mandag 27. februar 2023

Fin Bergens-tur




Ei disse i solnedgang - Maria og Villemo 

Tåkeboge på Høgeheia



Vi hadde oss ein fin tur til Bergen i helga. På vitjing til Marie og Øyvind. Alltid like kjekt.

I dag var det tilbake på Høgeheia. Som fleire gonger i det siste. Turar eg ikkje har blogga. Det blir litt drøvtygging av det... Men i dag var det litt spesielt med ein tåkeboge på toppen. Danna av iskrystallar av sola i sør. Stilig!

torsdag 9. februar 2023

Fantastisk helsemessig tiltak

Dalsfjorden

Dei tre siste postane på årets TiTur Dalsfjorden som startar 1.mai manglar eg bildemateriale frå. Det er Østenstad i Dale rett ovanfor Dalsåsen, Skurveholten, ein topp utom Hauglandssenteret og Eldbjørgstien på Eina (Grytøyra). Alle tre enkle og lette turar. Skisserte med kart og beskrivelsar på linkane ovanfor. Under ligg dei andre postane med eigne bildefilmar. 

Som før nemnt vil det ligge føre eigen app frå 1.mai for registrering. Dessutan bøker til å skrive namn i på postane. Som før om åra. 

Etter denne gjenomgangen min, er det berre å gle seg til våren og sommaren og flotte tur- og naturopplevingar. Og takke Ingeborg O. Tysnes, John Lien og Indre Sunnfjord Turlag for organiseringa av dette fantastiske helsemessige tiltaket. Og så sjølvsagt sende ei stor takk til alle som gjer eit stort dugnadsarbeid med rydding og merking av turane. God tur! 🏃

(P.S. Her kjem nok nærare info når det lir ut på våren så følg med...)
 

onsdag 8. februar 2023

TiTur med Rundtur i Askdalen

Motiv frå Askdalen

ds
Smørkletten/Steinheia i bakgrunnen

Rundtur i Askdalen er også ein av turane som er bestemt arrangert på TiTur Dalsfjorden i år. Beskrivelse og kart på ut.no. Oppstart 1.mai. 

Askdalen ligg som ein inngangsport sør/nord til mange flotte toppar som krinsar dalen. Vi kan nemne Blåfjellet, Siktanuten/Eggene, Hjartåsen, Steinheia/Smørkletten, Jamneheia, Kultingane og Fristadfjellet (alle bildefilmar med motiv frå Askdalen). Alle toppane har stiar og er merka. Rundt Askdalen kan ein med andre ord gjere turen så lang som ein vil. Den populære 7-fjellsturen går også rundt på toppane kvar vår. 

Som første linken viser får du registrert deg på posten nede i dalen. I eiga bok eller på app når den tid kjem. Elles kan nemnast at det er god parkering ved vegen ovanfor kyrkja i Askvoll. 

God tur når den tid kjem - eller gå han no for den del. Snøfritt som her er..... 😄

Toppane nær sentrum i Askvoll er alle godt merke

Askdalen mot sør
t.v. Kultingane og Fristadfjellet


tirsdag 7. februar 2023

Ta med familen til Nykshytta

Påskestemning på Nykshytta

Det ligg fleire turbøker på hytta


Fin utsikt til Dalsfjorden, Holmedal og Straumsnes

Ein annan post på årets utgåve av TiTur Dalsfjorden, er Nykshytta i Holmedal. Oppstart 1.mai.

Beskrivelse og kart ligg på ut.no Det er god parkering ved vassverket. Turen hit er ein grei tur for liten og stor. Perfekt som familietur. Solvendt ligg hytta til mot sør. Flott utsikt til Dalsfjorden. 

Rundt Nykshytta har vi elles mange fine fjell som ein kan nå på same turen. Mest kjende er Dokka og Moldura. Kombinasjonsturen via Hålandsstølen er anbefalt. Turen er elles fin å gå heile året, uavhengig av TiTur. 

Panorama: Utsikt frå ruta mellom Kalderasnipa/Dokka og Nykshytta

søndag 5. februar 2023

TiTur til Straumsnes

Foto: Med Agnar på tur Straumsnes rundt

Flott utsikt innover Dalsfjorden frå Arsteinheia
Vi ser Heileberget med Driveknolten og Fløyen.
Mot høgre m.a. Blegja, Laukelandshesten og Storehesten 
...og Dalsfjordbrua. 

Ja, så blir det anledning til å gå TiTur Dalsfjorden på Straumsnes i år òg. Her er det mange flotte toppar. Årets post ligg på Arsteinheia, 449 moh. Info ut.no her

Frå Arsteinheia er det nydeleg utsikt innover Dalsfjorden. Og utover fjorden. Vi ser Vårdal og Holmedal og kjende fjell i vest og nord. Lammetun og Gjølanger på sørsida. Havet speglar seg vest i synsranda. Sjå foto. 

Dette blir nok ein fantastisk flott tur på årets TiTur. Det er berre å gle seg... 😄




lørdag 4. februar 2023

På Taket (eller kor e åra blitt av...)

Med Olaug og "berre ein hund"


Steiestølen-
Storehesten i bakgrunnen

Myklebuststølen (2017) -
på ruta til Taket 

Ja, så skal vi på Taket igjen. Ikkje her heime. Men på Steiestølen i Dale. Nok ein post på TiTur Dalsfjorden til våren. Tidlegare i veka har eg skrive om Yndestadhøgeheia, Fossedalsvatnet og Skålefjell som postar. I tillegg til desse, og Taket, vert det 6 andre postar på begge sider av fjorden. Dette vert spanande og kjekt. Og ikkje minst sosialt😄

Sidan eg flytta til hi sida av Dalsfjorden, og vel så det, så er det ikkje så mykje eg har gått på Taket. Faktisk er det TiTuren som har gjort til at eg har bevega meg i Steiestøls-traktene i det heile siste åra. (Synd og skam). Det har no mest blitt turar på nordsida av fjorden. Men i barne og ungdomsåra gjekk eg ein heil del i fjella på Steiestølen. Både sommar som vinter. Spesielt om sommaren då eg og Nils Chr. fiska "overalt".... Gjerne ei veke kvar sommar. Med overnatting i telt. Veldig kjekke minne! Ein broten ankel på slalåmski oppe i Seciliebotn, var ikkje fullt så kjekt. Og som ei mare nokre overnattingar på Høyanger sjukehus. Med 3 månader i gips opp i lysken! Vel, vel. Nok om det..... 😯

Taket ligg med GPS, turbeskrivelse og kart på ut.no så det treng vel ikkje takast att her. Men eg fekk eit lettare sjokk då eg såg bilda frå sist eg var her - i 2017.... Eg får avslutte med dagens klisje - kor e åra blitt av 😄

Foto Taket 190817

fredag 3. februar 2023

Hipp hurra for TiTur til Atløyna i sommar

Motiv ved Skålefjell på Atløy


Så blir det tur til Atløyna under TiTur i år òg. Så er sagt. Nærmare bestemt til Skålefjell. Herleg! Ja, for det er eit Skålefjell her òg. Som i Stongfjorden

Eg har skrive fleire stykke der eg har skrytt av fjell og merking av turstiar på Atløyna. Her ligg det fleire linkar. Og her.

Elles ligg Skålefjell med kart og beskrivelse på ut.no Du kan frå høgda ved nedkøyringa til Herland. Det står skilt ved vegen. Eller du kan gå frå Eidet der det òg er skilta. Det finaste er sjølvsagt å gå opp den eine ruta og ned att den andre. Eineståande flotte begge rutene. Ytst her ute i havgapet. Og som sagt det er godt merka overalt. Applaus!


onsdag 1. februar 2023

Ryktebørsen går...

Vassenden på Fossedalsvatnet.
Øvre Fossedal t.v.
Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla i bakgrunnen


Turmål ikring Fossedalen
Fossedalsvatnet midt i bildet.
Foto frå Nonsholten på Heileberget.

Det går handfaste rykter om at Fossedalsvatnet òg er eit av måla for TiTur Dalsfjorden i år. Oppstart er 1.mai. Som eg reklamerte for Yndestadhøgeheia i går, så er Fossedalen og Fossedalsvatnet eit fantastisk turmål òg. Takk til nemnda som har plukka ut desse postane. (Men hugs at sjølve tunet i Nedre Fossedal er privat).

Ruta til Fossedalsvatnet er vel kjend for dei fleste. Den går frå brufestet på Otterstein til Fossevikja og opp Kleivane og vidare forbi Elraki til Nedre Fossedal. Deretter opp bakken aust om Fossedalsfossen. Sjå kart. 

Her ved vassenden er det flott utsikt nordover vatnet til Øvre Fossedal. Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla tronar i nordaust. Her er rikeleg med toppar å nå for den som vil det. Elles er det flott å bade frå dei fine svaberga ved utløpet av vatnet. Fisk er det i vatnet òg. Ja, dette er absolutt ein tur for liten og stor

Eg har laga mange biletfilmar frå Fossedalen og området ikring. Vi har elles ei eiga Facebook-side frå Fossedalen her det er samla mykje stoff. 

Eg plukka ut nokre få bildefilmar frå Fossedalen og Fossedalsvatnet på linkane under.

Minne frå Fossedalen (fleire personar har gått ut av tida 💖)

Fossedalen Fossevika

Fossedalen 2020

Fossedalen 2019