fredag 13. november 2026

To fine vart til tre


Solglimt over Granesundet i dag

Byge frå nord har passert...

Så vart det nok ein tur på Furefjellet i dag. Meldingane var ikkje heilt som tidlegare i veka... Så eg føretok meg ikkje noko større sprell enn ut att i Holevika. Det var kanskje like greitt. For eg fekk på meg ei solid sluddbyge på veg opp på fjellet. Den passerte då eg nådde toppen. Så då vart det bra. Bra nok til ein liten snutt som du ser nedunder. (Eg er ikkje heilt sikker på kva dato eg sa, men det skal vere 13.😃)

Ingen kommentarer: