mandag 8. juli 2019

Helse og litt til

Kjekt å sjå etter sauer på Ytrevågefjellet/Toreheia. 

Videoar sende på direkten på Facebook i dag
(p.s. mobilen min bør no bytast)






Mange spør meg korleis livet som pensjonist er. Vel, det blir sikkert som om ein spør ein bloas i marinen korleis livet til sjøs er. Metaforen kan eg sikkert dra lenger. Som bloas i marinen spydde eg i 3 månader ombord i KNM Pil, 23 skvadron. Som pensjonist har eg hangla i 3 veker med "de øvre luftveier" - for  å seie det på den måten. Sorry, eg skal ikkje brodere dette ut noko særleg meir. Det jækligaste eg veit er å høyre kor sjuke folk er. Akkurat det slår vel begge veger. Men no har det seg slik at eg har ei kone med 40 års fartstid frå eit legekontor, så eg kan ikkje kome her og kome her... 😀

Vel, vel. Så er det noko med å halde seg i ro då. Sofaen er god den. Pokkar heller. Mykje bra på Netflix og HBO òg. Tour de France og greier. Men i dag måtte eg likevel ha luft under vengjene igjen. Eller i de øvre luftveier då...

I lengre tid har vegvesenets refleksstenger (utrangert modell) på ruta til Toreheia plaga meg. Det er lite behov for dei no. Og vintervandringane mine med hovudlykt har det blitt mindre av med åra. For andre folk er desse lite aktuelle no når Toreheia ikkje er fjelltrimpost. Dessto meir fokus har det blitt på plast i naturen. Så eg må innrømme at eg har hatt dårleg samvit for desse stengene i lenger tid. Plast høyrer ikkje heime i naturen! Så enkelt er det. Så i dag putta eg to nye pencellintablettar i kjeften, og gjekk ruta Ytrevågefjellet/Toreheia med det føremål å plukke refleksstengene med meg heim igjen. I same snuren varde eg opp igjen ein god del av ruta mellom Krikavatnet og toppen. Så gjenstår litt ekstra raudmåling her og der. For det er vel lov. Det brukar iallefall DNT "overalt"... 

Mitt kjøre motiv - vadet på Krikavatnet

Elles vil eg ein av dagane remerke og rydde ruta frå Stongfjorden til Siklebergvatna. Dette er første delen av DNT ruta til Nipebu her i frå. Dette er eit soloprosjekt eg føler eit visst ansvar for. I dag er eg likevel ikkje DNT-medlem. Men eg vurderer å melde meg inn igjen no når folk i turlaga endeleg har vakna i vindkraftmotstanden. Grunn 2: Nipebu-historia får ligge i denne omgang....

Heldigvis ser det ut til av vi får ei flott sommarveke denne veka. Eg har ein plan om å reise i Haukedalen eit par dagar for å fiske. Men då må eg ha ein ledig båt. Eg ventar på svar. Så får vi sjå. 

Elles står eit ryddeprosjekt i Øvre Fossedalen på programmet. Når prioritering, krefter og helse spelar på lag. Ruta til Kringla treng ryddast. Så ja, her er rikeleg å ta tak i før Kreta-turen om ein månads tid. 


Det fine med å skrive blogg er i grunn at ein forpliktar seg litt sjølv med det ein skriv. Det kan kanskje vere greitt for eigen del når eg framover har alle dagar fri til å gjere nett det eg vil....😎


Ingen kommentarer: