onsdag 1. februar 2023

Ryktebørsen går...

Vassenden på Fossedalsvatnet.
Øvre Fossedal t.v.
Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla i bakgrunnen


Turmål ikring Fossedalen
Fossedalsvatnet midt i bildet.
Foto frå Nonsholten på Heileberget.

Det går handfaste rykter om at Fossedalsvatnet òg er eit av måla for TiTur Dalsfjorden i år. Oppstart er 1.mai. Som eg reklamerte for Yndestadhøgeheia i går, så er Fossedalen og Fossedalsvatnet eit fantastisk turmål òg. Takk til nemnda som har plukka ut desse postane. (Men hugs at sjølve tunet i Nedre Fossedal er privat).

Ruta til Fossedalsvatnet er vel kjend for dei fleste. Den går frå brufestet på Otterstein til Fossevikja og opp Kleivane og vidare forbi Elraki til Nedre Fossedal. Deretter opp bakken aust om Fossedalsfossen. Sjå kart. 

Her ved vassenden er det flott utsikt nordover vatnet til Øvre Fossedal. Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla tronar i nordaust. Her er rikeleg med toppar å nå for den som vil det. Elles er det flott å bade frå dei fine svaberga ved utløpet av vatnet. Fisk er det i vatnet òg. Ja, dette er absolutt ein tur for liten og stor

Eg har laga mange biletfilmar frå Fossedalen og området ikring. Vi har elles ei eiga Facebook-side frå Fossedalen her det er samla mykje stoff. 

Eg plukka ut nokre få bildefilmar frå Fossedalen og Fossedalsvatnet på linkane under.

Minne frå Fossedalen (fleire personar har gått ut av tida 💖)

Fossedalen Fossevika

Fossedalen 2020

Fossedalen 2019


Ingen kommentarer: