tirsdag 31. januar 2023

Ein smakebit

Ein liten smakebit av ein topp på årets utgåve av TiTur Dalsfjorden kan vel ikkje skade.... (Det er jo alltid lekkasjar i Statsbudsjettet òg... )😉 Det går iallefall sterke rykte om at Yndestadhøgeheia (eller Yndestadheia) i Askvoll/Stongfjorden er ein av postane i år. 

Toppen har egentleg to toppar. Det er den lettaste/kortaste på 552 moh som vil vere post. Som vi ser av kartet ligg desse toppane på fjellmassivet rett på nordsida av Stongfjorden. Utan å ta for mykje i kan eg vel seie at dette er "mi heimebane". 

For dei som har vore med på TiTur Dalsfjorden og gått på Skylefjellet før. Så er starten på denne turen på same staden på Yndestad. Her det står skilt ved vegen. Du går så halve ruta mot Skylefjellet. Og tek av beint austover ved hytta ved Svartevatnet. Her det er skilta til Toreheia. I enden av dalen oppover, der det blir stigning, kan ein anten halde fram beint opp, eller gå stien til hytta ved Krikavatnet og ta ruta opp til høgre, Det er/blir merka begge deler, Og umogeleg å gå feil. (Hvis ikkje du vil gå på Toreheia først og ta returen om posten...😉). Over tregrensa her er terrenget veldig oversiktleg...

Det vil heilt sikkert kome nærare informasjon om årets TiTur. Men som eit insentiv sette eg i hop nokre bilder frå Yndestadhøgeheia ovanfor. (Årstidene kjem litt hulter til bulter...) Elles skal det jo bli  spanande å sjå kva andre postar som dukkar opp etterkvart...😄

Kart

 

2 kommentarer:

Helge Bjørvik sa...

Hei Gustav, dette er heilt fantastisk. Eg bur i USA og lurte på om det er ok hvis eg deler dette på mi Facebook side.

Gustav Skaar sa...

Hei Helge. Det er berre kjekt at du deler!Takk for fin og kjekk kommentar. Eg har forøvrig lagt ut eit nytt stykke i dag frå Fossedalen.