fredag 31. desember 2021

Godt nytt år

 

Med eit januar-bilete frå ruta frå Skorvemarka til Nipebu og Fossedalshengenipa ynskjer eg alle lesarar av bloggen 

Godt nytt år. 

Nokre minner frå 2021 finn du her:

mandag 27. desember 2021

Litt round about

Blåtimen på Yndestad


Stongfjorden frå Solsidevegen

Skålefjellet frå Solsidevegen

Solsidevegen

Staveneset

På Yndestad og ut fjorden

Stongfjorden i desemberlys

ds


Det har blitt litt turar på Solsidevegen i jula. Trasketurar og litt raskare turar. Også eit par turar på Staveneset. Rusling ved havgapet. Fellesnemnaren er fint og vinterleg desemberlys. Ovanfor er nokre eksempel eg har knipsa med mobilen. Eg avventar litt med å gå på fjelltoppane. Handleddet er framleis ikkje heilt ok...

tirsdag 21. desember 2021

Ved Solsnu og God jul

Framside: Fin tur i Liavika i sommar der deler av storfamilien var samla

Ved solsnu.

Det er ikkje til å kome vekk i frå at året 2021 har vore utfordrande. Den eine pandemien etter den andre... Og helsemessig tøft på andre måtar (dei som kjenner meg veit vel kva eg snakkar om). Ja, det er som det var sagt hin dagen - vi er komne i reparasjonsalderen - og det eine tek det andre...! Men når eg ser tilbake på bilda frå året som har gått, har det også vore mange flotte stunder. Konfirmasjon for Vegard i Leikanger og Sander i Førde. Og Marie og Øyvind som fekk seg ei jente (foto privat). Dessutan mange flotte turar. Turar som eg sikkert har blogga før. Eg sette likevel i hop ein liten samleserie som vist ovanfor. Ein slags årskavalkade om du vil. Nokolunde etter dato. Ein bildefilm som er lett å finne tilbake til. 

Stongfjorden 21/12

Når eg på nyåret er "på beina igjen" - 6 veker etter handleddsbrotet ved Kvamsnipa i Skorvemarka. og såleis det andre lengre avbreket frå fjella i år - så håpar eg å få lagt fleire bilder og historier på bloggen. Bloggen som er 15 år i romjula! Ikkje dårleg berre det. Så med dette ynskjer eg alle ei God Jul og eit retteleg Godt nytt år🎄🎅


søndag 12. desember 2021

Stongfjordens perle (eller dronninga om du vil)

 

Skålefjellet i Stongfjorden er ei magisk perle av eit fjell. Med sine 767 moh kneisar fjellet over bygda og fjorden. Stupbratt på nordsida. Kupert på sørsida mot Holmedal-traktene. Fjellet er lett å kjenne igjen frå fleire himmelretningar. 

No er det ein månads tid sidan eg fekk gå opp hit grunna eit handleddsbrot. (Blogg her). På ein regnfull søndag med snø og sludd i fjellet, kan det vere kjekt å nyte litt bilder frå tidlegare...

Skålefjellet 6/11. Foto teke mot Holmedals-traktene i sør. 
Fjellet består av lagdelt kvartsitt - ei eiga "øy" i fjella her....

ds


Eg skreiv i si tid litt om fjellet i Opptur-boka (side 429). Boka som beskriv turruter i Sogn og Fjordane. Mange har sikkert boka. Skålefjellet er eit flott turmål med fantastisk utsikt. Fjellet er også fjelltrimpost på Askvoll og Holmedal idrettslag (AHIL) sin fjelltrim for sesongen -22.   

fredag 10. desember 2021

Tolmod er ein dyd

Skålefjellet i dag tidleg

Det har blitt morgonturar langs Solsidevegem kvar morgon denne veka. Flott og opplett vèr. Men ein søraust ganske kald trekk. Snøen har minka og det er fint å gå inn over der i berre sko. Det vil seie - eg har brukt broddar for sikkerhets skuld sidan handleddet mitt ikkje er skikkeleg grodd endå. 14 dagar til no, og ny røntgen, så går det seg nok til. Eg får ha litt tolmod med toppturane endå... 

søndag 5. desember 2021

Det må til...

Adventstemning på Solsidevegen


Det var litt traurig å ta til på ruta over Solsidevegen igjen når eg var komen så godt i gang med fjelltoppane. Men må ein så må ein. Har no våga meg opp att i terrenget. Handleddet gror vel som det skal. Og vekene går... Snart er det solsnu og jul. Så då får eg tru det går rette vegen. Ikkje det - det er fin utsikt frå Solsidevegen òg. Sjølv i grått vèr.  

onsdag 1. desember 2021

Ikkje rare greiene

Oslandsvatnet i dag tidleg

Yndestad i går ettermiddag

Stongfjorden i går

Ikkje så rare greiene om dagen. Trasketurar til Osland og heim igjen. Vèret er no bra. Og handleddet mitt gror vel til igjen. Spørsmålet er kor tid eg kan ta sjansen på noko meir utfordrande enn å gå reine asfalt-turar... Vi får sjå det an. Elles er det no sjakk på tv-en. Og det er no kjekt...

søndag 28. november 2021

Trasketur


Eg valde å gå meg ein fin trasketur på Staveneset i dag. I flott vintersol. Det er alltid endringar i lyset her  ute i havgapet. Så òg i dag. I den låge sola beint i sør. Omlag rett sør i Granesundet. Utanfor ytste neset kom Kystvakta "tøffande" forbi i 12-15 knops fart. Med Alden i vest. Idyllisk. 

Vi har mange slags turar. For meg er det heilt greitt med ein trasketur no om dagen. Så får handleddet mitt tid til å gro....

lørdag 27. november 2021

Sol og julestemning







 Kjekk tur til Dale og til Vevang Produksjon der det var Open Dag med sal av eigenproduserte varer. Det var også sal av kaffi, vaflar og kaker. Sosialt og godt kafè-liv. Dale Musikkorps spelte så til slutt julesongar. Sola kikka fram i Dalstunet då vi gjekk. Ovanfor nokre bilder. 

torsdag 25. november 2021

Desember glede

 

Framside desembermorgon i Løvika

Det er første søndag i advent til helga. 🎄Og med god tid og armen framleis i gips, laga eg ein ny serie bilder for desember. Det må vel passe bra. Bilda er som rimeleg er av litt ymse dato og år. 

Truleg får eg av meg gipsen på sjukehuset i Førde i morgon. Men lyt nok framleis ta til takke med litt trasking etter asfalten. Kjedeleg! Likevel nødvendig. Kan jo ikkje ta sjansen på å bryte opp igjen handleddet før det er grodd heller. Om fjella lokkar aldri så mykje!  

Tolmod er ein dyd heiter det visst.... 😑

søndag 21. november 2021

Armert handledd

Fin spasertur til Staneneset igjen


Fin dag i dag. 14 dagar sidan eg braut handleddet oppe i Skorvemarka. Etter å ha kome ned igjen frå Kvamsnipa. Med armen i gips lyt det klare seg med litt hurtig gange på asfalten. Tek ikkje sjansen på noko anna. I den flotte morgonstunda i dag gjekk eg meg såleis ein tur til Staveneset. 

På Mjåset dukka sola opp. Men forsvann eit stykke lenger ute. Før eg fekk ho att på Staveneset. Beint sør i Granesundet. Jammen flott og stilt. Og no er det berre ein månad til sola snur. Igjen. På den tid er nok handleddet mitt sterkt som stål. Det er iallefall det spolebeinet er armerte med no...😀 

onsdag 17. november 2021

Rekonvalesens

 

Med god tid, fyr i omnen og armen i gips, har eg i grunn ikkje hatt noko naud dei siste dagane. Middagen har stort sett Olaug ordna. Eg har spasert etter asfalten. Og fjella ligg no der...

Frå sofakroken har eg òg fått lest farsdagsgåva frå søndag av. Ei veldig god bok. Om ein oppvekst litt verre enn solskinnsdagane mine i Dalstunet. Gymnastid i Florø og eit liv i bank. Abid Raja har gitt av seg sjølv. Frå traumar og pine av fysiske plager og kulturkrasj til si eiga frigjering. Dette er ei viktig bok. Ei bok eg anbefalar alle å lese! 


lørdag 13. november 2021

Nokre november minner

Sidan eg og sikkert andre er forhindra frå å nyte ei flott november helg i fjellet, kan vi sjå tilbake på nokre fine dagar frå før. Alltid kjekt å ha gode minner å sjå tilbake på når dagar kan tyngje. Det går nok ei stund til eg kan nyte dagar i fjellet igjen. 

torsdag 11. november 2021

Ny rekord TiTur Dalsfjorden 2021

Foto frå Langeneshovden på Straumsnes 21/5-21

heimesida til Fjaler Kommune kan vi i dag lese at det vart sett ny rekord i antal deltakarar på TiTur Dalsfjorden. Veldig kjekt. Og ein stor honnør til arrangørane. 

Det vert lagt ned ein stor dugnadsinnsats i merking og tilrettelegging av stiar til dette gode tiltaket. Ein gratis innsats for å betre folkehelsa. Og elles gjere turgåarar kjende med nye område ein til vanleg ikkje vitjar.  Applaus!

Nokre foto frå årets toppar finn du her

onsdag 10. november 2021

Annus horribilis

Den kjære utsikta må vente på meg nokre dagar no

 

Turbinane på Guleslettene frå Kvamsnipa forrige søndag

Alt var som normalt. Ein flott tur på Kvamsnipa var unnagjort. Inntil siste berget 2 minutt før vegen i Skorvemarka. Kva eg tenkte på der og då veit eg ikkje. Iallefall forsvann føtene unna meg. Langflat bakover. Ikkje noko nytt i det då. Berre at denne gongen stod venstre handleddet i feil vinkel då eg såg etter. Handa eg hadde teke meg for. I den tiendedelen av eit sekund skjønte eg at det var alvorleg. Og no sit eg her med gips og ventar på operasjon. Dei er overbelasta på sjukehuset, så det tek nokre dagar. 

Til Førde kom eg meg iallefall med verdas hyggelegaste ambulansefolk. Den eine stamma visst frå Dale må vite. Så dei som lurer på kvifor det stod ein ambulanse ved Gjelsvik skule søndags føremiddagen, så var det altså meg dei plukka opp. Det var visst ikkje heilt forsvarleg å køyre lenger...

Så slik er det. Annus horribilis. Eg trudde ikkje det kunne bli verre i år... (dei som kjenner meg veit vel kva eg snakkar om). Det er jammen godt vi har verdas beste helsevesen. Eg får seie som onkel Herbjørn sa "går det så går det. går det ikkje så går det òg...

lørdag 6. november 2021

Kvitkledd dronning

Sola er der - her over Holmedalsfjella

Det er kome nytt skilt på toppen....


 

Vått opp Gjerdedalen og Brekka og vidare opp på Skålefjellet i dag tidleg. Ganske glatt opp Brekka. Og litt nysnø i høgda. Og ganske så kald vind. Godt å få på seg varme og tørre klede på toppen. Klede eg alltid har med meg i sekken på denne tid og framover. Nokre bilder på toppen og ned igjen same vegen. 

4K

torsdag 4. november 2021

Perlerader ved Dalsfjorden

Ei perlerad....

Nok ein utruleg haustur frå Rivedal til fjelltrimposten på Driveknolten. Som hin dagen. Nydeleg morgonsol. Og frost på bakken. Den var litt utfordrande mange plassar inn over fjellet. For eit fint og usynleg frostlag låg nokså skummelt på steinar og hamrar. Litt oppskrapa fingrar av eit par fall var vel ikkje meir enn ein kunne rekne med. Ein liten pris å betale. 

Første solstrålane for dagen i Rivedal

Det kunne nemleg ikkje skugge for den knall flotte turen inn over Hundeheia og Heileberget denne morgonen. Bygdelaga ved Dalsfjorden låg som lysande perler på ei snor. Frå Atløyna og Askvoll inn over til Helle og Vårdal, Holmedal og Boge. Frå toppen på Driveknolten i sør også til Eikenes og Dale. Og sjølvsagt hi sida av Dalsfjorden. Frå ytst ved Lammetun inn mot Gjølangertraktene og Straumsnes. Leite og Tysse. Lillingstonheimen. Heilt fantastisk kulturlandskap. I lysande morgonsol. Frå ein blikkstille haustmorgon. 

Litt morgonskodde i Flekkefjorden

Og så utsikta frå Driveknolten i nord. Alle dei flotte fjella frå vest til aust. Berre alt for mange å ramse opp. Langevatnet ved Nipebu låg blikkstille i morgonsola. Og over kneisa Fossedalshengenipa så nydeleg. Videoen under  fortel vel meir enn tusen ord for eit utruleg flott landskap vi er forunt å ha rundt oss. 


Foto mobil Driveknolten 041121


Turen gjekk elles ut att same vegen. Med god tid. Nok ein nydeleg tur for minneboka mi her.... 

onsdag 3. november 2021

Grå haustdagar

Frå Fristadfjellet i dag med utsikt inn Dalsfjorden

Stongfjorden frå Rinda i går

Skylefjellet i går og Fristadfjellet i dag. Begge postar på fjelltrimmen. Ganske så vått og vindfullt på Skylefjellet i går. Mindre vind og tørrare på Fristadfjellet i dag. Elles skya og stort sett opplett. 

mandag 1. november 2021

Berre eg ser Dalsfjorden...

Tilbake på Hundeheia i Rivedal

Nipebu og Langevatnet t.v.
Fossedalshengenipa bak og Eitrenipa t.h.

I dag tidleg gjekk turen til Rivedal. I nydeleg og klårt vèr. Parkering ved kraftverket. Og opp vegen mot demma. Ei låg haustsol kikka over kanten på Hundeheia då eg nådde opp hit. Så vidare mot aust og opp skaret ved Høgknolten. Og ruta austover Heileberget til fjelltrimposten på Driveknolten. Det var berre heilt nydeleg å kome opp i sola og sjå bygdelaga ved Dalsfjorden frå "ovan"... Grøne og velstelte bøar på begge sider av fjorden. Kulturlandskap! Ja, "Berre eg ser Dalsfjorden"... Det er noko I det. 

Turbinane på Lutelandet er ei "skår" i gleda over utsikta ved Høgknolten i Rivedal

ds

Driveknolten er egentleg to toppar midt på Heileberget. 727 moh. Frå toppen mot nord er det flott utsikt til Nipebu-traktene og alle fjella ikring. Men her ser du ikkje Dale og Dalsfjorden då den andre toppen mot sør skjuler for utsikta. No er det berre eit lite dalsøkk mellom toppane, så eg stakk bort på den andre òg for å få utsikt til Dale og Dalsfjorden. På albumet ligg det bilder frå begge toppane. No bles det noko grassat her oppe i dag. Spesielt på toppen i sør. Noko video var difor uaktuelt å spele inn. 


Utsikt mot nordaust frå Driveknolten (N).  Vi ser m.a. mot Øvre Fossedalen midt i bildet. Fjella er f.v. m.a. Fossedalshengenipa, Eitrenipa, Blegja og Storehesten bak. Framme t.h. N&S Kringla og Laukelandshesten.


Dale i motlys sett frå Driveknolten (S)

Mot vest og deler av ruta frå Rivedal

ds - det skyar over

Driveknolten er den lengste turen på årets fjelltrimprogram. Ruta inn Heileberget frå Rivedal er ganske eksponert for vind og dårleg vèr. Så posten er greiast å gå på i nokolunde vèr. Du kan òg gå inn Vagstaddalen og opp ved sørenden av Atlevatnet. Og sjølvsagt også frå Dale og om Fløyen. Eg synest ruta eg gjekk i dag er den finaste å gå. Det var den eg følgde ut igjen òg. Utsikt til Dalsfjord-området begge vegar... Elles kan nemnast at ruta eg gjekk i dag er veldig godt merka med vardar. Fantastisk flott tur!

Foto Driveknolten 011121

Tidlegare fotoserie YouTube m/musikk

søndag 31. oktober 2021

Gjørmebad med fruen....

Det bles godt på toppen....😀

Standardmotiv mot Svanøy

Ved Skylefjellet

Ovanfor Svartevatnet

Ved Rinda

Må innrømme at turen i går sat i føtene i dag. Det vart mange timar oppe i Indrevågefjellet/Kvamsnipa-traktene. Først på leiting etter sauene. Deretter å få dei aust til Mandelia. Men det vart likevel til ein standardtur til fjelltrimposten på Skylefjellet i dag. Og fruen i huset vart med. 

Det var vått. Veldig vått. Myr og gjørme mange plassar no. I tillegg bles det ganske så friskt på toppen. Og så den regnbyge rett etter returen. Som svei både i kjakane og kroppen. Ja, det var friskt. Vi såg ut deretter etter heimkomst....