mandag 9. januar 2023

Lysare tider

 

Jula er over - også på Høgeheia...

Jula er definitivt over. Også på Høgeheia. Så i dag traff eg på Dag Tore og Anita godt i gong med å plukke ned julekuler og lys på treet dei hadde pynta før jul. Ja, det er ei tid for alt. Også for jula. Det er koseleg med jul og julestemning. Men synest sjølv det alltid er kjekkast når jula er over, og det går mot lysare tider...

Elles var det usedvanleg mildt i dag. Faktisk over 8 grader på morgonen. Litt regn ut på dagen. På ruta til Høgeheia er det no heilt snøfritt. All is er også vekke. Like greitt egentleg.... 😊

Ingen kommentarer: