterpå, er det ikkje. Hovudlykta har eg vel ikkje tenkt på å ta med endå. Er liksom ikkje heilt tida. Det er jo Indian Summer.... Eg tilbydde fruen i går kveld å gå på Blegja med Sissel. Dei drog i 8.30 tida. Peter fann fort kompisen sin Andreas tilgjengeleg i Grimelia, så eg køyrde han ut der. Så for min del stod det om å vaske bilen, nyte altanlivet etter litt indreteneste, eller ta ein kjapp fjelltur.... Er vel ikkje så store overraskinga at eg valde det siste. Eg køyrde difor i Skjerlia og sprang på Kvamsnipa først, og så Fristadfjellet i Askvoll etterpå. Det er egentleg så lite å seie om desse turane at eg ikkje seie noko. (Så kan eg nyte ettermiddagssola og avisa på altanen!) Turane gjekk heilt piano som vanleg. Leggen min er nesten heilt god igjen. Det siv (som legen)litt væske mellom stinga endå... og eg tek framleis pencellinen. Men eg vart ikkje frårådd å gå. Heilt utrulege greie for berre eit lite loppebet... I morgon er det miniputt-turnering i Askvoll. Vi får sjå kva det blir tid til. Eg har ein plan. Men eg held den tett til brystet endå...:-)

torsdag 11. september 2008

Eit fargerikt fellesskap

Norge kan bli eit skakk-køyrt land for trengjande. MMS frå Sentrum Sør i Førde i dag No har eg vel stort sett klart å halde meg unna politikk på bloggen min. Det var ikkje meininga at den skulle fungere slik. Men nokre få linjer og eit lite unntak gjev eg likevel plass til i dag. Eg må seie at eg er sterkt uroa over det menneskesyn som kjem til uttrykk av "Jakop" her. Hvis det er slike haldningar og oppfatningar som skal gjenspegle vårt syn på folk som søkjer tilflykt hjå oss frå krig, tortur og forfølgjing, er det ikkje løye at Hitler kom til makta, tenkjer eg. Jødane var jo skuld i alt som var gale òg... No er det innvandrarane... Og Fremskrittspartiet og Siv Jensen surfar på denne bølgja av framandfrykt og redsel for det ukjende. Men kva er dette for slags syn på andre hjelpetrengjande medmenneske? Kardinalfeilen som går igjen, er jo at ein skjer alle grupper over ein kam. Stigmatiserer alt og alle. Sjølvsagt kjem det ein og annan lykkejegar. Og sjølvsagt òg mafia-inspirerte folk til landet. Men desse er jo så totalt i mindretal i høve til dei som har behov for hjelp og vern etter krig, lemlesting og tortur. Diverre er det som oftast førstnemnde grupper media er interesserte i å skrive om. Det er her sensasjons-overskriftene kan hentast. Og diverre er det her i frå folk hentar sine oppfatningar om asylsøkjarar og innvandrarar òg. Etter mi meining skuldast den store frykten for asylsøkjarar mangel på kunnskap. Sjå på asylmottaket i Florø kva dei har fått til. Leia av Melvær har mønsterbruket høg kompetanse på innvandring. Asylmottaket har tilført kommunen fleire titals millionar. For ikkje å snakke om nye impulsar, folk med stå på vilje for å få utretta ting, og ein styrke og vekst for lokalmiljøet. Og ikkje minst god arbeidskraft som vi treng. At folk generelt sett er redde for endringar er ei kjend sak. Det gjeld vel det meste her i livet. På generelt grunnlag er eg likevel overtydd om at nesten alle endringar er positive hvis utgangspunktet er nokolunde ope. Det viser seg elles i alle målingar at dei som er mest mot innvandring, er dei som har minst erfaring med folk frå andre kulturar òg. Dei kjenner ikkje eit menneske med annan hudfarge. Likevel kan dei vere mot all innvandring... Eg trur at di meir ein omgåast di meir positive blir ein. Og det er vel kanskje ikkje så rart, for sjølv om vi kan vere ulike på mange måtar, så må ein jo lære kvarandre å kjenne. Slik er det vel med alt. Spesielt når skilnadane er store i utgangspunktet. For det er jo nettopp då ein har høve til å lære meir om seg sjølv og andre individ. Ja, det er jo individ vi snakkar om! Frå forskjellige kulturar, land, etniske grupper, språk - så forskjellige at det sjølvsagt ikkje går an å snakke om ei gruppe... Eg var så heldig å vekse opp i Dale. Som daling vart vi vane med folk frå andre lag og land. Anten det no var frå Vevang, Pigeskolen, Skofabrikken eller Lillingston, Becker etc. Her var danskar, tyskarar og eg heldt på å seie bergensarar. Folk frå alle klassar. Ikkje minst kom her amerikanarar reisande, eller det vil seie norsk-amerikanarar eller forfedre av desse som hadde fere "abroad" for å finne lykka "over there". Reiste frå naud og fattigdom her til lands. Seinare åra har vi jo fått UWC og Nordisk kunstnarsenter. Truleg som ein fylgje av dei gamle tradisjonane som lever i bygda. Eg er sikker på at oppveksten min har hatt mykje å seie for at eg er ganske tolerant overfor andre folk, anten dei no er brune i huda eller ikkje. For dei er no like mykje menneske som oss uansett kvar dei kjem frå eller ser ut? Er vi vortne så mette og sjølvgode i dette landet at vi ikkje kan vår eiga historie ein gong? Som knapt greier å sjå over vår eigen mage lenger? Eg er glad for at eg kan møte innvandrarar og andre med ope sinn, og vil ta mot dei som ein ressurs, og ikkje som ein potensiell Al Qaida sympatisør eller narkotikalangar.... Møte dei som ein av mine eigne... Folk som trur ilt om andre, har det ikkje godt med seg sjølv - det er eg sikker på! Og eg vil heller prøve og forstå folk det går gale med istaden for å kappa av dei armen... Eg skal ikkje bruke noko meir tid på innvandrings-spørsmål her. Då kunne eg jo halde på i dagesvis. Eg vil berre avslutte med å seie at vi som rikaste landet i verda må ha høve til å hjelpe folk i ein vanskeleg livssituasjon. Det er heilt essensielt for meg. Og bestemor mi, som var snillaste menneske i verda, og var fødd i Amerika, hadde vore heilt einig med meg! MMS frå Kvamsnipa i ettermiddag Eg tok sjansen på ei liten tur oppom Kvamsnipa heim igjen i dag. Foten fungerte faktisk heilt fint. Litt stiv i leggen og i stinga var eg etterpå. Men det er ingen ting. Veldig bra! Det var heftig og mild austavind oppover, og solskinn. Men no er sola så låg her oppe at den faktisk forsvinn på deler av nordsida om ettermiddagen. Fint og tørt. Godt å få ta seg ut litt igjen. Ser ut som vi får ein skikkeleg Indian Summer i år. Meldingane for helga og neste veke ser jo flotte ut. Så dette kan bli ein herleg haust på fjellet. Eg gler meg...

onsdag 10. september 2008

17.mai i september

Frå tur på Driveknolten 29. og 31.8 Eg var egentleg ikkje tenkt å kommentere årets hjortejakt. Eg fekk slik på pukkelen hitt året... Gjorde meg visst upopulær i visse kretsar då eg skreiv eit lesarinnlegg i Firda kalla "hjort er hjort"..... Noko meir negativt fokus på hjortejegarane no kan medføre problem med rekrutteringa, les eg! Jegerane held på å bli forgubba...ja, for gamle... Det er for få som vil skyte, og ein er redd for moralen til dei som er att, fordi det er vorte så mykje av skadedyra! Godt er det då at ein slepp gå noko særleg utanfor bøgarden for å få has på flåttberarane... Vi som vaks opp inne i Dalstunet, var ikkje van med uttrykk som "avskyting" og "ta ut" skadedyr. Dei som bruker slike ord er vel folk med høg moral. Det næraste eg kom slike avlivingar var vel den årlege seansen med grisen til Haralden i Dale som skulle takast av dage. Då var det ei slik gryling at det gjekk gjennom marg og bein på oss katane. Ja, eg trur min santen at dei som vaks opp ute på Bjerga òg, vart prega av denne årvisse hendinga. Eg ser ikkje vekk i frå at dette har ført til ein viss medfølelse for skapningane som skal takast ut! No er det sjølvsagt slik her i livet at folk er ulike, slik er det vel med jegarane òg. Vi har jo desse rambokledde ungdommane eg møter snikande rundt om i veggrøftene på veg til jobb. Ofte med ei diger, kledeleg snusleppe atte til. Eg fekk ei viss erfaring med å jakte på FI i marinen og sjøheimevernet. Òg om natta. Både på sjø og land. Når du kjende kvitlaukånden til fienden halvmeteren framfor deg i lyngen i svarte natta, var det jo ikkje så reint sjeldan at hjartet gjorde eit hopp! No var jo desse øvingane meir under kontrollerte former. Med raudfis i magasinet. Men det hende no både beinbrot og anna der ein bevega seg rundt ute i det fri i totalt mørke. No er vel ikkje akkurat hjorten nokon FI, men spenninga er vel kanskje den same som eg fekk oppleve den gongen? Det er kanskje difor ein må sjå ut som om ein skal på eit forseinka tokt i Vietnam òg, med geværet klart til bruk, der ein snik seg rundt slik i vegkantane at vi vanlege arbeidsfolk held på å køyre av vegen.. For det kan jo hoppe ein asylant ut av buskene...? Eller kva...? Kva veit eg? Eg trudde dessutan at hjorten var fargeblind òg eg... No er det visst ikkje så vanleg at ungdommane er i militæret lenger. Men ein får no ha ei viss tiltru til at dei likevel får den opplæring dei treng når det gjeld våpenbruk og varsemdsreglar knytt til jakta på skadedyra. Skjønt, heilt trygg føler eg meg ikkje. Iallefall hvis ein reknar ut frå utsjånaden.... Heller ikkje at det no blir gitt så mange løyve frametter at det kanskje fell eit skot eller to som burde ha stått igjen i børsa. Ein hjort til eller i frå spelar vel ikkje så stor rolle lenger... Det er jo så mange å ta av! Ja, ja. No blir det vel til at eg får i meg slengt at eg sikkert trur at kjøtet er laga hjå Rema igjen. Så naiv er eg då ikkje. Eg er heller ikkje så naiv at eg trur naturen ordnar opp sjølv i kaoset rundt den aukande hjortestammen. Eller kven veit? Generelt sett har eg tru på at naturen ordnar det meste berre vi menneska let han i fred. Som ivrig fjellvandrar er det heller ikkje heilt fritt at ein går inn i ei meir spanande tid. Uttrykket om å iføre seg raud topplue er vel kanskje ikkje berre ein spøk. For når ein brått blir riven opp frå eigne tankar av børseskot rundt øyra, er det ikkje fritt for at ein føler eit visst ubehag. No skal visst jakttidene utvidast til snart å gjelde halve året òg. Då må ein vel berre finne seg i å måtte leve med dette ubehaget, vi som søkjer skog og fjell for avkopling og fredelege stunder. Mange vil nok sikkert telje litt ekstra på fingrane før ein vandrar inn i område med rambo-typar snikande rundt òg. Med kløe i fingertuppane er det jo ikkje heilt godt å vite kva som kan skje hvis ein kjem i skotlinja for hjorten. Og kven veit hvis ein skremmer byttedyret? Fredelege vandrarar kan vel i beste fall på passet sitt påskrive... Ja, kva i verste fall... Men jakt må vi vel ha. Det er berre det at EG likar dyra betre i live. Desse flotte skapningane gjev meg meir glede i live enn i fryseboksen. Vi må jo sjølvsagt ha begge deler då. Det er berre det at eg heller overlet til dei som likar å ta livet av medskapningane våre til å ordne det. Så kan eg heller få ha gleda av å sjå dei i live. Daude dyr er lite interessante for meg. Dei gir meg så lite... Og snart flyt vel blodet utover avisene og nettet igjen... Daude, livlause auger møter ein... Og fantastiske jaktopplevingar over kor mange skadedyr ein har skote på so og so lita tid, gjerne med ein sigerssigar i hende. Alltid med berre ein vinnar... Hjorten vinn sjeldan i skrytehistoriane... Nei, skal du lese jakthistorier må du ta fram von Munchhausen... Han kunne jakte han! Men det er vel tvilsamt om jaktfantastane har høyrt om han... Det siste skotet på stammen blant enkelte jegarar, er visst utvikling av eit mystisk syndrom kalla jegermani. Som det ligg i ordet er dette jegarar som det "bikkar over for". Dei får ikkje tilfredsstilt sine behov for spenning og drap med det dei har fått løyvt, men går på jakt ulovleg, krypskyting, gjerne i nattens mulm og mørke med lyddemparar. Vel, dette er då sikkert ikkje så nøye heller lenger? Di meir det blir skote ned av skadedyra di betre er det vel? Dei veks jo i antal òg... Så då så... Ja, ja, det er mykje for helsevesenet og folk i kvite frakkar å ta fatt i om dagen. Nye sjukdommar dukkar stadig opp. Frå før har vi jo dei fjellomane... Men dei er kanskje meir tilforlatelege i si livsutfolding... Nei, no må eg visst passe meg. Eller så blir det gitt ut jaktløyve på meg òg.. eller dusør, der eg fredeleg kjem springande... Men eg kan ikkje forsvare meg med noko anna enn at slik er no berre EG ein gong skrudd i hop. Anten det er grisen til Haralden i Dale som har skulda, eller noko anna. Maskingeværet er iallefall innlevert. Gullmerket, beviset på mi våpenhistorie, ligg i ei eller anna skuff, anten hjå foreldra mine i Dale eller i Stongfjorden. Kva veit eg... Den er iallefall lite å forsvare seg med... Det gjekk tre skot utover fjorden i dag tidleg. Både Peter og eg kvakk i senga. Han la armane litt tettare rundt meg... Eg skjønte jo samanhengen med det same. Litt verre var det for han som lurte på om det var 17.mai eller nyttår... Tidspunktet for salutten stemde bra med det første. Men eg måtte fortelje at det sikkert var eit par, tre hjortar mindre no... Han tenkte seg litt om og spurde: "Lei hjortane"? Nei, det gjorde dei ikkje, svarde eg.. Dei som jaktar her er flinke jegarar. Dei er vaksne opp med jakt, og dei har jakta i mange år. Dei veit kva dei balar med...

tirsdag 9. september 2008

Lita tue...

Motiv av f.v. Markahengenipa, Fossedalshengenipa, Eitrenipa, Rørviknipa og Blegja. Frå Driveknolten 5/9 Eg sa til legen min Siv T., då eg måtte ned igjen på legekontoret i går kveld, at eg ville sette opp varselsskilt inne i Rørvika på plassen der eg har tryne fleire gonger siste åra. Ein kan spøke med så mangt, men som oftast ligg det litt alvor bak òg... Faktum er at eg måtte til på ein pencellin-kur. Foten vart betent etter fallet og stinga frå siste turen ned frå Blegja. No trur eg ikkje dette er alvorlege greie. Eg ser ikkje antydning til kjøttetande vesen med utspring frå såret. Og hevinga er mindre i dag enn i går. Fargen på foten har i løpet av natta skifta karakter frå raudt til meir blått. Og i denne samanheng er vel det eit godt teikn. I andre samanhengar ser eg på det som eit teikn på degenerasjon... Eg måtte iallefall ty til ein dag i fred og ro heime. Halde foten høgt. Tenkje på minst mulig fjell - iallefall i dag - å prøve og bli glad igjen... Ja, og så få sove litt etter ei natt der svarte tankar mest har svirra ikring ein vond og dunkande legg. Lite til livets lyse sider... For dei er det jammen mest av. Tenk på korleis folk som verkeleg lir har det. Krig, svolt, vassmangel, psykisk og psykotisk sjuke, kreftpasienter, ja, kreftpasientar ja. Eg høyrde dei skulle opne ny avdeling i Helse Førde for det! Flott... Positivt.. Slike grupper har jammen krav på godt stell dei. Livets lyse sider... Tenk hvis folk med slike diagnosar kunne få det slik at dei fekk oppleve litt av det... Eg er så inderleg glad som kan vere frisk og rask... Det må jammen vere lysaste sida av livets lyse sider! Til vanleg er eg heilt sikker på at eg tenkjer for lite på det. Det burde få alle folk i godt humør når dei veit at dei er friske... Det har vore eit vanvittig race på fjelltrimmen sist månadane. Eg veit det. Det har "teke litt av"... Lysta på kroppens eige narkotikum, endorfinar, har vel spela inn òg? Kven veit? Men det er som om mosjonen har måtte komme føre alt det andre. (Legg merke til måtte.) Utruleg kva ein får tid til når ein er gira på noko. Prioriterningar! Olaug seier at når eg blir oppslukt av noko, så blir eg så grådig oppslukt av det. Anten det gjeld fjell, turstiar, fisk, fuglar, vindmøller eller vasskraft. Nesten ein slik skylapp-mentalitet, hvis du forstår kva eg meiner. Eg har litt problem med korleis eg skal tolke det. Er det kanskje negativt, men med eit lite islett av positivitet? Eller omvendt? Kanskje andre oppfattar det annleis enn eg? Livets lyse sider....!? Lykke... Er eg lykkeleg...? Eg skal ikkje begynne å drøfte det her. Får tenkje litt vidare... Ein ting er likevel sikkert - engasjement er viktig. Eitt av dei viktigaste begrepa eg veit! Det skjer ingenting utan engasjement. Skal du få til noko, anten for deg sjølv eller fellesskapet, må du stå på. Vise kven du er. Seie kva du meiner. Tòre å stå for eigne tankar og idèar. Vere deg sjølv! Men like viktig er det sjølvsagt å akseptere ei avgjerd når den er fatta. Anten i ein større sosial eller samfunnsmessig samanheng, eller innanfor husets fire vegger for den del. For demokrati er viktig... Engasjement og demokrati... Likeverdige partnarar! Livets lyse sider... Livet er kort... God bedring til alle som lir og har det vondt...

mandag 8. september 2008

Indian Summer og varme tankar

Frå herlege Staveneset. Som avslutning på ei flott helg. Det var ikkje heilt fritt for at stinga i leggen gjorde vondt i natt. Eg var faktisk opp og tok meg to paracet. Spesielt om natta når ein ligg og verkje og ikkje får sove, så kan det vere greitt å finne eit kvart smertedempande. Men paracet er no omtrent som drops å rekne når skrotten verkjer... Noko medisinskap med rikhaldig utstyr er det ikkje her i huset, sjølv om fruen er aldri så mykje legesekretær...:-) Det blir omlag som å låne pengar i banken for oss banktilsette.... Krava er sette endå høgare for oss enn "vanlege" folk... Så eg stod likegodt opp 05.15! Ja du las rett. Søndag klokka 05.15... Og det var faktisk mørkt og stjerneklårt ute. Lyset forsvann utruleg fort i år... eller er det berre det at vi ikkje merka den gradvise overgangen frå sommar til haust? Egentleg går tida berre fortare og fortare di eldre du blir. Det seier far min og det sa bestefar min. No seier eg det same. Så då må det no vere noko i det. Eg las ein gong at etter kvart som du bli eldre og rikare på erfaringar, så opplever du mindre nytt. Og at det er det som gjer at tida kjennest ut til å gå fortare enn når du er ung. Det trur eg faktisk er ein rett observasjon... sjølv om ein time og ein dag reellt sett sjølvsagt er like lange når du er 20år som når du er 50 år. Men sei meg var eg ikkje nettopp 20 og i marinen? Uffa meg... Best å ikkje sjå seg for mykje tilbake..:-) Vel, eg stod opp 05.15 og sjølvsagt hadde eg ein grunn. Den fordømte datalinja til Stongfjorden går no på halv åtte. Det vil seie at det er så mange i bygda som har fått seg nett og lastar på musikk, filmar, tunge bilde o.a. at eg ikkje lenger kjem inn på min eigen blogg om kvelden. "Dette webområdet kan ikke vises i Internet Explorer" - svarte f... Dette gjekk jo fint før! Eg kan gå i fistel av rein frustrasjon. "Får ikke kontakt med Blogger.com. Lagring og publisering kan mislykkes. Prøver på nytt ..." Det er like før eg eksploderer... eg har ikkje tid til dette, kan ikkje vente. Fytti rakkaren! Berre tull! Men om morgonen går det som ein røyk. Videoar (Blegja-videoen i går var vel på 548 mb for ca tre minutt), og bilder får eg lasta til webalbum og publisert i bloggen som ingenting. Og det er jo sjølvsagt for at vanlege folk søv klokka 5 om morgonen. Dei er iallefall ikkje så galne at dei sit framfor pcen og publiserer gårsdagens nyhende frå fjella i Askvoll! Og så er det noko med at når eg skriv "i kveld", så er det ikkje i morgon.. Men no har eg klaga. Med store bokstavar. Eg finn meg ikkje i det! Dei får pinadø fikse kapasitet på linja til oss ute i draumanes land òg... Vel tilfreds etter ei fullendt morgonøkt sovna eg ein halvtime på sofaen. Men då kom Peter stigande. "Pappa har du sove i stova i natt? Nei, eg måtte fikse bloggen", seier eg... Eg er litt i stuss kva dei trur om denne bloggen snart her i huset... Det var egentleg Olaug sine prioriteringar som skulle komme i første rekkje i dag. Eg er ikkje verre på det at eg òg må gje avkall på noko av og til...:-) Så ho stima avgarde på Skålefjellet i 9-tida. Eg var egentleg nøgd til, så fekk eg lese ei utsøkt utgåve av Bygdeavisa frå Dale og Flekke i morgonsola på altanen. Og ja, så kike på plasterlappen på leggen, der det dunka litt ekstra inni... Knakande kjekt var det å lese stykket til bror min, Sillan, om døra og ikkje minst Rolfen K. sitt frå gamle dagar. Vi vaks jo opp i lag! Og spretterten var eg med på...! Oj... det var noko med den tida då! Dette var jo som i går òg... Men, kanskje eg ikkje er vorten noko særleg eldre? Ja, det er sikkert forklaringa! Guten i meg er frameleis intakt. Det seier visst alle ekspertar skal vere så sunt... Olaug kom no igjen etter eit par, tre timar. Eg såg faktisk ikkje så nøye på klokka. Eg visste at dagen var lang uansett. Og eg hadde berre ein svipp A opp på Kvamsnipa og ein svipp B opp på Fristadfjellet, så var ei ny runde i boks... Piece of cake! Eller var det det? Eg var litt utrygg då eg køyrde opp i Skjerlia. Då eg kom opp der fekk eg eit aldri så lite sjokk. Hadde jubileumet i Stongfjorden forrige helg flytta opp hit? Det var tjukt i bilar, hengarar o.a. Eg skjønte ingenting. Det står aldri bilar her oppe. Var halve Askvoll på Kvamsnipa? Det gjekk nokre augneblink før eg skjønte samanhengen. Sauer og hundar. Og folk. Det var jo ei gjetarhund-kåring som pågjekk. Hundefløytene pistra då eg gjekk ut av bilen etter endeleg å ha funne ein plass å parkere. Eg prøvde å stiltre meg så usynleg som muleg opp i skogkanten or syne. Ikkje veit eg om det var mangel på klede som gjorde det eller ei, men ein liten kik over skuldra kunne berre konstatere at eit x-antal meir eller mindre overvektige fruer i campingstolar hadde augene heilt andre stadar enn på sau og hund. Var det ein rarietet som la til palings opp skogbrynet? Eller var det eit slags "objekt"... Vel, ikkje veit eg. Det same kan det vere. Eg er iallefall glad eg kom meg raskast mogeleg ut av syne... Eg følte meg mykje meir vel og på heimebane då eg kunne gje på opp bakkane. Kjenne pulsen jobbe som ein dieselmotor og sveitten sildre! Ohhh - så godt! Utruleg herleg å få brukt seg. Det tok ikkje lange tida opp. Men kvapp eg nede ved vegen så kvapp eg på toppen òg. Nett under varden høyrde eg prat... Dei var no vel ikkje komne opp her òg på sauedressur, nei hundedressur er det vel? Augneblinken seinare ser eg Vigdis med ektemann Arild og Audun ferdig til å forlate toppen. Vi slo av eit par ord før dei gjekk nedover. Eg lot følgjet vere for seg sjølv og sprang forbi dei litt høgare oppe i første bakken nedover. Eg hadde ikkje tid å slå følgje, for eg hadde eit oppdrag til.... Så eg sprang likegodt heile vegen ned igjen frå fjellet... Men der nede stod jo heile velkomstkommitèen klar igjen. Dei stirande auga var vel ikkje mindre kulerunde no, settande og sveitt som eg kom. Det var vel like før dei sende ein hund på meg... Eg kom meg kjappast i bilen og heldt på å spinne Toyotaen derifrå! Puh - berga! Heime, Pepsi, banan og Metallica... Livet skein og dunkinga i leggen var til å leve med... Turen gjekk så frå nord til sør i kommunen. Ved avgang Prestemarka var det x-antal bilar der nede òg. Eg kom meg raskt oppover dalen og begynte på den første bratte bakken då eg høyrer "opp med tempoet"... Det var Svein F. som sit på toppen av hammaren. Han Svein er ein særs hyggjeleg fyr. Vi vart ståande der å prate ei stund. Han hadde gitt seg god tid på toppen i dag i det nydelege vèret. Eg "spann" likevel vidare opp gjennom bakkane etter eit bèl. I joggesko og shorts og toppa ut etter nokre minuttar. Fantastisk kor klårt og stilt det var oppe i dag. Sjeldan det er vindstille her, men i dag var det blikk og ikkje ei sky! Det vart likevel ikkje til at eg sat noko særleg lenge. Eg jogga likegodt bakkane, Askdalen og Prestemarka til bilen igjen i eitt. Kjempeflott. Og leggen dunka ikkje altfor mykje heller. Det vart ein nydeleg dag.....og ein nydeleg kveld. Eg tok nemleg turen ut til Staveneset i kveld. Solnedgongen var perfekt. Blikk heilt til havs. Fantastiske Staveneset. Freden du finn her ute med utsyn til havs i solnedgong er eineståande. På Staveneset har døgnet fleire timar enn i Førde....
Fra Staveneset 070908