onsdag 10. juli 2019

Skoddehjelp 2


Skålefjellssauene på topp i dag


Desse ovanfor Skålefjellsvatnet

Etter to merkedagar på Toreheia, pakka eg i dag sekken igjen med måling, kost og nokre pinnar og tok Gjerdedalen fatt. Eg merka så opp DNT ruta frå Stongfjorden til første ruta til Skålefjellet. Ruta opp ved første elva. Vidare merka eg så opp over hammaren og til toppen. Eg brukar å gå over vardane her ved høve. Dei stod difor ganske greitt heile vegen opp i dag òg. No med raudmåling ++ litt ekstra merking her og der. 

Frå toppen tok eg den andre ruta ned igjen via Skålefjellsvatnet til dalen. Så no fekk denne ruta sin porsjon med måling og ekstra varding òg. Etter mitt ringe sinn vart dette veldig bra i dag. 6 timar godt arbeid. Skålefjellet ligg nok klårt for ditt sommarbesøk. Om du må tråkle deg litt opp Gjerdedalen er premien ekstra god på toppen. 

Diverre var det dårleg sikt der opp i dag. Nettopp slik det fort kan skje når havskodda blir sleppt ut av ein sekk. Merkinga er for vår eiga sikkerheit. 




Ingen kommentarer: