tirsdag 31. januar 2017

Otters in Stongfjorden


Eg vart minte på denne historia i Firda i dag. Så eg legg den ut att. 
Fekk denne koselege opplevinga under ein joggetur til Staveneset!

søndag 29. januar 2017

Ein rar vinter

Smørskornova

Fint lys ut Flekkefjorden
  
Vassenden på Langevatanet
i Holmedal
Skålefjellet

I dag starta fjellturen i Oslandsbotnen i 09-tida. Opp Brekka til Botnastølen og vidare til Svelia. Så opp skaret på sørvestsida til Smørskornova. Her kryssar denne ruta den merka stien frå Stongfjorden til Nipebu. På toppen av Smørskornova skein sola flott ut Flekkefjorden (sjå bilde). 

Så gjekk turen vidare ned på vestsida av fjellet til Langevatnet. Følgde så ovannemde merka ruta til aust om Siklabergvatnet, og vidare opp høgda mot Svarthamrane. Deretter beint nord til Skålefjellet i Stongfjorden. 

Varden på Skålefjellet hadde fått seg ein trøkk. Om det var Urd eller lynnedslag veit eg ikkje. Men fleire steinar var falle av varden. Også der boksen med boka hadde lege var rasert. Boksen såg eg difor ingen ting til. Borte vekk. Sikkert for alltid. Det skal iallefal eit under til å finne den igjen... Så no må eg ha meg ein ny tur opp dit med ny bok, og rette litt på varden. 


Dryss av nysnø blåst inn i kvar ei sprekk


Turen gjekk så ned att mot bygda via Skålefjelletsvatnet (øvste ruta) og Gjerdedalen. 

Det er i grunn litt rart å vandre i fjellet no. I dag kjendest det ut som det var vår i lufta. Og iallefall ikkje i slutten av januar! Null snø, våt is og fleire plussgrader. Ganske høgt til fjells. Men på toppen av Skålefjellet hadde det drive inn noko snø med vinden i løpet av natta. 

Flott tur i dag òg!


lørdag 28. januar 2017

På tide

Tidleg morgonlys ved Skålefellet

Kald vind på Moldura i dag

Mot Holmedal og Straumsnes

Olina hadde pynta seg
til eg kom heim
Eg gjekk første turen for året på Moldura og Fanafjellet i dag. Og første turen etter at eg drog på meg den langdryge lungebetennelsen her opp i desember. Eg tok grytidleg avgarde. Omlag 7.30 sidan det var stjerneklårt ute og meldt regn ut over dagen. Eg hadde med hovudlykt, men skimta akkurat stien oppover utan ekstra lys. Første lyset for dagen rundt Skålefjellet i aust var nydeleg. 

Det vart fort både kald trekk og isete. Men broddane lèt eg ligge i sekken for ikkje å slite dei ut på stein o.a., og valde heller å stige utom isen. Snøflekkane som låg oppover var steinharde, men dei gjekk greitt å forsere utan broddar. På toppen var det iskald søraust vind. Eg bytte difor alle kleda på overkroppen bak varden. 

Eit par bilder seinare gjekk eg ned igjen på nordsida, og tok hellinga over mot øvst i Fagredalen. Deretter bort på Fanafjellet. Eg var litt i stuss om eg skulle går vidare mot Mannskaret, og ta med meg Skålefjellet og gå ned att Gjerdedalen, men fann ut at det var nok søraust vind for dagen. Må innrømme at sykja låg i bakhovudet. Så då gjekk eg turen om Langevatnet og ned att til Neset i Stongfjorden der bilen stod. Ja, og var heime igjen før klokka 11. Til leik og spel i heimen...:-) 




søndag 22. januar 2017

Vått og godt

Vadet på Krikavatna

Ikkje mykje som minner om vinter heime
Det vart heldigvis litt mosjon denne helga òg. I går køyrde eg bilen i Holevika, og sprang for det meste vegen heim igjen til Stongfjorden. Det er no eit bra stykke. Iallefall forma mi no teke i betraktning. Sissel og Olaug gjekk deretter ut same vegen, og køyrde bilen heim igjen. Fin ordning!

I dag gjekk eg turen på Toreheia igjen. Under heilt andre forhold enn sist søndag. Det var ikkje ein snøflekk igjen. Nei - det var heller ikkje is på Krikavatna. Ikkje for meg heller.... Elles var det litt yr i lufta. Og sjølvsagt skodde og vind på toppen. Og vått.. Overalt. Som trimtur heilt ok. 

mandag 16. januar 2017

Isbad og pepar

To bilder frå Krikavatnet 18/1-14

Det vart litt oppstyr av episoden på Krikavatnet i går. Både den eine og den andre kom på bana.... Og som alltid er det lett å vere etterpåklok. Sant nok har eg gått veldig mykje her oppe - både på og ved vatnet. Og alt det der om ei vinternatt før...

Turen i går er historie. Så får ein ta lærdom av det. Men når først så gale skal vere ute at ein går gjennom isen, ja så er det vel faktisk ein fordel å ha gjort det før.... Som eit slags kurs i overlevelse. Om eg aldri kan tenke meg å gjenoppleve dette stuntet igjen! Nokon annan måte kan eg ikkje sjå på dette ufrivillige isbadet...! Å dvele ved andre tankar har ingen ting føre seg.


søndag 15. januar 2017

Oh shit...


Begge foto Yndestadhøgeheia...
med iskalde føter!

Det var antydning til dramatikk i dag tidleg då eg gjekk gjennom isen på Krikavatnet. Det virka som isen var trygg innerst inne ved land, men lenger ut på gjekk eg brått gjennom. Sjokket, ja sjokket var rimelegvis stort. Så mykje tid til å tenke var det ikkje, men eg fekk løyst ut stavane og drog meg opp igjen der eg kom i frå. Svarte svingande. Ein time heim igjen og mange minusgrader. Situasjonen var heilt surrealistisk og totalt idiotisk! Men det som kanskje var det mest idiotiske, var at eg heldt fram oppover. Med stadig lenger veg heim igjen....

Vel, på høgda rett under toppen måtte eg gjere noko med føtene og tærne. Dei var fullstendig kjenslelause. I den bitande kulden fekk eg av alt på føtene, men utan sokkebyte og med våte sko, var gode råd dyre. Det einaste eg fann på var å dra over føtene eit par innerhanskar og deretter eit par brødposar. (Eg brukar ofte brødposar som mellomlag mellom to par sokkar om vinteren, så eg snudde dei eg hadde på meg). Så fekk eg på meg dei våte skorna igjen og la til palings ned over Yndestadhøgeheia. Til palings og til palings fru Blom. Snøen rakk jo meg til låra rett som det var, og pusten gjekk som ein blåsebelg. No rett nok utan lungebetennelse...! Buksene hadde teke av for det meste av væta, og alt på overkroppen fekk eg skifta. Men timen heim att vil eg gå forbi i det stille.... Men for å seie det slik - eg fekk ikkje nyte han! 

Heldigvis ser det ut til å gå bra på heile greia. Smerten i føtene og tærne då eg stod i dusjen heime var nærast uuthaldeleg. Men amputasjon slepp eg visst denne gongen òg... 

No er det andre gongen eg har gått gjennom isen på Krikavatnet. Ja, eg har visst ein episode på Langevatnet ved Nipebu òg. Kanskje på tide ein tek til vèt. Flaksen kan jo vere oppbrukt... sjølv om ein seier at trening gjer meister. Men i røynda kan dette blogginnlegget fungere som skrekk og advarsel til andre. Sjølv om ein er aldri så fjellrøynd....

lørdag 14. januar 2017

I gong att...


Snødrev og dårleg sikt i høgda i dag tidleg
Etter å ha vore slegen ut av lungebetennelse i fleire veker, var det jammen godt å kome seg til fjells att. Om ikkje meir enn til Krikavatna. Det var nok i denne omgang. Ikkje minst fordi det låg lausssnø opp til knea i øverste partiet. Og med snødrev og dårleg sikt i tillegg valde eg å snu. Heilt sikkert fornuftig. Iallefall kjendest forma bra ut, så no blir det nok fleire turar framover. Kjekt!

tirsdag 10. januar 2017

Sommar-draumar



Ja, vi treng vel alle å ha noko å sjå fram til. Spesielt på denne tid av året treng iallefall eg det. Difor bestiller eg i januar som oftast tur til varmare strok. I år går såleis turen til Rhodos igjen. Som for 2 år sidan (Kreta i fjor). 

Turoperatøren i år vart Apollon. Tykkjer dei har best utval til Hellas. Destinasjonen blir Kalithea/Faliraki - rett sør for Rhodos-by. På den vindstille delen av øya. Det skal bli herleg. Bilda som ligg ved blogginnlegget er henta frå nettet og viser m.a. 2 romsleiligheita vi har bestilt.


lørdag 7. januar 2017

Ein annan tur...

Fullmåne ein tidleg januarmorgon på Nordheia.
 Heilevangstaurane i bakgrunnen.

Ja, ja det vart no ein tur i dag òg. Den daglege ruta mi - til Førde! No er det slett ikkje vanleg at eg tek denne ruta ein lørdag. Når sant skal seiast er det ytterst sjeldan. Det blir nok køyring med det som er... 

Nei det har seg slik at Olaug fekk karva bilen under stormen Urd. Parkert i Dale fekk bilen ei flygande trampoline over seg. Skadane var såpass alvorlege at det kosta omlag like mykje å utbetre dei som bilen var verdt. Så den vart kondemnert. 

Å kjøpe ny bil er inga lett sak. Det aular med bilforhandlarar i Førde, og såleis mange gode bilar. Som alltid blir spørsmålet kor mykje ein skal legge ut på denne forbruksvara. For er det noko som slett ikkje løner seg så er det å kjøpe bil. Bilen er eit vanvittig utgiftssluk. Med eit vanvittig verditap! Det kan eg skrive under på etter å ha pendla i 30 år eller so.... Men du veit - når ein bur som ein bur - som stabeist ute i hutiheita, så treng ein jo bil. Ein snakkar så fint om å nytte kollektiv transport, og rett nok går her ein buss no og då, men med ein arbeidsplass i Førde og ein i Askvoll treng vi to bilar. Og då må ein av og til gå den tunge løypa gjennom lokala til bilforhandlarane i Førde. Stress. Comme ci comme ca. Usikkerheit. Og ei soge om "ein sognemann og ein forherda halling". Ein må tenke strategi for å opparbeide seg kjensla av å ikkje bli lurt. Kjensla i etterkant av å ha fått forhandla fram det beste ein greidde å vri ut av seljaren. Ja, for å handle bil er om lag som å kjøpe eit kvart i syden. Ein må prute så det monnar, og få mest mogeleg utstyr med på kjøpet.

Vel, vel nok om det. Vi har fått desse turane i går og i dag. Og valet står mellom to bilar. Ikkje verst. Faktisk minst like mykje verdt som ein lang og strevsam fjelltur. Fjella ligg no der. Og så fekk helsa mi ein dag til på å kome seg.... Om kondisjonen er like god på neste fjelltur som på turen i Førde i dag,  ja det står att å sjå. Heldigvis slepp eg å forhandle med nokon om den...


torsdag 5. januar 2017

Spasertur

Utsikt frå Stangsåsen

Heile bygda

For å få litt frisk luft i dag òg spaserte eg ein tur om demma og Industriminneløypa og heim att. Herleg med eit par, tre minusgrader. 

No er det ikkje sol i sjølve Stongfjorden, men på Yndestadhøgeheia spegla sola seg i krittkvit snø. Flott. No går det rette vegen....

onsdag 4. januar 2017

Helsa kjem seg...

Utsikt sørover motEidsfjorden

Utsikt mot Follevåg

...sakte, men sikkert. 
Eg tok meg difor ein spasertur etter vegen til Underset og heim igjen i mørkninga i stad. Det var ganske så fint, men med ei tett snøbyge. Den var over på 10 minutt. 
Eit par knips med mobilen måtte til. 

No ser eg berre positivt på tida framover. Det blir nok fjellturar i år òg... 
Men jammen var denne lungebetennelsen seige greier! 
Noko slikt har eg aldri vore bort i før....

mandag 2. januar 2017

Snø

Første snøen i Stongfjorden denne vinteren...
Peter synest det er kjekt med snø.
Men som vanleg ligg vel snøen berre ein dag eller to...
so er det på`an igjen med regn og vind. 

søndag 1. januar 2017

Med bod om eit godt nytt år

Hytta lyste flott opp i den låge 1.januar-sola ute ved Åreskogen

Beinrestar etter den stranda kvalen på Staveneset frå i fjor vinter

Sol over Atløyna
Dei første pusekattane for året....
Etter at desember meir eller mindre gjekk i vasken grunna lungebetennelse, er eg endeleg nokolunde oppegåande igjen. Lungene er ikkje heilt gørrfrie endå, men betre. 

Uansett bestemte eg meg i dag for ein tur ut. Første dagen i året måtte eg berre det. Kledde meg difor godt, og spaserte ein tur ut på Staveneset. Så fekk eg hoste i fred med eg ville.... Turen gjorde usannsynleg godt. Takk til fruen som henta meg på Underset på veg inn igjen. 

Med desse orda vil eg ynskje alle lesarar av bloggen min eit flott nytt år. Ikkje minst eit flott nytt turår! No håpar eg berre på at all dekelskapen slepp taket i kroppen i løpet av veka. Og ja, at vèret blir litt betre òg...!