Eit gløtt av sol i Granesundet
I dag skifta eg ut Hoka "skøytene" mine med Scarpa "rødt klister" og gjekk morgonturen på Furefjellet Ja, slik kjendest det ut i samanlikning med turen på Blåfjellet på søndag. Då eg låg flat ned bakkane. Så i dag var festet upåklageleg. Elles var det vått og blautt ut på toppen som før. Ned igjen litt regn. Det blir nok meir Scarpa enn Hoka framover ja.
For dei som ikkje har vore opp her ute på Staveneset, er Furefjellet ein lett og grei tur opp frå Holevika. Det er skilta Høgeheia. Men lenger oppe Furefjellet der du tek av vestover ved den vesle granskogen. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar