tirsdag 30. juli 2019

Fantastisk i Skjolden-fjella

Osen ved Åsetevatnet

Krekafossen ved Åsetelvi

Olaug på veg opp siste flata til Osen

Osen og Åsetevatnet i motsol mot Hurrungane

Klar for heimtur

Ei lita oppdatering av bloggen her.

I helga besøkte Olaug og eg Torbjørn, Ingrid Anita og ungane på hytta ved Åsetevatnet i Osen. Det er mange Osen. Men dette er i fjellet ovanfor Skjolden. DNT-hytta Fast ligg i eine enden av vatnet. I nærleiken ligg Åsete (sjå fotolink).

Vi reiste til Skjolden laurdagsmorgonen. Og etter ein lynvisitt hjå Ingrunn og Anders Bolstad, eigarar av hytta, køyrde vi inn i Mørkridsdalen der ruta til Osen/Åsete startar. Det vart ein særs varm tur oppover bakkane. Vatnet ligg på 840 meters høgde med bratt stigning opp frå dalen. Det gjekk med mykje drikke i den kvelande varmen. 

Det gjekk ned fleire flasker drikke på turen opp

På hytta vart det vanleg hytteliv. Med to små ungar byssing, pass og stell. Bading vart det anledning til. Og kveldskos på terrassen med nydeleg utsikt til Hurrungane i sør. 

Elles var det mykje folk her oppe i helga. I alle aldrar. Mange som ikkje har hytte her gjekk til Åsete der det ligg endå fleire hytter/sel. DNT ruta til Arentzbu føl dessutan vatnet inn her (sjå infokart på bildelink).

Åsete


Eit par ord om fisket. Det var nok heller av det skrale slaget. Det sa i grunn seg sjølv med temperaturar på rundt 30 grader, knall sol og blikkstille vatn. Men eit par roturar til Fast får eg seie var vinsten av fisketurane.  Det var elles dramatisk på eine roturen til Fast då det brått dundra eit  ambulansehelikopter rett over hovudet mitt både fram og tilbake inne ved DNT-hytta. Noko meir opplysningar har eg ikkje om det. Elles får eg håpe det blir anledning til meir fiske ein annan gong når forholda ligg betre til rette. Kanskje til hausten ein gong. 



Ambulansehelikopter på oppdrag ved turisthytta Fast

Vi gjekk ned igjen til Skjolden i går. På nok ein varm dag. Hjå Anders Bolstad fekk vi både dusj og mat før turen gjekk heim att til Stongfjorden. Rett nok med ein stopp for eit henteoppdrag i banken i Sogndal. 

Eg må få takke familien Bolstad for nokre flotte dagar på Osen. Det er ein nydeleg plass her oppe. Ein plass eg kan sitte i timesvis og studere dei utrulege spira på Hurrungane. Eg gler meg allereie til å kome tilbake ein annan gong....

Panorama-utsikt til Hurrungane
Hurrungane

Foto Skjolden_Osen_Åsetevatnet 27 til 29/7-19

onsdag 24. juli 2019

Heimebane

Parti av Mangevatna

Krikavatna og Mangevatna oppe til høgre

Mangevatna
'Mobilbilder/videoklipp



Stakk ein tur oppom Toreheia og Skylefjellet i føremiddag. Nesten gale å seie før varmen sette inn....! Shorts, joggesko, sol og nesten ikkje ein klegg eller fluger. Perfekt. Kunne ikkje få ein flottare sommars-føremiddag. Så var no trimmen i boks i dag òg. Det gjer alltid god for "den indre stemma".


mandag 22. juli 2019

Litt sommarvått

Øyvind og Marie med Rørvikenipa bak

I bakgrunnen ser vi Eitrenipa og Fossedalshengenipa frå aust

Toppen på Høgefjellet

Sleipt ned Bjørnastigen i dag 

I dag følgde eg Marie og Øyvind på Høgefjellet i Kvammen, så dei fekk fullføre ei runde på fjelltrimmen. Det er eit must spesielt for Marie. Sjølv om ho bur i Bergen. Diplomen må på plass! 

Vi fekk på oss litt regn. Vått var det òg frå før av. Og på toppen var det i tillegg litt vind. Vèrhardt som her er. Sjølv om temperaturen var bra, blir det uansett fort kaldt i fjellet når det er slikt vèr. Med regnet vart det også glatt. Spesielt berga og steinane oppe i Bjørnastigen. Men òg i lia opp frå Rørvika. Det gjekk fint med litt varsemd. Ingen vrikka anklar eller andre mein.  Men våte vart vi på føtene alle. Som eg sa til Marie og Øyvind - eg trur aldri eg har hatt sko på føtene der eg kan gå i vått gras utan å bli våt på føtene... Iallefall ikkje mange minuttane. Ok - kanskje i gummistøvlar då. Men då blir ein våt innanfrå! 

Elles flott tur. Handshake. Og mission completed.... 😎

søndag 21. juli 2019

Fuktig tur på byn

Anna (onkeljenta mi), Marie (stedotter) og Olaug (fruen herself)

Ingrid, Egil, Jan Steffen, Håvard og Alice er "Shitbird"

Litt av fanskaren til Shitbird

Shitbird

deLillos

ds


Gutta boys frå Daniel Kvammen på Holken dukka opp på deLillos òg...

Våt utekveld i Askvoll

Godt humør
på Bianca og Anna


Det vart ein våt tur til Askvoll for å høyre deLillos på utescena ved rådhuset i går kveld. Turen galdt dessutan like mykje for å høyre det lokale bandet "Shitbird" med Håvard (son til fruen), Ingrid (utflytt nabojente), Alice (Stongfjording), Egil og Jan Steffen. Bandet har jo sin trufaste fanskare...😎

No var vèrgudane langt frå å vere på arrangørane si side i går kveld. Synd. For "Shitbird" og deLillos skuffa på ingen måte om vèret gjorde det. Eg tykte banda var fantastisk gode. Å høyre dei gamle slagarane til deLillos var veldig kjekt.  Kokken Tor, Glemte minner og ja det var som Neste Sommer...  deLillos framstod som veldig proffe der dei lett køyrde gjennom programmet sitt. Imponert av at dei spelte såpass lenge òg. Her i Askvoll på ein veldig våt og regnfull kveld. Utan å ta nøyaktig tida spelte dei vel bort i mot to timar utan pause. Tre knall ekstranummeret tok kaka. 


Lars Lillo Stenberg

Alle kan google deLillos og kjempehitane her. Gruppa spelte dei fleste denne kvelden! deLillos er rekna som ei av dei fire store rockegruppene i Norge. 

Under ligg bilder og video frå ein veldig kjekk og fuktig kveld. (P.S. Som alltid køyrde eg heim igjen 😃).



2160 4k

2160 4K

2160 4K

2160 4K

Facebook mobil

Facebook mobil







fredag 19. juli 2019

Kremtur 3

Såvidt det renn vatn ned i Eitrefossen
Slik skal minstevassføringa vere i Eitrefossen,

slik er det no...!

Tillitsfulle sauer ved Leknesvatna

Eitrenipa i dag

Dale, Fløyen og Fossedalsvatnet

Austsida av Krokavatnet med utsikt til Nordre og Søndre Kringla

Eitrenipa frå austsida av Krokavatnet

I dag gjekk eg den fantastisk flott ruta frå Markavatnet til Leknesvatna og vidare opp på Eitrenipa. Returen la eg så ned skåra på sørsida til Eitreskaret, og nord att på austsida av Krokavatnet til Svortevikstølen og til Markavatnet der bilen stod (sjå GPS data på kart). Med mangel på logistikk for avhenting i Dale, vart det denne ruta i dag. Helst likar eg å gå over Nordre og Søndre Kringla og via Fossedalen til Dale. Men det passa ikkje i dag. Då er det veldig kjekt å kunne gå aust- eller vestsida av Krokavatnet til utgangspunktet. Så slepp ein å gå same ruta fram og tilbake. 

Elles var det ei kjedeleg oppleving å sjå Eitrefossen i dag. Såvidt det sildra og rann. Med Bjørnastigvatnet nedtappa er det ikkje vatn att til minstevassføringa  SFE er pålagde sommarstid (sjå skilt).... (Mogeleg SFE håpar på regn...) Akkurat dette bryr vel ikkje dei særs rolege sauene inne ved Leknesvatna seg noko særleg om. Eigaren kjenner eg ikkje, men dei hadde gult merke. Såg ut som dei likte å bli tekne bilder av òg...

Fotogene sauer ved Leknesvatna

Ein ting med denne ruta som kanskje er verdt å nemne, er at Eitreskaret ikkje er blant dei enklaste skara å gå. Spesielt på denne tid av året er stien vanskeleg å følgje ned til Botnatjerna då det er grodd mykje til med vegetasjon. I tillegg er det steinete og fullt av hol som ikkje er gode å sjå. Så obs spesielt hvis du skal gå ned. Det er fort gjort å vri ein ankel eller det som verre er. (DNT-ruta til Massbu går opp det andre skaret ved Botnatjerna i sør. Her er det mykje lettare å gå). 

Når eg først er inne på dette, så er det grodd veldig til med einer ved hellaren aust om Svortevikstølen òg. Her skulle det absolutt vore rydda og ordna med betre sti.  

Det er alltid like spesielt å kome seg til topps på Eitrenipa. Turen opp er utruleg flott. Likeeins utsikta. Kanskje den flottaste blant fjella i Askvoll. 

Panorama mot sør og vest frå Eitrenipa



tirsdag 16. juli 2019

Kremrute 2

Mobilselfie Skålefjellet i dag



Skålefjellet 




I dag gjekk eg den flotte ruta som nemnt under på bildefila. Start i Gjerdedalen i Stongfjorden og endemål Neset ved FV 609 litt lenger ute. I eit fantastisk flott og klårt nordaveir. Diverre gløymde eg att kameraet heime. Så mobilbilda får halde denne gongen. 

Verdt å merke seg er at det no er utruleg tørt oppe i fjellet. Så begge elvane som renn ned frå Skålefjellet er heilt tørrlagde. Ja elva som renn ned på nordsida av Moldura er òg fullstendig tørrlagd. Dette er mine vanlege drikkevasskjelder på denne ruta. Beint fram er det faktisk ikkje like lett å finne seg drikke no. Sjølv hadde eg blanda ut drikke før eg drog i dag. Sjeldan eg gjer det for vekta sin del. Men i dag var det heilt på sin plass. 

Elles? Tja... Eg traff ikkje folk. Tutla for meg sjølv i berre shortsen i det nydelege sommarvèret. Fri som fanten... Herrens glade dagar....😎



Mobilfoto frå ruta Skålefjellet Svarthamrane Fanafjellet Moldura Størdalsstauren 160719


lørdag 13. juli 2019

Remerking

Ytrevågefjellet

Vågane/Flokeneset


I dag gjekk eg over merkinga til Toreheia via Yndestadhøgeheia. Nokre timar godt arbeid. Så no er rutene via Krikavatnet og opp dalen, og den om kanten på fjellet over Stongfjorden, merka opp igjen. 

Eg tok returen om Ytrevågefjellet og til Osland. Ei ruta eg likar godt. 

fredag 12. juli 2019

Ei kremrute

Dagsturhytta ved Nyksvatnet


Ei ung jente hadde sprunge opp ranen på Dokka før dei vaksne....
(bilde teke med løyve)





I dag vart målekost og lakk att heime. Etter 4 dagar med merking ville eg heller gå kremruta frå Neset til Moldura. Der i frå ein tur nedom dagsturhytta ved Nyksvatnet i Holmedal for så å gå opp igjen på Dokka. Returen nord til Kalderasnipa og ned igjen via Eidsvatnet/Eidselva til Eidsfjorden. Dette er ei kjempeflott runde som fleire burde prøve. 

Skodda låg heilt i fjorden då eg starta. Men som tenkt gjekk eg rett gjennom skoddehavet oppe i Langedalen. Skodda låg då som eit lok over fjorden under meg. Men ovanfor skein sola som ho var gala.... Slik vèret er som no  er det alltid like artig at ein kan gå seg gjennom skoddehavet og opp i strålande solskin. Kjekt med god merking òg då... Og på ruta til Moldura frå Neset har Ansgar-Bjarne Høivik lagt ned ein stor innsats i merking. 

Det er godt merka frå Neset i Stongfjorden til Moldura


I Eidsfjorden passa det forresten utmerka med at bussen akkurat kom forbi. Sjåfør Dag Tore. Nett so i by`n sa vi i gamle dagar. Eg fekk såleis skyss opp igjen til Neset i Stongfjorden der bilen stod.  Kjempetur!