torsdag 4. november 2021

Perlerader ved Dalsfjorden

Ei perlerad....

Nok ein utruleg haustur frå Rivedal til fjelltrimposten på Driveknolten. Som hin dagen. Nydeleg morgonsol. Og frost på bakken. Den var litt utfordrande mange plassar inn over fjellet. For eit fint og usynleg frostlag låg nokså skummelt på steinar og hamrar. Litt oppskrapa fingrar av eit par fall var vel ikkje meir enn ein kunne rekne med. Ein liten pris å betale. 

Første solstrålane for dagen i Rivedal

Det kunne nemleg ikkje skugge for den knall flotte turen inn over Hundeheia og Heileberget denne morgonen. Bygdelaga ved Dalsfjorden låg som lysande perler på ei snor. Frå Atløyna og Askvoll inn over til Helle og Vårdal, Holmedal og Boge. Frå toppen på Driveknolten i sør også til Eikenes og Dale. Og sjølvsagt hi sida av Dalsfjorden. Frå ytst ved Lammetun inn mot Gjølangertraktene og Straumsnes. Leite og Tysse. Lillingstonheimen. Heilt fantastisk kulturlandskap. I lysande morgonsol. Frå ein blikkstille haustmorgon. 

Litt morgonskodde i Flekkefjorden

Og så utsikta frå Driveknolten i nord. Alle dei flotte fjella frå vest til aust. Berre alt for mange å ramse opp. Langevatnet ved Nipebu låg blikkstille i morgonsola. Og over kneisa Fossedalshengenipa så nydeleg. Videoen under  fortel vel meir enn tusen ord for eit utruleg flott landskap vi er forunt å ha rundt oss. 


Foto mobil Driveknolten 041121


Turen gjekk elles ut att same vegen. Med god tid. Nok ein nydeleg tur for minneboka mi her.... 

Ingen kommentarer: