mandag 1. november 2021

Berre eg ser Dalsfjorden...

Tilbake på Hundeheia i Rivedal

Nipebu og Langevatnet t.v.
Fossedalshengenipa bak og Eitrenipa t.h.

I dag tidleg gjekk turen til Rivedal. I nydeleg og klårt vèr. Parkering ved kraftverket. Og opp vegen mot demma. Ei låg haustsol kikka over kanten på Hundeheia då eg nådde opp hit. Så vidare mot aust og opp skaret ved Høgknolten. Og ruta austover Heileberget til fjelltrimposten på Driveknolten. Det var berre heilt nydeleg å kome opp i sola og sjå bygdelaga ved Dalsfjorden frå "ovan"... Grøne og velstelte bøar på begge sider av fjorden. Kulturlandskap! Ja, "Berre eg ser Dalsfjorden"... Det er noko I det. 

Turbinane på Lutelandet er ei "skår" i gleda over utsikta ved Høgknolten i Rivedal

ds

Driveknolten er egentleg to toppar midt på Heileberget. 727 moh. Frå toppen mot nord er det flott utsikt til Nipebu-traktene og alle fjella ikring. Men her ser du ikkje Dale og Dalsfjorden då den andre toppen mot sør skjuler for utsikta. No er det berre eit lite dalsøkk mellom toppane, så eg stakk bort på den andre òg for å få utsikt til Dale og Dalsfjorden. På albumet ligg det bilder frå begge toppane. No bles det noko grassat her oppe i dag. Spesielt på toppen i sør. Noko video var difor uaktuelt å spele inn. 


Utsikt mot nordaust frå Driveknolten (N).  Vi ser m.a. mot Øvre Fossedalen midt i bildet. Fjella er f.v. m.a. Fossedalshengenipa, Eitrenipa, Blegja og Storehesten bak. Framme t.h. N&S Kringla og Laukelandshesten.


Dale i motlys sett frå Driveknolten (S)

Mot vest og deler av ruta frå Rivedal

ds - det skyar over

Driveknolten er den lengste turen på årets fjelltrimprogram. Ruta inn Heileberget frå Rivedal er ganske eksponert for vind og dårleg vèr. Så posten er greiast å gå på i nokolunde vèr. Du kan òg gå inn Vagstaddalen og opp ved sørenden av Atlevatnet. Og sjølvsagt også frå Dale og om Fløyen. Eg synest ruta eg gjekk i dag er den finaste å gå. Det var den eg følgde ut igjen òg. Utsikt til Dalsfjord-området begge vegar... Elles kan nemnast at ruta eg gjekk i dag er veldig godt merka med vardar. Fantastisk flott tur!

Foto Driveknolten 011121

Tidlegare fotoserie YouTube m/musikk

Ingen kommentarer: