lørdag 29. september 2007

Speglblank fjor og haustfargar


Med stamnen mot vest sein september

Tok meg ein båttur etter gamalt i dag. Båten ligg i hamna heile året klar til bruk når veiret er bra. Som du skjønar er det ei stund sidan no, men i dag låg fjorden spegelblank i haustsola og berre baud opp til dans!

Så eg reiste ut fjorden, runda Staveneset og tok nokre pilkedrag på Hollevikflua på Stavfjorden. Fangsten var ikkje allverda, nokre palepinnar, men bilda fortel vel kor fint her er ute ved kysten og havet sjølv no i oktober. Idyll på idyll!
Så Jag trivs best i øppna landskap.....!


ÖPPNA LANDSKAP
(Words & Music : Ulf Lundell)

Jag trivs bäst i öppna landskap,nära havet vill jag bo,
några månader om året, så att själen kan få ro.
Jag trivs bäst i öppna landskap, där vindarna får fart.
Där lärkorna slår högt i skyn, och sjunger underbart.
Där bränner jag mitt brännvin själv, och kryddar med Johannesört,
och dricker det med välbehag, till sill och hembakt vört.
Jag trivs bäst i öppna landskap, nära havet vill jag bo.

Jag trivs bäst i fred och frihet, för både kropp och själ,
ingen kommer in i min närhet, som stänger in och stjäl.
Jag trivs bäst när dagen bräcker, och fälten fylls av ljus,
när tuppar gal på avstånd, när det är långt till närmsta hus.
Men ändå så pass nära, att en tyst och stilla natt,
när man sitter under stjärnorna, kan höra festens skratt.
Jag trivs bäst i fred och frihet, för både kropp och själ.

Jag trivs bäst när havet svallar, och måsarna ger skri,
när stranden fylls med snäckskal, med havsmusik uti.
När det klara och det enkla, får råda som det vill,
när ja, är ja, och nej, är nej,och tvivlet tiger still.
Då binder jag en krans av löv, och lägger den runt närmaste sten,
där runor ristats för vår skull, nån gång för länge sen.
Jag trivs bäst när havet svallar, och måsarna ger skri.


Båttur 29.september-07

Båttur 29.september-07

Hausten er tid for fjelltur og ettertanke



Eitrenipa er eit flott turmål no i haust

Etter kva dei seier har vi visst hatt både den finaste før-sommaren og den dårlegaste ettersommaren i manns minne i år. Hugsar inderleg vel den svidde plenen og angsten for at vatnet skulle ta slutt i juni... Javel, herr Statsråd, vatnet kom igjen det, til gagns. Men hausten er endå finare i fjellet eller sommaren. Den kalde, klåre lufta speglar naturen i fargesprakande idyll og gir vidt utsyn i alle himmelretningar. Klar for nye opplevingar som vitnar om tida som har gått og nye vårar som kjem. For det er ikkje lenge til sola igjen snur.

Hausten er så inderleg fri for pollen, mygg, klegg, flått, kveps og tusenvis av fluger som om sommaren aldeles kan ta knekken på den friskaste fjellgeit! Den kalde gode lufta ned i lungene om hausten gjer det lett å puste. Du slepp strie straumar av sveitte og solkrem ned i raude og sviande auge. Og dunkinga av pulsen i skallen på grunn av varmen er borte. For ei sælebot – for ei lette! Ja, kjenn kor opplagd du er etter ei god natts søvn – fri frå klame, varme dyner som tok kvelartak på deg i eit soverom som aldri vart kaldt nok!

Hausten er tid for å ta farvel med trekkfuglane våre. Dei samlast frå fjøre til fjell - ofte i usannsynlege flokkar. Eit flott skue for synet. Ungeflokkane er vaksne og klare for det store trekket til varmare strok.
Trekkfuglane har nok ein gong kunne hausta av dei gode levetilhøva vi har her nord i det lyse sommarhalvåret.

No i haust må du òg sjå over, supplere og sette opp matingsutstyr til fuglane som vert att. Startar du tidleg med mating og held regelmessig fram med det, har du mange flotte hyggestunder med ”nysta” dine ved kjøkkenglaset i vinter. Kjøp 25 kg sekk med solsikkefrø på Felleskjøpet så går du (truleg) ikkje tom- den er òg billegare i stort. Eg brukar somregel to! Hugs å vere tolmodig – fuglane kjem til slutt.

Eitt av haustens store høgdepunkt i fjellet er å vere med på sauesanking. Denne dagen er som eit stort sosialt fellesskap med eitt mål for auge – få sauene inn på heimebøen – ofte koste kva det koste vil. For formen er vel kanskje ikkje heilt på topp? Virkar walkien? Er det dekning eller batteri igjen på mobilen? Og brått kjem du på – kor tid åt du sist? – i iver og pur glede over å springe fjell og finne er maten lett å gløyme…
Ja, viltre sauer som har gått i fjellet heile sommaren er ikkje alltid like enkelt å hanskast med….. Og eder og galle hjelper så visst ikkje med å få dei på rett kjøl….

Tips til ein fin fjelltur no i haust?

Pakk sekken og ta med litt varme, lette ullklede, hue og hanskar og vindtette klede utanpå og reis opp i Markavatnet i Skorva. Ta den merka stien til Nipebu og ta av nordaustover ved myra ved Grunnevatnet og følg elva opp i Leknesvatna. Elva fossar her ned slipte svaberg frå avsats til avsats med fine lagunar imellom der smøkjøa vaker.
Føl stien på nordsida av vatnet inn til midt på vatnet der det går elv med bru over øvre og nedre Leknesvatnet. Ta inn til Leknesstølane som du ser grunnane av på sørsida i enden av vatnet og ta beint opp bakken sørover til du kjem til skåra som går heile nordvestsida opp på Eitrenipa! Her har du truleg den beste utsikta du finn over Askvollhalvøya.

Etter ein god pause tek du ned att den ganske like skåra på sørvestsida av Eitrenipa til Botnastølstjønna. Her kan du ta inn på den merka DNT-løype til luksushytta Nipebu og er framme der etter omlag 2 timar. På Nipebu har du dei beste høve til ein triveleg kveld og ei så god overnatting du kan tenke deg.
Turen frå Markavatnet til Eitrenipa og Nipebu bør du rekne 7-8 timar - avhengig av form og pausar.

Frå Nipebu dagen etter kan du gå anten til Markavatnet igjen eller til Fossedalen/Rivedal/Stongfjorden. Rår absolutt til å stikke oppom Fossedalshengenipa dersom du returnerer til Markavatnet og har bilen her. Turen opp og ned igjen tek om lag 1,5 time med nydeleg utsikt over Nipebu og dei ”tusen sjøars land”. Sjølve turen frå Nipebu til Fossedalen og Markavatnet tek 2-3 timar med vanleg gange, men til Stongfjorden bør du rekne 6-7 timar. Innanfor ein vanleg dagsetappe frå Nipebu ligg eit uttal av flotte fjelltoppar du kan vitje i kva slags himmelretning du vil gå! Ingen er vanskelege eller farlege å nå.

Hausten er finaste tida i fjellet. Den styrker både kropp og sjel. Kva ventar du på?

fredag 28. september 2007

Romantikk på Staveneset



Fantastiske Staveneset i kveld med solnedgong kl 19.20.
Ord er overflødig!


Staveneset hausten 2007

torsdag 27. september 2007

Feittgalskap


Kveldsstemning frå Langevatnet ved Nipebu med utsikt mot Blegja hausten 2006


Eg har visst teke eit oppgjer med dei som klagar på veiret her fleire gonger. Sidan eg er i det lage om dagen har eg lyst å seie nokre ord om dette vanvittige slankegreiene som er overalt rundt meg.

Eg kan ikkje snakke med ei dame eller sjå i eit blad, langt mindre sjå på TV eller andre media, utan at eg skal bli møtt med dette fryktelege tòtet om slanking. Eg er SKIT lei det! Ser ut som halve befolkninga går på ein slankekur til ei kvar tid! Så kvifor kan ikkje folk vere lite vette meir fornøgde med slik dei ser ut? Er det motebransjen og media som har skapt eit slikt forferdeleg menneskesyn at du er undermåls når du har litt bilring? Kven i h.... kan meine noko slikt? Eg las ein plass at frykta for terrorangrep, atomkrig og miljø-øydeleggjingar bleikna i forhold til frykta for å bli overvektig!!

Eg trur frykta for fedmen er meir skadeleg enn fedmen sjølv, eg. No meiner eg sjølvsagt ikkje dei som er skikkeleg overvektige - det er eit helseproblem, men den vanlege mann og kvinne får eg seie, som styrer halve dagen med å telje kaloriar, karbohydrat og protein, sjekkar BMI (Body Mass Index)og vekta morgon og kveld...Er dei vortne heilt galne? Kva er det som skjer? Styrer slankeindustrien og kapitalen rundt denne snart heile samfunnet? Eg er møkande lei heile greia....

Korleis ser samfunnet på folk som er litt overvektige i dag? Blir dei rekna for å ha dårleg sjølvkontroll, lågt sjølvbilde og har karaktersvakheit? Eg trur vi held på å utvikle eit samfunn som har manglande aksept for kroppsleg mangfald...Vi må få slutt på kroppsdiskrimineringa straks!

Høyr etter jenter...Eg likar damer...men, det værste eg veit er å stikke meg på hoftekammar, skulderblad og beinete ryggrader. Eg likar òg musikk....men, å spele piano på ribbeina - og trommer på dei utståande kneskålene, blir eg kvalm av!

Nei, takke meg til å ha litt gode ovale former å stryke på -
det gjer meg godt dèt!

tirsdag 25. september 2007

Vinter-lager


På veg til Blegja frå Rørvika i sept.06. Utsikt mot Førdefjorden og Vevring

Her er så mange som klagar og syt over at det vil bli ein lang og tung vinter fordi hausten og ettersommaren har vore så elendig veirmessig. Med den innstillinga er det vel liten tvil om at den BLIR nettopp det....Så sjølv om vinterfargen kom vèl tidleg i år også på meg, og skrotten sikkert manglar både D- og andre vitaminar, kan ein vel ikkje leggje seg til å dø for det....

Fekk eit godt tips her om dagen. EFALEX, Omega 3-6-9 skal visst vere ein oppkvikkar om vinteren, og hjelpe både for det eine og det andre! Tablettane skal ha kjempeeffekt på ledda òg.. Er det noko knea mine treng så er det ein god vidundercoctail, gjerne smøringsolje for den del...:-) Så dette har eg tenkt å prøve i tilknytning til treninga. Den fysiske forma har iallefall alt å seie korleis vinteren blir.

Vinterlageret er òg sikra på pcen. Eg fekk lossa ut 7 cdar med bilder frå i år (eg sender alltid bilda mine fortløpande til FotoKnudsen for lagring der), men c- og d-disken var nesten proppfulle med 40 gb kvar likevel..Eg kjøpte difor ganske enkelt ein ekstern hardisk over nettet, La Cie P3 (laga av Porsche!!)Disken som er på størrelse med ei sigarøskje kostar ein liten tusing på MPX. Harddisken fekk best kritikk i ein test eg såg på Nettavisen nyleg. Boksen koblar du berre i pcen med ein USB ledning, set på straumen og vips har du 500 GB ekstra. Med nokre tastetrykk var den bærbare pcen fri all tyngde! Alt som hadde vore på dei to diskane i pcen viste berre som eit musepiss i havet på den nye f-disken i sigarøskja! Eg var imponert! At eg ikkje hadde tenkt på dette før - alle dei gongene eg har klødd meg i hovudet og sletta ting for å få plass til nye...Alle lagringsproblem løyste i ein fei - eg kan gå vinteren trygt i møte...:-)

fredag 21. september 2007

Valet er ditt


Utsikt frå Staveneset 12.10.06

Ormeblod
(eller To Kill A Mockingbird)


Eg vil skrive til den naive, - den blåøygde, ærlege, små
Som lever sitt liv heilt i live, utan tankar for dagen derpå
Som ler, - og som grin
Som blunkar til alle
Som dansar på line
Utan frykt for å falle

Eg vil kviskre eit Vivre! til den vare, som umerkande går meg forbi
Ho kjem aldri med vondord om andre, fordi ho – vel, berre fordi
Det siste ho ville
Var å såre ein venn
Og - ganske stille -
Let ho dører igjen

Eg vil trøyste og stelle den såra, som strevar med å forstå
At verda vår er ein jungel, der den sterkastes rett lyt få rå
Reis deg og stå!
Du er god som du er!
Treng du hjelp til å gå
Skal du finne ho her

I harme rettar eg pennen, mot han som er kynisk og kald
Som kalkulerande kviskrar og trugar, og planlegg sin medmann sitt fall
Som foraktar det svake
Og ler av det vare
Som dyrkar det digre
Som myrdar det tandre
frå sitt Adlerreir av is
Som ser seg aldri tilbake
Som let godheita fare
Som let det lægste sigre
Som trakkar ned andre
på realistens grimme vis

Mitt selskap skal vere dei vare, - og dei leande barn av i dag
Som ynskjer meg vèl, og vel aldri, vil drøyme om svik og bedrag
Min avsmak for orm skal eg skjule
Og dømming er ikkje mi sak
Eg kjenner att dei stripete, gule
For baken forblir alltid bak

søndag 2. september 2007

Familiebilder dagen derpå


f.v Mildrid, Sigvard, Bergljot, Leif-Arne, Målfrid, Olav, Gustav, Øystein Olav
...og som såg slik ut for 22 år sidan...

Det vart litt tidspress for å nå siste ferje frå Dale i går kveld for at vi skulle kome oss heim igjen, så det vart ikkje teke nokre bilder av familien ilag. Det er sjeldan vi er samla alle søskena då Øystein Olav er i Bergen og Bergljot busett ved Vinstra.
Eg tok difor turen innatt i dag slik av vi fekk teke nokre bilder av alle på eitt brett.
Det var dagen derpå så alle var i strålande humør etter ein velukka dag i går. Bilda vart difor lette å knipse...:-)

Eg køyrde deretter rundt til Førde og heimatt for å ta nokre bilder av Vikafossen, Laukelandsfossen og Gaula. Etter mykje regn siste dagane var fossane spesielt flotte.
Styrtebyene eg traff utatt var heilt ekstreme....


Familiebilder 2/9-07

Foss i foss

lørdag 1. september 2007

Daletur og 70 års feiring


Margunn, mamma, Kristine og Hanna

Som eldstemann i syskenflokken på 6 fekk eg i oppdrag å leie festen for mamma på Vevang i dag. Vi hadda laga til koldtbord og kaker, og ein ikkje altfor stiv stil over dagen. Det kom enormt med folk etter kvart. Heldigvis var det ein viss sirkulasjon av folk slik at det heldt med plassen. Det var òg på nippet til at det var nok mat, men det gjekk med eit naudskrik ...!

Torodd F.stilte sporty opp med trekkspel og spelte på allsongane vi hadde laga til.

Eg heldt hovudtalen for mamma etter maten, Sillan spelte den sjølvkomponerte Dalsfjordvisa og Leif-Arne song fantastisk frå filmen "Så som i himmelen". Mildrid hadde òg bevegande og gode ord til mamma, og Bergljot og Øystein fortalde om DVDen Øystein hadde laga til minne om henne (Øystein er 24 år, og 15 år yngre enn Bergljot som er nestyngst og 26 år yngre enn meg. Eg hadde allereie dei to første jentene mine då Øystein var fødd). På mange måtar kan vi seie at Øystein vaks opp som einebarn, og har difor sitt heilt spesielle forhold til mamma og pappa.

Fleire andre hadde òg kjekke ord å dele med oss til ære for mamma.

Vi hadde ei fantastisk kjekk stund på Vevang i kveld. Både bevegande og morsom, som eg trur mamma sette veldig stor pris på.

Ei stor takk til alle som delte denne dagen med oss!


Daletur og 70 års feiring