torsdag 31. desember 2020

Godt nytt år til 3 fjelltrimbøker

Soloppgang på Toreheia 31/12

ds

I dag gjekk turen heime i frå med hovudlykt i 08-tida. Mål -  soloppgang på Toreheia. Fint å få siste turen i 2020 opp hit. Trur vel neppe det er andre fjell eg har vore like mykje på som Toreheia. Kanskje Skylefjellet. Dei er i grunn heimefjella "mine". 

Ein flott fullmåne møtte meg ovanfor Rinda. Som måtte forevigast i farten. Og ved Svartevatnet, og det første bildet for dagen, plukka eg av meg hovudlykta. Diverre forsvann månen meir eller mindre i skyer like etterpå. Men dukka såvidt opp igjen då eg nådde opp til Krikavatna. 

Bakkane var i dag tidleg harde av frost. Vasspyttar og væte islagde. Men å gå over Krikavatna torde eg ikkje. Her har eg som kjent hatt meg ein kald dukkert før.... Lenger oppe i bakkane låg det snø. Delvis som flatbrød-konsistens. Men heilt oppe ved toppen var det skare og is. 

Ein slik kjempe soloppgang vart det ikkje. Det låg nokre skyer i sør som dekka himmelen når sola kom opp over Skålefjellet rett før klokka 10. Men det klårna litt opp nokre minuttar seinare. 

Turen gjekk så vidare bort og ned den vanlege ruta på vestsida av fjellet. Ned til nordenden av Krikavatna. Deretter vest til Skylefjellet. Heilt greitt. Flott sol over Florø-landet og fjellknausane rundt meg. Mindre så med vindturbinar i morgonsol på Guleslettene. 

Partiet vest for toppen av Toreheia.
Vi ser Skylefjellet og Blåfjellet midt i bildet.

ds
Moldura t.h.

Etter Skylefjellet gjekk så ruta vidare til Blåfjellet. Måtte jo ha med meg fjelltrimposten her. Som vanleg. Det er jo kjempefint å gå denne vegen mot vest med utsikt til horisonten, øyane og havet. Og Florø. Frå Blåfjellet gjekk så turen austover på sørsida av Mangevatna, og så ned igjen til Svartevatnet og heim. 

Skylefjellet

Blåfjellet

Kjempeflott avslutning av fjelltrimåret 2020. Så då tek eg med meg forma og lysta på meir fjelltrim inn i 2021. Og håpar at bloggen med bilder og anna kan motivere andre til ei aktiv fritid. Med desse orda ynskjer eg alle som er innom turbloggen min eit Godt Nytt År.        

Video frå soloppgang på Toreheia 31/12

Foto Toreheia Skylefjellet Blåfjellet 311220


tirsdag 29. desember 2020

Glaserte hamrar og sva

Damemøte på glaserte hamrar og sva.....

I dag gjekk morgonturen opp igjen i Skorvemarka. For ein ny tur på Markahengenipa. I første omgang. For eg hadde teke med meg bra med klede og utstyr "hvis eg skulle finne på noko meir". Eg har nemleg veldig lyst på ein vintertur oppom ein eller to av toppane her, og vidare gjennom Fossedalen til Dale. Men då vil eg ha fint vèr. I dag var vel vèret heilt greitt. Opplett, rundt null grader og lite vind. Men det vart med at eg gjekk på Fossedalshengenipa etter å ha vore på Markahengenipa. Fossedalen får vere til eit betre høve. Til sol og betre lys.

Morgonstemning i Vågane i dag tidleg

Forholda var elles som de ser i headinga. Spesielt i skråhamrane ovanfor og nedanfor Krokavatnet var det ein god del is. Lenger oppe meir snø. Relativt hard. Heilt greitt ut høgdene til Markahengenipa (men det er jo vinter då...😊). Spora ut frå hin dagen viste framleis godt. 

Del av partiet ut mot toppen

Eg skifta klede på overkroppen ved "Brothers in Arms" steinane på veg tilbake. Gjekk så ned att til starten av ryggen opp på Fossedalshengenipa. Sette att sekken her og klauv opp den relativt bratte stigninga til toppen. Oppover var det ganske hard snø og is. Med broddar under skoa gjekk det heilt fint. Litt bilder og ein videosnutt på toppen før returen ned same vegen. 

Panorama Markahengenipa.
Fossedalshengenipa t.v.


Utsikt mot aust frå Fossedalshengenipa

Selfie Fossedalshengenipa

Ovanfor Krokavatnet møtte eg så Britt Hansen på veg oppover. Åleine. På glaserte hamrar og sva. Vel - kan eg gå åleine, kan vel Britt òg. Sjølv i vinterfjella.Verre er no ikkje det. Blir det for gale er det uansett inga skam å snu. Det er no kanskje beste fjellvètregelen av dei alle. Knytt godt opp mot eins eige personlege ansvar for vè og vèl. Vi slo av nokre ord. Britt og eg. Før vi ynskte kvarandre god tur vidare og godt nytt år. 

Utsikt mot søraust til Øvre Fossedal, Nordre og Søndre Kringla.

Siste stykket ned igjen til bilen gjekk heilt fint òg. Med tanken godt framme i panna at det alltid er på siste biten ein glir og skadar seg. Når ein er litt trøtt i kroppen, slappar av, og har tankane på heilt andre ting enn urane og dei frosne bakkane. På tur i vinterfjellet gjeld det absolutt meir enn nokon gong å vere bevisst kvar ein set føtene.   

Tilbake ved Grunnevatnet i Skorvemarka

Foto Markahengenipa Fossedalshengenipa 291220 

søndag 27. desember 2020

15 favoritter 2020

For trimmen sin del...

Skorvemarka frå Markahengenipa i dag tidleg

Mot vest til Stordalen
Oppe i bildet ser vi frå venstre vestsida av Heileberget.
Mot høgre ser vi Vardenova og Moldura

Eitrenipa, N&S Kringla, Fossedalshengenipa

Trur eg brukar uttrykket frikst eller friskt, alt etter som, rett som det er. Frikst er vel sunnfjordsk for friskt (korriger meg om eg tek feil), trur eg.... Men det var iallefall det det var på Blåfjellet i går og Markahengenipa i dag. 

Tidleg køyretur heime i frå til Skorvemarka i dag. Gålys då eg kom opp der. Og vått oppover. Før det gjekk over i slaps og snø oppe i ura og opp skråberga til Krokavatnet. Sameleis opp skråberga til under Fossedalshengenipa. Ganske glatt! Men her oppe låg det ein del meir tung og våt snø. Ut over ryggen var det meir avblese. Stadvis litt is. Og så bles det.... Som eg trur det har gjort kvar gong eg har vore ut her i det siste. Kald søraust kuling i kasta. Veldig lite skjul for vinden. Til og med varden er for liten til å verne seg mot vinden. Så då vart det som det pleier - namnet i boka - eit par bilder med mobilen - og aust igjen same vegen. Og ned att til Krokavatnet og Markavatnet. For trimmen sin del...  

lørdag 26. desember 2020

Høgdepunkt 2020


Eg har brukt morgontimane på å lage ein årskavalkade av turbilder for 2020. Det spesielle året. Det året mange sikkert vil kalle "det verste i manns minne".... Med stort sett to nyhende kvar dag - korona og Trump! Vel - etter å ha sett igjennom ein drøss med bilder, kan eg for min del seie at året har vore heilt topp! Første året som heiltids-pensjonist. Men også det året eg ikkje fekk reise slik eg ville. Største saknet har heilt klårt vore varmen og slaraffenlivet ved Middelhavet!

No har eg sjølvsagt teke mange bilder av meir privat art òg. Bilder som ikkje ligg på denne bildefilmen. Familiebilder med ungar og ungdommar er eit minefelt å legge ut offentleg. Det er eg blitt ganske så varsam med. Sjølv om det sikkert ligg mange bilder av rein "historisk art" på bloggen min. Men desse høyrer no ein gong fortida til. Og løyve gitt i si tid. Ungdommane "mine" dette måtte gjelde, gjer nok aldri eit djupdykk inn i bloggen min heller.... Og om den tid skulle komme tek dei seg sikkert ikkje så høgtideleg likevel 😄.

Kva 2021 måtte bringe blir eit kapittel for seg. Nokon dommedagsprofet er ikkje eg. Slikt forbrukar altfor mykje energi og krefter. Eg vèl heller å vere optimist -  suiten på Kreta til sommaren er allereie bestilt. 

Eg skal prøve å halde (tur)bloggen min levande i det nye året òg. Eg går litt på fjelltrimpostane som ligg ute. Og det ventar nye TiTur Dalsfjorden toppar. Elles vil eg nok berre late humla suse. 

Som avslutning eit dikt frå LysandeStemningar - poesi-bloggen min. Eg har kalla det for "Livet som fant" Men kunne sikkert ha døypte det for "Late humla suse" òg...😊 Så Godt Nytt År til alle som er innom bloggen min. 

"Livet som fant"

Huset mitt bles seg på skakke
det bles gjennom vegger og tak
Men eg kan Vår Herre han takke
for sikta er slett inga sak

Åleine eg sit her i hòla
Fann lukka i ringaste ly
Lèt andre i byen få skråla
Eg nynnar mi glede i sky

Når sola går ned ut i havet
til skrattande ryper og trall
 Eg smiler av jordiske kavet
i riket til himmelens hall

I dagning meg solstrålar gyller
dei skattar mitt auge so gildt
So livlege tonar meg fyller
av flammande dagar so snilt

Ja livet som fant er ei lukke
i randa eg visdomen fekk
Om regnet frå taket mon klukke
 og vegger er aldri so lekk

Kan hende ei jente hit vankar
so vakker ein dag fram om meg
Og kjærleik på døra mi bankar
i gleda av nygådde steg

Tekst og foto 
G.Skaar

 



fredag 25. desember 2020

Før meir mat...

Moldura frå Skylefjellet i dag kl 10.24

Før eit nytt juleselskap i dag 1.juledag, gjekk eg ein grytidleg morgontur til Blåfjellet og Skylefjellet. Start med hovudlykt frå dørstokken heime. Plan om soloppgang på eitt av dei to nemnde fjella. Ruta gjekk ut sørsida av Mangevatna til Blåfjellet og nord og aust att vatna til Skylefjellet. Og den merka stien ned igjen. Den vanlege runda får eg seie. 

Ruta ut til Blåfjellet i venstre kant

Ei fin morgonraude openbara seg på veg oppover. Elles frose på oppover stien. Ved Rinda og vidare eit tynt snølag. Stadvis is i stien. Noko glatt får eg seie. Likevel gjekk eg heile turen utan å ta på broddane. Vil jo gjerne spare desse til tøffare forhold. Dei slitest fort når ein går på mykje stein. Og slipe dei er eit sabla strev.... 

Yndestad og Neset i dag tidleg 

Stongfjorden

No vart det heller dårleg med soloppgang i dag. Det skya til nesten med det same. Men det kom ei glipe i skyene med ei lysning over Moldura då eg stod på Skylefjellet i 10.30 tida. Fint. Så då var det berre å kome seg ned att til nytt selskap.
 

Foto Blåfjellet Skylefjellet 251220


torsdag 24. desember 2020

Tradisjonen tru

Soloppgang 24/12-20
Ranen på Dokka t.h.
Flekkefjorden t.v.


Etter fleire turar i dårleg vèr siste dagane m.a. til Blåfjellet og Smørkletten (som eg ikkje har blogga), var det ei lise å kome tilbake til Holmedal i dag tidleg for ein tur opp Grønene til Kalderasnipa. Fin, kald og klår morgon. Frost på bilen heime og greier. 

Vikastølen før soloppgang i dag tidleg

Det var knapt gålys då eg starta frå vassverket. Flott morgonraude over Dalsfjorden i aust. Og nådde som planlagt soloppgangen aust for Dokka. Faktisk på veg ned igjen (Dokka skjuler soloppgangen når du står på Kalderasnipa på denne tid). 

Soloppgang aust for Dokka.
Flekkefjorden og Dalsfjorden t.v.

Det var kome nokre centimeter med snø i høgda. Lenger nede var det frose på. Men eg gjekk faktisk heilt opp utan broddar. Ned igjen tok eg dei på. 

Planen var egentleg å gå turen bort på Dokka òg. Men det drog opp med skikkelege tunge skyer og snøbyger frå nord. I tillegg var det ikkje allverda med varme i trekken der oppe, så eg gjekk ned igjen same vegen. Dokka får vere til neste gong. 

Kalderasnipa i dag tidleg

Fantastisk flott julaftan tur iallefall. Tradisjonen tru. 

Foto Kalderasnipa 241220


tirsdag 22. desember 2020

Ved solsnu

 

Tidlegare publisert videoar på min YouTube kanal

Med nokre bilder tekne rundt solsnu

ynskjer eg alle

 

ei strålande julefeiring 

 og 

 eit Godt Nytt tur-år

🎅

 

12.12.20 Toreheia

27.12.19 Bakkefjellet

23.12.18 Høgeheia

30.12.17 Yndestadhøgeheia

21.12.16 Svarthamrane

26.12.15 Moldura

24.12.14 Skålefjellet

29.12.13 Fossevika

22.12.12 Stordalsfjellet

21.12.11 Ytrevågefjellet

18.12.10 Gjelsvikefjellet

25.12.09 Toreheia

28.12.08 Eitrenipa

30.12.07 Heileberget



fredag 18. desember 2020

Meir haust enn vinter

Smørkletten i Askvoll i dag

Nok ein reprise på reprisen. Nei, å blogge desse trimturane i regn og vind er ikkje noko særleg. Lite å skrive heim om.... Det blir gjerne litt søkt med drøvtygging frå same toppane. Bilder blir det heller ikkje noko ut av. Så desse trimturane har eg bestemt meg for å droppe å blogge. Eg får ta det som det kjem - slik ein må med vèret og væta...!  - dette året er heldigvis snart omme....


torsdag 17. desember 2020

Raskt på Markahengenipa igjen....

Utsikt til Eitrenipa ved "Brothers in Arms"


Grått og vått i Skorvemarka i dag

Etter ei handlerunde og ein tur på Synssenteret Sør, stakk eg oppom Markahengenipa på veg heim igjen. Skifta klede og sko i Skorvemarka. Vått med regn og vind frå sør. Spesielt på toppen opna himmelens sluser seg. Men all is er smelta! Namnet i boka. Eit par mobilknips. Og same vegen ned igjen. Tima det slik at eg slapp å bruke hovudlykta. Så heim å lage middag....  

Dagens våte og vindfulle selfie 

 

tirsdag 15. desember 2020

Frå minnebanken

I det heller dårlege desember-vèret denne veka kan vi sjå tilbake på nokre haust- og vinterbilder frå Moldura. 

Ein del av bilda frå ruta på nordsida frå Stongfjorden.

Musikk 
Chris Haugen
"Fresh Fallen Snow"



mandag 14. desember 2020

Fjella på "hi sida"...


Frå Toreheia er det fantastisk utsikt til fjella på nordsida av Førdefjorden. Fjell eg har sett bort på hundrevis av gonger. Men eg må innrømme at eg er lite kjend med desse fjella. Anna enn utsjånaden frå avstand. Namna går også litt i surr (trass i 3 år på skule i Florø i si tid....)

Ein som kjenner desse fjella godt er Bjørn Angell-Jacobsen. Han var behjelpeleg med å sette namn på eit bilde eg tok på lørdag. Eg legg det ut her. Så eg kan prøve å hugse namna til seinare. Kanskje også for andre til å lære seg namna. Sjølv synest eg det er kjekt å vite kva ein ser. Også når florøyningane snakkar om "sine" fjell.   

Utsikta ovanfor er rett aust for utsikta under - 

Motivet er over 33 kilometer unna. Også eit bilde frå lørdag. Men det får stå utan vidare kommentar...


Julekulingen

Smørkletten (Steinheia) på andre turar enn i dag

Som førre tirsdag gjekk eg oppom Smørkletten då eg likevel var i Askvoll. I same ærend hjå Fredrik som då. 

Vel, no var ikkje vèret i dag i same liga. Stiv kuling, minst, oppe på toppen. Men det heldt seg stort sett opplett. Framleis litt frost i bakken og tørt. Med nokre plussgrader i lufta var det ein heilt grei trimtur. Så får vi tru at julepynten som heng opp dalen toler kulingkasta. Litt kjekt er det jo med alle julekulene.... Men kan vel neppe seie det same om julekulingen....😄


søndag 13. desember 2020

Tilfeldige fjellmøter

Fekk meg ein prat med Ingvar på Blåfjellet i dag - vi gjekk kvar vår rute

Is, skyer, stein og motlys... Moldura bakerst


Ruta vestover på sørsida av Mangevatna

ds frå "Skylefjellsruta"

Etter å ha pludra litt med småungar på besøk heime, gjekk eg opp att ein kjapp tur på Blåfjellet og Skylefjellet i dag òg. Frå dørstokken heime. Delvis motsett veg frå i går då eg kom frå Toreheia. Som i går - tørt og fint oppover. Og framleis frost i bakken. Søraust vind og delvis skya. Sola forsvann diverre meir og meir i skyer ut over dagen. 

I dag traff eg ein heil del folk. Eks-kollega Karen traff eg nedom Rinda. Ho kom opp frå Yndestad, ytre. Kjekt møte og ein liten prat. Vi skildest nokre minuttar seinare då vi skulle kvar vår veg. 

Dei vanlegvis våte partia ovanfor Rinda var fastfrosne. Og det gjekk fort ut over langs Mangevatna. Søraust vinden i ryggen. God frost i bakken heile vegen. Vatna var delvis is på. Men sjølvsagt ikkje gangbare. 

Då eg var komen ut i enden av Mangevatna såg eg ein person ved varden på Blåfjellet. Det viste seg å vere Ingvar Solheim. Så vi vart pratande nokre minuttar. Den kalde søraust-vinden sette naturleg nok si begrensning på kor lenge vi kunne sitte slik. Midt i desember. Så han fòr ned igjen i Grimelia. Medan eg tok ruta austover til Skylefjellet. Og deretter den merka "Skylefjellsruta" ned igjen til Svartevatnet. 

Ved Rinda traff eg så naboane, Kjell og Tordis på veg oppover. Så då vart det ein ny prat med dei. Som om ikkje dette var nok traff eg to damer frå Førde halvveges ned igjen. Dei på veg opp. Den eine dama ein kjenning frå før. Dei ville på Skylefjellet. Så eg forklarte litt om rutene her oppe. Noko dei sette pris på. 

Kjell og Tordis traff eg på Rinda

Så i dag vart det reine sosialiseringsrunda i fjellet her heime. Midt i desember. Koseleg det!