fredag 11. desember 2020

Soloppgang på topptur i desember

Selfie i første solstrålane for dagen på Markahengenipa

Det lysnar av dag ved Krokavatnet...

I grålysninga i dag tidleg gjekk eg opp kraftvegen til Grunnevatnet. Ein månesigd hang over Fossedalshengenipa. Søraust trekk. Stilt. Sauene til Gunnar sov i halvmørkna oppe i "vegskiftet" mellom ruta til Eitrenipa og Nipebu. Eg håpte å nå soloppgangen på Markahengenipa. 

De var delvis frose på bort myrane. Men oppe i ura var det i dag bart. Også i skråberga nedanfor Krokavatnet var det stort sett bart. Her oppe lysna det skikkeleg av dag frå sør. 

Nordre og Søndre Kringla sør av Krokavatnet i dag tidleg

I skråberga ovanfor Krokavatnet var det både ny og gamal is. Her tok eg på meg broddane. Det blir litt travelt å stadig måtte trakke utom isen. Og der det er frose på er det ikkje like enkelt å sjå om det er bart eller frost. Så det tryggaste er å ha på broddar når det er slik. 

Ein del issvullar på skråberga ovanfor vatnet

Soloppgang frå Markahengenipa - kl 10.05

I bakkane nord om Fossedalshengenipa var elles mykje is i stien. Og ut over heile ryggen på Markahengnipa var det glasert og klink is. Med litt gras inn i mellom. Broddar eit must!

Igjen fantastisk å få oppleve desember-soloppgangen her oppe. Og i dag var eg komen heilt inn på toppen på Markahengenipa då sola keik opp nett ved Fossedalshengenipa i sør.     

Som sist eg var her for ei veke sidan, var det ganske så kjøleg søraust vind. No hadde eg med meg klesbyte i sekken (som alltid no), men det vart likevel til at eg stengde alle glidelås, på med to hetter  og gjekk aust att same vegen med det same. Eit par bilder måtte no likevel til. For den som ikkje har prøvd, så er ikkje soloppgangane på topptur i desember av det heilt varme slaget....😊 

Foto Markahengenipa 111220 

Ingen kommentarer: