lørdag 12. desember 2020

Soloppgang på Peak Toreheia

Målet i dag - soloppgang frå toppen av Toreheia

Med dei flotte vèrmeldingane som var for dagen i dag, var dagens mål å nå soloppgangen over Skålefjellet frå Toreheia kl 09.48. Eg nådde ikkje heilt opp sist. Så eg gjekk heime i frå ca 08.15. Det var mørkt. Så hovudlykta måtte fram. Men oppe ved Svartevatnet var det gålys utan.... 

Ein liten månesigd hang vest om Mannsskaret i dag tidleg

I dag var det tørka veldig bra opp. I tillegg var vasspyttar og våt mose og myrar frosne til. Perfekt! Det er alltid lettare å ta seg fram når forholda er slik. Og snøfritt var det heilt til topps. Rett nok var det ein ganske så sur søraust vind i dag. På toppen var det difor inga bøn - alt av klede på overkroppen måtte av og bytast i tørt og varmt. Og så stod sola opp...

Mot Ålfotbreen

Panorama Toreheia

Den låga sola skein sine vàre strålar over det brune landskapet og farga det både raudt og rosa. Og himmelranda i vest lyste av det same. Framandelementa på Guleslettene - vindturbinane - stod som grelle pålar mot den flotte himmelen i nord. Dei høyrer rett og slett ikkje til der! Eg prøver heile tida å halde desse tankane frå meg - dei er så øydeleggande.....

I morgonlys - Askrova, Kinn, Reksta, Skorpa, Storebatalden

Vindturbinane på Guleslettene i morgonlys - over 33 kilometer unna...

Etter å fått bytta klede og teke nokre bilder, bar turen vidare mot vest. Standardruta ned nordsida av fjellet og til Skylefjellet. Her var verken is eller snø, men tørt og fint. Men søraustvinden, no delvis i ryggen, var kald. 

Kald vind og desember-sol på Skylefjellet i dag 

Vatna er delvis frosne til. Men vinden pressar isen til lands. 
Her frå ruta mellom Skylefjellet og Blåfjellet.

Frå Skylefjellet gjekk så turen vest til Blåfjellet. Til fjelltrimposten her. No ligg det bøker både på Skylefjellet og Toreheia i tillegg. Men dette er ikkje "kokurransepostar" i år. Frå Blåfjellet tok eg så ruta inn sørsida av Mangevatna. Den er merka med vardar. Så ned igjen "Skylefjellsruta" som vanleg.

Mission completed!

Ved Mangevatna i dag Toreheia bakerst i midten oppe - 
ruta til Skylefjellet ned fjellet t.v.
 
Foto Toreheia Skylefjellet Blåfjellet 121220 


Ingen kommentarer: