tirsdag 28. februar 2012

Skoddeblæst

Nokon spesiell fornøyelse er det ikkje å knyte på seg joggesko og lette klede for ein joggetur i regn, skodde og vind. Tungt og vått. Motavind og oppoverbakke til Osland og Vågane. Men i morgon er det personalmøte og då blir det ikkje trim, så må ein så må ein... Litt innsats er nødvendig for å halde seg i form. Den kjem ikkje av seg sjølv. Premien for innsatsen får du etterpå. Og som alltid er trim ferskvare. Det nyttar ikkje å tenkje på at du skal trimme, du er simpelthen nøydd å gjere det - uansett vèr...

Vårkjensla

Motiv ved Unneset på søndag

Vår i Stongfjorden i dag tidleg. Snøfritt har det vore lenge, 8 pluss, yr og skodde i fjellet. Det er som om ein må be naturen ta det litt med ro! Truleg kjem det mange kuldenetter endå....

Sov du vesle spire

Sov, du vesle spire ung,
ennå er det vinter,
ennå sover bjørk og lyng,
roser, hyasinter.
Ennå er det langt til vår,
langt til rogn i blomstring står.
Sov, du vesle spire,
ennå er det vinter.

Himlens sol ser ned på deg,
solskinnskyss den sender.
Snart blir grønt langs sti og vei,
småblomst varmen kjenner.
Enn en liten solskinnsbønn:
Vesle spire, bli snart grønn!
Himlens sol ser ned på deg,
solskinnskyss den sender.

Zacharias Topelius





søndag 26. februar 2012

Vårtur Høgeheia på Stavenesodden

Alden

Eg bestemte meg i dag tidleg for ein vårtur på Høgeheia. Skare og is fekk vere skare og is. Eg ville heller nyte vårkjensla. 

Frå før veit eg det er herleg lys her ute om morgonen. Ja, minst like fint som i solnedgang. Utan samanlikning forøvrig. Hitt året, då det var fjelltrimpost på Høgeheia, gjekk eg jo opp nokre gonger...:-) 

På veg ut til Staveneset måtte eg ta nokre vårbilder. Lyset ut fjorden var flott. Hurtigruta passerte ute i vest, så den måtte eg ta bilde av òg (sjå fotoserie). 

Det var frose opp bakkane frå Holevika, men totalt snøfritt. Isen trakke eg berre utom. Lenger oppe gjekk eg likevel på baken så det song då føtene forsvann under meg. Ein frosen snøflekk var alt som skulle til. Det er når du minst ventar det at skaden skjer.... Vel, eg slapp unna med ein blå bakende. Slikt er no å rekne med i fjellet....

I farten har eg ikkje akkurat årstalet då det var post på Høgeheia. Det er vel ein 3-4 år sidan. Då varda eg ein heil del. I tillegg til at eg brukte merkestenger for kveldsvandring. Stengene tok eg sjølvsagt ned igjen på vårparten, men kjekt var det å sjå i dag at vardane stod endå. Det som var endå meir kjekt, var at stien eg "laga" den gongen, no var god og velbrukt! Eit godt teikn! Ja, på veg ned igjen trefte eg eit par frå Holmedal. Dei ville òg nyte ein tur i det snøfrie terrenget. Og som om ikkje det var nok - Gisle S. kom køyrande til parkeringsplassen då eg kom ned igjen i Holevika. Også han skulle opp. Eg slo sjølvsagt av ein prat med dei alle. 

På toppen var det fantastisk flott. Nesten vindstille og sol. Nydelege fargar. Blått hav og blå himmel. Gyllent og brunt fjorårsgras i vårsol. Øyane glinsa i morgonsol i vest. Eg måtte sjølvsagt forevige vårkjensla så godt som det lot seg gjere... Men slikt må nesten opplevast sjølv...

Fra Høgeheia_Stavenesodden 260212_1




Nokre bilder frå Dale/Trollhaugen 25/2

Solnedgang over Dalsfjorden
Trollhaugen ber sitt namn med rette... 

Jøtelshaugen t.h.


 Snart kjem brua... Kringla og Laukelandshesten i bakgrunnen


Vestover og heim igjen....
 

lørdag 25. februar 2012

Stordalsfjellet

 Utsikt mot aust frå Stordalsfjellet

Det var mykje på gang både her og der denne siste laurdagen i februar. Først og fremst var far min 80-år, men sidan mor mi braut seg sund forrige helg, vart feiringa relativt begrensa. Berre dei næraste var samla på Trollhaugen i Dale. 

Vi har dessutan hatt huset fullt med barnebarn denne helga. Og Marie og Torbjørn har vore heime. Så det har ikkje mangla på liv og røre denne lørdagen.

Eg fekk likevel tid til ein tur på Stordalsfjellet i dag tidleg. Meininga var å gå på Eitrenipa, men eg fann ut at dagen rett og slett ikkje strakk til. Men Stordalsfjellet var eit utmerka substitutt

Eg har alltid likt meg veldig godt i Stordalen. Synest det er ein flott tur opp hit frå Oslandsbotnen. opp under Portafjellet og Porten, for så å svinge austover i toppen på Stordalen. Utsikta austover u-dalen er kjempeflott. I tillegg ligg vatnet rett ned under, og Vardenova rett i vest. Det er noko med dei mjuke linjene i terrenget her oppe som fell meg inn. Spesielt når det ligg snø. 

I dag brukte eg trugar nesten heile vegen frå Oslandsbotnen. Det var begynt å fryse på skare i låglandet, men denne heldt ikkje tyngda mi. Eg var allereie sveitt oppe i Brekka då eg plukka fram trugane. Med dei på gjekk det mykje lettare, sjølv om det er ganske så tungt å gå så lenge som i dag med desse på føtene. 

Opp gjennom Porten forandra snøforholda seg. Det var eit reint islag opp igjen på snøen. Denne isskorpa bar ikkje. Det var tydleg at det hadde regna i nysnøen som nå var begynt å fryse. Ja, ikkje nok med det. Det hadde faktisk regna heilt til topps. Kor høgt det egentleg hadde regna veit eg ikkje, men iallefall høgre enn det eg var i dag. Kanskje opp i 1000 moh? 

Siste stykket opp frå enden av Stordalen og til toppen var det endå meir is. Knallhard skare/is opp på toppen. Eg valde likevel å bruke trugane med stegjerna opp, sjølv om eg hadde med meg både broddar og "ekte" stegjern. 

På veg oppover hadde det fine og klåre vèret på morgonen forandra seg. Det kom nokre snøflukser seglande, og ute i vest såg det ganske så mørkeblått ut. Skodda kom dessutan sigande. Eg valde difor å returnere ned igjen same vegen, sjølv om eg hadde planar om retur både den eine og den andre vegen. Dette trur eg var eit rett val. For på veg ned igjen vart det eit vanvittig blindeføre. Eg såg faktisk ikkje foten føre meg i alt det kvite. Eg presterte mellom anna å gå meg ut for ein liten skavlkant og landa nesten på fjeset ned i ei slukt. Det var utrulig dårleg sikt. 

Nede igjen i Porten og mot Botnastølen vart det både skodde og meir snø i lufta. Og i Oslandsbotnen regna det att på til. Ja, ja like greitt å kome seg i hus igjen, og gjere seg klar for resten av dagen, tenkte eg då... Fin tur!

Fra Stordalsfjellet 250212

onsdag 22. februar 2012

Jogg mot vår

Eg er litt biten av jogging for tida. Før har eg tykt det var noko herk. Men etterkvart som det har gått lettare og lettare opp bakkane frå fjorden til Osland, har lysta auka. Det er god trening i å springe. Spesielt oppover. Fin tur igjen i går kveld.

Samtidig er det så mykje lettare å kle seg for ein vårtur ved fjorden, enn å pakke sekken for vinteren i fjellet. Og ikkje minst tek det mindre tid. No spring eg berre i ei joggebukse og ei ulltrøye med ei tynn vindjakke ut igjen på. Snautt og greitt. Ei mil på ein god time. Ja, eg skal min santen kjøpe meg eit par nye Mizuno Wave Rider sko når dei får inn årets modell på Førde Sport i begynnelsen av mars. Dei gamle er snart utslitne...:-) Jogginga og blodgjevinga har gjort at eg no føler meg lettare og i betre fysisk form enn på lenge.

Men ikkje misforstå. Eg har ikkje tenkt å legge fjellivet på hylla. Trengde berre ei forandring i kosten eit bèl. Ja, så har ikkje akkurat vèret i det siste bydd inn til festdagar i fjellet heller. Men eg er klar til flotte dagar og fleire fjell og ruter. Eitrenipa er ein av mine favorittar. Den står høgt på ynskjelista mi.Turen opp nordsida, og over nordre og søndre Kringla og ned igjen i Fossedalen, er nydeleg... For ikkje å nemne etc etc..;-)  

Eitrenipa.
Ruta frå nordsida er skåra opp t.v. som vi skimtar.
Den ender som vi ser  midt i fjellet og går vidare rett opp.
Legg elles merke til dei fantastiske forkastningane nede i bildet.

søndag 19. februar 2012

Solnedgang i Stongfjorden

 Solnedgang på Yndestad i kveld

Fastelavnssøndag var endå ikkje slutt. I ein praktfull kveldshimmel sprang eg til Vågane og heim igjen. Ca ei mil. Og slik såg det ut når eg sprang ned igjen frå Demma til fjorden og Yndestad.

Det er fantastisk flott å sjå kor det lysnar og sola stig på himmelen. Den er no komen nord om Atløy før ho går ned. Det vårast. Iallefall ser vi teikna her hjå oss.

Solsidevegen med fruen

Fra Solsidevegen 190212_1

Fin liten tur på Solsidevegen i Stongfjorden i dag.
Vi var heldige med turen inn mellom to nordabyger med snødrev.

Ei roleg helg...

Eg hugsar ikkje sist det var ei helg eg ikkje var på fjellet.... Det trur eg må vere ei stund sidan. Men etter at eg var i blodbanken på fredag, og tappa av meg ei dobbel dose raude blodceller, har eg vore litt slakk i ånden. Vèret har vore elendig òg, så då har det vore like greitt og teke livet med ro.

No har eg ikkje heilt gitt meg på å ta ein joggetur om litt, hvis rastløysa kjem krypande. Vi får sjå søndagen an. Men noko fjelliv blir det ikkje i dag.

torsdag 16. februar 2012

Vår i lufta

Sidan eg skal av stad og gje dobbel dose blod i morgon på blodtappemaskina, tok eg meg ein ny joggetur til Vågane i ettermiddag. Det var faktisk flott kveldssol og ein god porsjom vår i lufta. Snøklokkene blomstrar langs vegkanten og kjøtmeisa har starta med vårsongen sin. Det går absolutt rette vegen her no. Flott joggetur igjen...! Men akk - vèrmeldingane framover er ikkje mykje å rope hurra for...

onsdag 15. februar 2012

Jogg sør om fjella

Foto frå Holmedal.
Bakkefjellet, Blåfjellsåta og Blåfjellet i bakgrunnen

Eg køyrde Peter og Andreas på skyting i Askvoll etter arbeid i dag. Det er alltid litt venting på at gutane skal skyte, så eg tok med meg joggeklede for å utnytte tida noko betre enn å stå der nede å henge. Så med hovudlykt sprang eg like godt til skulehuset i Holmedal og ut igjen. 

Dette er kanskje ikkje den mest interessante ruta for jogging, for stykket er stort sett paddeflatt. Hellesetmyrane er i tillegg nesten rett fram. Men bakken frå sentrum i Holmedal og til byggefeltet igjen kjende eg. Men turen i seg sjølv gjekk forbausande lett.

Elles har eg bestemt meg for å hoppe ut av programmet for fjelltrimmen inneverande sesong. Det er ein tanke som har modna ei stund. Vel, no kjem eg sikkert til å poppe innom ein og annan av postane i forbifarten no og då, men slik eg har satsa på dette dei 4 siste åra, blir det ikkje framover. Eg er noko metta på å gå dei same rutene og dei same fjella oppatt og oppatt. Vinsten er ikkje i tråd med innsatsen... Eit par av toppane i år er heller ikkje av dei meste interessante. 

Dei komande månadane vil eg derimot gå meir på dei fjella, og nytte dei rutene, eg tykkjer meir om. Og ikkje føle meg bunden til bøkene på den og den toppen. Eg vil ikkje kalle dette for ei skilsmisse med fjelltrimmen, men ser det meir som ein separasjon. Eg trur at både bloggen og underteikna har godt av litt friare tøylar framover...;-)

P.S. Eg har fleire turar på gang, så stay tuned heiter det visst...!


søndag 12. februar 2012

Min ven Toreheia

Toreheia i dag

Eg gjekk meg ein praktfull tur på Toreheia heime i frå i føremiddag. Det var delvis solskin på veg oppover mot Rinda. Men det låg ein del snø i skogsvegen, så varmen fekk eg i kroppen med ein gong. Eg gjekk berre i ei Devold ulltrøye på overkroppen og utan hue. Det fine med å gå opp på nordsida her heime, er at vårsola varmar veldig fort opp dei solrike bakkane. Ja, det var faktisk ei vårkjensle i dag... 

Til mi undring kom det eit menneskespor ut frå skogen under Rinda. Ganske små skoavtrykk. Så eg tenkte at det måtte vere ei dame som nyleg hadde gått her. Og tanken gjekk til min kollega Karen H. Det stemde. For når eg kom opp på Rinda, såg eg ho passere forbi hammaren lenger oppe. Eg veit at ho likar å gå på Skylefjellet. Og ho hadde peiling den vegen forbi hytta til Harald S. Eg for min del ville på Toreheia, og passerte over elva ovanfor Rinda, og tok snarvegen opp bakkane mot Krikavatnet.

Det gjekk heilt greitt opp fjellet med trugar. Fint opp til hytta til Lasse. Den stod like bra som før Dagmar. No var det kome eit skylag seglande nord i frå med litt snødrev i lufta. Men dette forsvann ganske fort igjen. Eg plystra meg over Krikavatnet og heldt fram stigninga mot toppen. Meir og meir av landskapet i alle himmelretningar kom til syne.

På toppen var det veldig fint. Nesten vindstille, berre med ein liten trekk i frå nord. Eg skifta trøya på overkroppen og fann fram ei vindtett og lett jakke ut igjen på. Nydeleg. Nesten som påske. Så eg fann fram ei appelsin og lest som det var påske. Vel, temperaturen var ikkje heilt som påske då for eg vart is på nevane av appelsinsafta....:-) Eg sat likevel ei heil stund der oppe i dag.

Slukta ned til kanten over Stongfjorden var temmeleg skummel. Is og snø om eit anna. Her var det godt å ha stegjerna under trugane. Frå kanten her (sjå video) og vidare utover Yndestadhøgeheia er det flott utsikt til bygda og ut fjorden til Alden, Atløyna, Heggøyna, Smelværet og Stavenesodden. Og sjølvsagt til havet og øyane i Florø. Vidare til begge sider av Stongfjorden nede og til Mjåset og Størdal. Det var isete somme plassar ut igjen fjellet òg, men lite snø, så her måtte trugane av. Det meste av snøen bles av fjellet her i synnavinden forrige veke. Sjølve nedstigninga til fjorden tok eg gjennom Selda og bøen her heime. Kjempeflott tur...!

Fra Toreheia 120212




lørdag 11. februar 2012

Snø og slapsjogg 2

Sludd, vind og slaps på den vanlege joggeturen til Vågane i dag tidleg. Motavind og våt snø i ansiktet. Herlig, forfriskande og god trim. Nokon fjelltur i det vèret bydde meg i mot.

No vart vèret litt betre i ettermiddag, men eg valde eit par fotballkampar i staden. Så får eg heller søkje opp i fjellet i morgon. Eg har tenkt på noko nytt som ikkje har med fjelltrimpostar å gjere i det heile teke...

torsdag 9. februar 2012

Snø og slapsjogg

Eg la om joggeruta mi i dag. Det låg så mykje snø og slaps oppover til demma og Osland at det heilt sikkert var glatt i joggesko. Så eg jogga til Størdalen og heim igjen i staden. I yr, slaps og motavind. Ja,  motavind både ut på sørsida og ut på nordsida av fjorden. Rimeleg tungt. Men dessto meir guts i det. Herlig!

tirsdag 7. februar 2012

Lett med joggesko


Foto heime kl 16.50 i ettermiddag.
Det første bildet er teke austover, det andre vestover. 

Eg valde joggesko framfor fjellsko i ettermiddag. Litt enklare det enn å utstyre seg for ein vinterkveld i fjellet. Det er dessutan kome ein heil del snø her oppe no. I tillegg var det meldt stiv kuling. Eg betakka meg på det i kveld sjølv om vèret var bra. Nei, då var det enklare å springe ruta til Vågane og heim igjen. Ein god time med effektiv kondisjonstrening. 
Det fine er likevel at det lysnar for kvar dag no. I kveld var det faktisk lys til å gå til etter 18. Då kjem det seg. Vi får sjå om ikkje det blir meir effektiv fjelltrim med det første. Denne vinteren har jo vore so som so... utan at det plagar meg nemneverdig...:-)


mandag 6. februar 2012

Snømòking er tøffe saker...

Snømòkinga sundag og i dag var harde bod. I går var det nærast snøstorm rundt husnòvene. Så gjekk det over til våt snø og regn i dag, for så å fryse på igjen i kveld. Tydeleg at ikkje ryggen likte påkjenninga det var å få snø og sørpe vekk frå tunet. Eg får prøve ein joggetur i morgon og riste av meg skiten.

lørdag 4. februar 2012

Kald svie i kjakane...

Kalde vindar på Røyrbotnholten i dag.
Dalsfjorden, Rivedal, Tysse og Leitet t.h.

Eg fann ut eg ville prøve noko nytt i dag. Så eg gjekk frå Oslandsbotnen til Botnastølen og vidare opp i Svelia og klatra opp nordsida av Røyrbotnholten i Rivedal. 

Eg følgde eit revespor opp Brekka då det låg 10-15 cm med nysnø oppover til Botnastølsvatnet. Eg fann det ikkje bryet verdt å ta på trugane her nede sjølv om det fleire plassar var ganske isete inn under snøen. Ved turbinopninga på toppen var vegen som vanleg vegen blåst fri for snø. Her tek austavinden ganske heftig. Så òg i dag. Eg måtte difor fram med balaclava for å verne ansiktet. 

Frå Botnastølen og opp det nordvest-vende skaret til Svelia måtte trugane fram.. Her låg snøen i tjukke lag. Til knærne fleire plassar. Spesielt nede i botnen på flata. Lenger oppe var det mindre snø, men meir is under.

Ruta frå Botnastølen til Svelivatnet, eigne spor
(bilde etter returen)

Fonna som ligg i slukta på toppen er alltid litt tricky å kome seg opp og over. Men det gjekk ganske greitt på høgre sida, sjølv om det var knallhard skare over kanten.

Svelivatnet var ca halvveges nedtappa. 5-6 meter kan eg tenke meg. Isflaka som stod på høgkant ved stranda var tjukke. Sidan eg heller ikkje høyrde duren frå nedtapping no, tok eg sjansen på å gå sørover vatnet. Slike regulerte vatn skal ein sjølvsagt vere særs forsiktig med å gå på.Tjukna kan variere mykje etter straumane frå tapping. Vatnet såg likevel ikkje ut til å ha vore tappa på ei stund...
Forholda på oppstigninga frå sørsida av vatnet var slik at eg ikkje tok sjansen på å gå opp utan stegjern. Eit 15 cm lag med nysnø låg opp igjen på nesten reine isen. Så bratt som det er her eignar ikkje trugar seg heller. Så eg tok difor å skifta ut desse med stegjerna, og sette dei att her ved iskanten. Deretter kom eg meg ganske greitt opp bratta. Men nesten oppe mot toppen hadde vinden lagt igjen eit solid lag med snø som rakk meg over knærne. Dette partiet var tungt å komme seg opp. 

Her på nordvestsida av Røyrbotnholten tok vinden skikkeleg tak igjen frå søraust. Og eg tvilar faktisk på om eg hadde kome meg vidare opp hvis ikkje det var for stegjerna. Det var nemleg veldig isete,  knallhard skare og avblese her i frå og inn på toppen. 

På toppen tok vinden såpass hardt at eg valde berre å skifte hovudplagga og ikkje kleda på overkroppen. Ny balaclava, ei vindtett Outdoor Research-hue og Rab-hua ut igjen på. Likevel var hetta på jakka god å dra over heile stasen til slutt. 

Eg gjekk så ned igjen same vegen som eg kom opp. Tilbake til trugar der desse stod att ved vatnet. Dei tok eg av meg igjen ved Botnastølsvatnet. Så gjekk vegen ned igjen Brekka, der eg låg langflat på rompa på isen. Litt blåmerke må ein rekne med...:-)

P.S. Snø, gråvèr, flatt lys og blindeføre gjev ikkje akkurat gode bilder. Men, men vi får ta det som det er... Nokre bilder blir for grå, andre for blå, men snø er og skal vere kvit... Men så skal han ikkje vere for kvit... Er ikkje enkelt her i verden...;-)


Fra Røyrbotnholten 040212_1

fredag 3. februar 2012

Kvasse vindar...

 Det svei i kjakane i dag...

Det var friskt på Moldura i føremiddag. Så mange kuldegradene var det ikkje, men med vinden rett i mot, stakk det ekstra kaldt i kjakane. Du skal ikkje gå så lenge med slik stikking i huda. Då må den tildekkast. Ein buff breitta dobbelt gjorde nytten. Balaclavaen og ansiktsmaska låg att heime. Som alltid var det over tregrensa ved Langedalen at vinden tok tak. Det er mykje stillare nede i lia.

I dag fann eg fint opp ruta utom elva. Noko raskare denne vegen enn å gå lenger inn og opp. Ansgar Bjarne har merka begge, men den inste ruta er lettare å gå opp, og lettare å finne under snøforhold. Men no vil spora mine truleg vise i morgon hvis andre har tenkt seg opp.

Det kom noko snø i går ettermiddag og kveld. Ca 10 cm vil eg anta. Denne hadde fòka seg til i dei nord- og nordvest-vende skjeringane. Nokre plassar måtte eg vasse nesten til knea. Heldigvis var det ikkje så mange stadane for trugane låg att heime. Atter andre parti låg like avblesne og isete som før snøfallet. Dette kjem heilt an på korleis vinden står på, og retningen han kjem frå. 

I dag gjekk eg med broddar heile vegen. Eit lite problem med broddar er når det er knallhardt under og eit lite snølag opp på. Då får ikkje broddane retteleg tak. Slike parti er betre å gå med stegjern, men slikt går ikkje an å byte på og av heile tida. Det er betre å gå utom slike parti der dette går. Å gå med stegjern over lengre avstandar er tungt. Då er broddar betre. Dei går det an å springe med òg...

På toppen dreiv det litt skodde og nokre snøflak i lufta. Men eg tok meg likevel tida til å ta nokre bilder. Dessutan skifte eg på meg tørre og varme klede. Nokon verandes plass var det ikkje der oppe. Det er ei stund til påske endå...

Fra Moldura 030212_1
Rennefòk ovanfor Langedalen.
Her tok vinden ganske bra i føremiddag.
Stongfjorden t.v og Toreheia oppe i midten.

torsdag 2. februar 2012

Herlig fridag

Vèret i dag freista meg ikkje til nokon fjelltur. Snødrevet som kom inn frå havet gjorde det ganske så tjukt i lufta til tider. I tillegg bles det. Og er det litt ufjelgt her nede ved fjorden, veit eg akkurat korleis det er lenger oppe på denne tid av året. Sidan meldingane er betre for morgondagen var valet enkelt. 

No har eg ikkje lege på sofaen i heile dag då. Ein times solid joggetur den vanlege ruta gjorde retteleg godt. Trass i tett snø i lufta og vind på Osland, heldt vegen seg nokolunde bar. Men der og då var eg glad for eg ikkje var høgre oppe i lendet. Ganske så ufyseleg. 

Elles har no dagen gått med til å putle litt heime og lage middag til familien. Det siste er i grunn det eg likar minst med å ha fri...:-)

onsdag 1. februar 2012

Kald morgon på Moldura

Moldura i dag tidleg


Eg har fri i dag og ut veka. Nokre feriedagar frå i fjor som eg har til gode. Eg var difor ein tur på Moldura igjen i den flotte og friske morgonen. I dag gjekk eg opp utom elva og kom meg raskare opp i Langedalen. Det er nok litt brattare opp somme plassar enn stien over Fremsteelva og Kvieelva. 
Det var ein 5-6 minusgrader heime deå eg gjekk og sikkert det doble der oppe på toppen. Men sidan det var vindstille var det suverene forhold. Eg gjekk med broddar frå Langedalen og opp. Det fungerer heilt supert slik det er oppe no med hard skare, is og fòksnø i alle slags varianter. 
På toppen hadde det lagt seg eit lag med porøse snøkrystaller. Lyset spegla seg inn i tusenvis av diamanter. Som eit lysande teppe. Utruleg flott. Når eg står på toppen i det flotte lyset og ser ned på dei kalde og skuggekledde bygdene kjennest det herleg ut. Konge i eige liv!
 
Eit skylag ligg no ute i vest og trykkjer på godvèret her inne, så sola var berre delvis framme no og då. Korleis dette utviklar seg kan bli spanande. Truleg misser vi det fine og kalde vintervèret vi har hatt nokre dagar. Det er trasig. Men vi får sjå. Turar blir det nok uansett sidan eg har fri.