onsdag 30. september 2020

Nye programpostar

Sol og skugge - skyer kjem opp frå sør av Moldura

Panorama mot søraust og sør frå Blåfjellet i Grimelia.
Ruta frå Yndestad går over ranane t.v.

Panorama frå ruta mot nordvest og nord.
Ruta går ut t.v. ved Mangevatna. Vi ser att ranane frå aust.
Skylefjellet og Toreheia mot høgre

I går silregna det. Skodda hang i fjorden. Så då vart det ingen fjelltur. Men det gjorde seg med ein times rask gange inn Solsidevegen og asfalten heim igjen. Det er no greitt nok det. Til kvardags. Det viktigaste er å kome seg ut. Uansett vèr og vind. Ein treng nødvendigvis ikkje gå på dei høgaste toppane når ein ikkje ser handa føre deg.... 

I dag vart det tur til Førde. Service, olje- og dekkskift på Rav`en. Fint å få ein tur innom dekkhotellet då vi skal austover om 14 dagar. 

Heime igjen vart vèret så bra at eg tok meg ei runde på Blåfjellet i Grimelia. Den nye trimposten til AHIL frå 11. oktober. Deretter gjekk eg aust til Skylefjellet. Sistnemnde som går ut som post på TiTur Dalsfjorden 2020 i morgon. Litt søraust vind der oppe. Og så forsvann sola i eit tjukt skylag som dreiv opp frå sør. 

Det er veldig kjekt at så mange har gått turen på Skylefjellet i år. Eg har ikkje talet. Men det er ikkje reint få. Eg gler med til dei ansvarlege har fått talt opp. Minst like kjekt er alt skrytet av dette unike naturområdet.  

mandag 28. september 2020

Ingen sau, berre gull i gull

Stongfjorden i dag

Yndestad

Det vart lite fjell i helga då vi var barnevakt for 4 i Bergen frå fredagsmorgonen til søndag. "Gjengen" var på blåtur til Voss som ei forseinka 20-års feiring av Peter. (Meininga var jo Tysklandstur til hans kjære Dortmund lag, men på grunn av koronen du veit...) No var det visst veldig kjekt på Voss òg i det fine vèret. Rafting, vindtunnel, kino, hytteliv og greier. Sjølv vart det litt "stull og stell" med ungane i nærområdet i Fana på Olaug og meg. Inkludert ein fantastisk solnedgang fredagskvelden. Som mange andre òg fekk oppleve. 

Solnedgang i Fana fredag

I dag vart det så mandag igjen. Og framleis flott vèr. Så då gjekk eg av stad for å sjå etter nokre sauer som Henrik manglar. 

Før helga såg eg sauer ved Skylefjellet då eg kom frå Blåfjellet. Men fekk ikkje sjekka desse ut før deg mørkna. Eg gjekk difor til Blåfjellet i Grimelia først i dag tidleg. Og fann nemnde sauer litt lenger vest enn hin dagen. Med kikkert kunne eg konstatere at desse høyrer til her i Stongfjorden og ikkje oppe i Vågane. 

Dei nemnde 4 litt aust for Blåfjellet i Grimelia

Eg gjekk så ruta vidare til Skylefjellet. Opp over Storesva, bort i Kjennahola og aust for Toreheia. Før eg tok med meg toppen på Toreheia. Ingenting å sjå i det brunfarga landskapet, skinande som gull i sola. Fantastisk dag. Blikkstille til havs og ned i Stongfjorden. Litt disig då og ein bitteliten trekk oppe på fjellet. 


Begge foto ovanfor: Ved Storesva

Kjennahola

Kjennahola og Stavestranda

Parti sørvest om Toreheia. Yndestadhøgeheia t.h.

Vi ser Mangevatna, Blåfjelelt, Skylefjellet og parti av Krikavatna

Returen heim att frå Toreheia tok eg i dag via Yndestadhøgeheia og Selda. Og fekk då med meg og sikt til heile området vest om Ytrevågefjellet. Så med 90 prosent sikkerheit kan eg no seie at det ikkje går fleire enn dei nemnde 4 sauene her oppe på fjellet på nordsida av Stongfjorden no. Dei eg såg etter går nok i skogen i Oslandslia. Førebels litt vanskelege å sjå med alt lauvet på trea. Men dei er nok snart på heimebøen dei òg. Kjempeflott tur!


torsdag 24. september 2020

Oktober gleder


Eg har sett saman ein bildeserie frå oktober månad.
Dette som eit incentiv til å nytte fjellet som eit godt helsemessig tiltak sjølv etter at registreringa på TiTur Dalsfjorden 2020 er slutt 1.oktober 
(hugs lyd og HD innstilling).

Oktober er ei framifrå tid i fjellet. 

onsdag 23. september 2020

To på nordsida

Harald og Bjørn på tur i ettermiddag

Selfie på Blåfjellet. Heilt bakerst Toreheia t.v. og Skålefjellet t.h.

Solnedgangen på veg sørover no...

Deler av ruta på Blåfjellet. Mangevatna t.v.

Hytta ved Svartevatnet

Ved Svartevatnet i kveld

I dag vart det like godt to turar. På Høgeheia til frukost i delvis regn, og ein tur på Blåfjellet i Grimelia etter middag. 

Utegangarane på Høgeheia skal snart sankast. I dag gjekk dei nesten heilt vest ved Furefjellet. Dei kvite dottane lett avslørde i det haustbrune landskapet utan tre. Elles var det ganske vått og ein del gjørme i dag. Så det vart berre rett opp og ned. Furefjellet kutta eg ut. 

I ettermiddag letta vèret opp ein heil del. Sidan det av ymse grunnar neppe blir fjelltur i morgon og på fredag, gjekk eg ein tur på Blåfjellet i Grimelia òg. Frå 11. oktober er toppen ny trimpost på fjelltrimmen til AHIL.

Nedanfor Rinda traff eg først på to jenter som eg reknar med hadde vore på TiTur posten på Skylefjellet. Deretter gjekk eg på naboane Harald og Bjørn. Så eg slo av ein prat med dei. Harald på veg opp og Bjørn på veg ned. Vi kom inn på vindturbinane på Guleslettene som hadde dukka opp som eit framandelement i horisonten i nord. Men let det vere med å utdjupe dette noko nærmare...

Elles flott tur utover mot Blåfjellet. Gull i gull i låg haustsol. Og nesten heilt vindstille. Perfekt kveldstur. Det blir nydeleg å gå denne ruta i haust når trimposten kjem opp. 

Foto Blåfjellet (Grimelia) 230920 

mandag 21. september 2020

TiTur Dalsfjorden 2020 mot slutten

 Fossedalshengenipa frå Brendeheiknappen 21.oktober 2016

Fløyen t.v. frå Brendeheiknappen 

Soloppgang frå Brendeheiknappen. Laukelandshesten t.v.

TiTur Dalsfjorden 2020 går mot slutten. 1. oktober er siste registreringsdato. John Lien, Ingeborg Tysnes og Indre Sunnfjord Turlag skal ha stor takk for det praktiske og organisatoriske arbeidet med dette flotte tiltaket. Personleg synest eg det er veldig gjevande å vere med på rydding og tilrettelegging av stiar.

Eit par av toppane som no går ut har eg eit spesielt forhold til. I Stongfjorden har Skylefjellet vorte veldig godt motteken av mange. Med sitt nydelege og urørde naturområde. Dessutan Brendeheiknappen - ei bortgøymd lita perle i Fossedalen som heller få har brukt som turmål. Det gler meg at begge desse toppane har kome til sin rett. Forholdsvis lette og greie toppar å nå for alle.

Eg håpar at mange vil nytte desse flotte toppane framover. Sjølv etter 1. oktober. For begge er nydelege som turalternativ framover hausten. Og heile året for den del. Ja, for det er faktisk no framover ein verkeleg får fram fargespekteret i naturen. Når sola står lågare på himmelen og haustfargane glødar som gull. Og ikkje minst premien med å halde vedlike både form og turlyst.

I denne posten har eg plukka fram nokre oktoberbilder frå Brendeheiknappen.

lørdag 19. september 2020

Haustens vakraste eventyr

Krikavatna og Mangevatna - 
sauene går fint opp bakkane føre meg mot Toreheia, men eg må nyte utsikta litt òg....

Deler av sankeområdet i dag. Vi ser Hjartebuvatnet og Toreheia frå aust.

I dag var det sauesanking av sauene i Vågane. Dei går her på nordsida av Stongfjorden. Haustens vakraste eventyr... Og det måtte eg vere med på. Som før. Og som på sørsida av fjorden førre helg. Vel, ein ting var forskjell frå i dag og førre helg - vèret. Det var nemleg perfekt. Skyfritt. Vindstille. Og sola kikka fram over Portafjellet her heime då eg gjekk i 08.00 tida. 

Eg hadde bestemt meg for å gå på Skylefjellet først. Og såleis ta med meg området på nordsida mot Toreheia. Det har vist seg før at her går dyr. Det stemde på ein prikk. Dei første 16 gjekk i bakkane nett ovanfor elva ut av Krikavatna. 

Morgonstemning ved Mangevatna

Dei første i dag

Desse første sauene gjekk som perler på ei snor, og tok så sørsida av Toreheia på veg austover. Eg følgde på god avstand. Lett å sjå spora i det våte terrenget. Deretter gjekk dei sør om Hjartebuvatnet og over fjellet mot Oslands-sida. På turen fekk vi etter kvart besøk av fleire. Og til slutt vart det 41 stk på veg til Vågane. Eg overlet desse til Henrik. Han kom til møtes med nokre ovanfor Oslandsliene. 

Fin utsikt heim frå turen i dag

Fin utsikt til Stongfjorden frå turen i dag

Første flokken på veg austover ved Hjartebuvatnet

Første flokken på veg mot Vågane - bye bye - dåke gjekk fint...

Eg gjekk så over fjellet på sørsida av Ytrevågefjellet og vestover igjen. Passerte i dalen mellom Ytrevågefjellet og Toreheia, og opp på Toreheia. Måtte få med meg nordsida som eg ikkje fekk med meg på første turen. Det var ingen sauer i Kjennahola. Men rett nordvest for Toreheia gjekk det 9 til. I motsetnad til dei første 41 gjekk desse nordsida av Toreheia og rett i Kjennahola. Vel, det var ikkje noko val. Eg måtte slå følgje... Ned i skuggelandet, våte og sleipe bratta!

Dei 9 neste sprang i Kjennahola (Toreheia opp t.h.)

Det var litt bal å få dei over elva frå Hjartebuvatnet. Opp og ned - og til slutt litt springing - før dei skjønte at dei måtte over. Og då gjekk det greitt. Trur faktisk turen hadde teke litt på sauene òg - for dei gjekk ganske fint no. Og kryssa nord for Ytrevågefjellet retning Vågane. 


Andre flokken på veg ned til Vågane

Nede i bakkane her, og også lenger aust, var det bra med sankarar. Så her nede permiterte eg meg sjølv. 6 timar i eitt åleine, utan anna enn photoshots, var nok for ein pensjonist...😎 Så eg returnerte ned til gruvene i Vågane og fekk Peter til å hente meg. Litt artig at det akkurat vart 50 sauer som hadde gått her ute, og no var komne til Vågane...😃 

Foto Sauesanking Skylefjellet Toreheia Ytrevågefjellet Vågane 190920 

fredag 18. september 2020

Blegja - ny

Frå topplatået mot vest 10/8-20

 

Eg har laga fleire bildesnuttar frå Blegja tidlegare. Her er ein ny serie. Krydra med nokre gamle bilder òg. 

Blegja er som vi veit årleg fast og frivillig post på fjelltrimmen i AHIL (Askvoll og Holmedal Idrettslag) og gir 50 poeng. Boka blir bytt ut andre helga i oktober. Ny sesong startar såleis 11.oktober i år. Den vanlegaste ruta opp er frå Rørvika i nord. Turen skissert i ut.no. Men du kan òg gå frå Solheimsdalen og Bygstad. Eller frå Laukeland. Ein lengre tur er å gå frå Otterstein og via Fossedalen og Blåegga. 

Blegja er med sine 1305 moh høgste fjellet i Askvoll kommune. For dei fleste er turen rekna som ein krevjande topptur. 

torsdag 17. september 2020

Fjelltrimtoppar 2020/2021

Frå alternativ rute til Blåfjellet i Grimelia frå Yndestad. "Skylefjellsruta".

Denne ruta går over "Dei tre bukkane Bruse" på sørvestsida av Mangevatna...

...her
Toreheia i bakgrunnen

 

Du føl ruta til Røyrbotnholten. Men tek austover DNT-ruta til Nipebu når du kjem opp under toppen, og vidare aust forbi vatnet. Deretter opp det bratte skaret på framsida. Ruta er merka.

Turbeskrivelse Blåfjellet i Grimelia

Her kan du òg gå mesteparten av stien til Skylefjellet frå Yndestad. Gå ut sørvestsida av Mangevatna. Her er varda mot vest. 

Turbeskrivelse Smørkletten/Steinheia 

Turbeskrivelse Markahengenipa 

Til Kalderasnipa kjem du ved å følgje stien til Dokka om Nyksvatnet

Det er skilta ovanfor vatnet. Sjå òg her.

Turbeskrivelse Blegja

Kart 



Vardeheia (Vardenova) - ny fjelltrimtopp frå 11.oktober

Utsikt frå oppstigninga til Vardeheia (Vardenova) frå aust. 
Vi ser austover Stordalen med Stordalsvatnet


Den siste av dei frivillige toppane på neste års fjelltrimsesong, oppstart 11.oktober, er Vardeheia eller Vardenova (kjært barn har mange namn)... Eg laga ein liten bildesnutt av denne toppen òg. Dei andre toppane er skissert i blogginnlegg her

Vardenova, eller Vardeheia, som er namnet nytta i fylkesatlaset, er som vi ser ein 30 poengs topp. Og heilt klart den mest krevjande av årets nye toppar. I år merka frå Rivedal. Fjellet med sine 777 moh (lett å hugse) og ovale form, er ganske dominerande i høve dei andre fjella ikring. Som dei fleste andre toppane i kommunen er det flott utsikt i alle himmelretningar. Spesielt synest eg utsikta austover til Portafjellet, Stordalsfjellet, Stordalen og Nipebutraktene er flott!  

Sjølve oppstigninga på framsida er bratt. Men ein kan gå inn dalen langs den merka løypa til Nipebu, ta av frå denne, og gå opp austsida. Denne biten er mindre utfordrande enn å gå opp det luftige skaret på framsida. Dog noko lenger. Spesielt om vinteren med snø og skare/is treng ein gode broddar/stegjarn for å gå opp framsida. Korleis merkinga blir i år er førebels ikkje kjent for underteikna.  

Reint generelt vil eg seie at komande sesongs toppar er relativt enkle og greie. Ja, faktisk fine å gå på i heile vinter. Unnataket er Vardeheia - 30 poengs toppen. Og sjølvsagt den frivillige posten på Blegja. Så her er det berre å finne fram gode klede, sko og vinterutstyr, og gjere seg klar for flotte naturopplevingar og god trim! 

Stå på!

Årets toppar frå 11.oktober

Blåfjell                   10 p. (Grimelid)
Kalderasnipene    10 p. (Holmedal)
Markahengenipa  10 p. (Skorva)
Smørkletten          10 p. (Askvoll)
Vardenova            30 p. (Rivedal)
Blegja                    50 p. (Rørvik) 

Utegangarliv

Fann dei i dag òg....

Moldura, Kalderasnipene og Dokka t.v.

Furefjellet

Eg tok meg ein trimtur over Høgeheia og Furefjellet i dag for å sjå etter utegangarane. Og eg fann dei vest om Høgeheia på ruta vestover til Furefjellet. Det er ofte i dette partiet dei brukar å gå. Dei såg ut til å trivast. Som meg. Flott vèr og litt trekk. Men betre vèr enn dette kan ein vel ikkje forvente midt i september!

Elles sat turen frå i går i føtene. Men veldig godt å få gå av seg litt eit par timar.

Foto Høgeheia Furefjellet 170920 

onsdag 16. september 2020

Blåfjellet (Grimelia) - ny fjelltrimtopp frå 11.oktober

 

Blåfjellet i Grimelia er òg ny post på fjelltrimmen frå oktober av. Det blir merka sti frå Grimelia. Sjølv likar eg best å gå frå Yndestad. Då tek ein av frå ruta til Skylefjellet og går vestover sørsida av Mangevatna. Lett kupert og oversiktleg terreng. Ein fantastisk tur. 

Mange er blitt kjende med deler av denne ruta til Blåfjellet sidan Skylefjellet er post på TiTur Dalsfjorden nokre dagar til. Ikkje minst er denne stien flott om hausten når sola går i hav rett i vest. Ovanfor sette eg i hop ein bildeserie frå Blåfjellet og deler av ruta.


Eitrenipa & Eitrenipa rundt

Skorvemarka med Markavatnet og Øyravatnet

Motiv ved Leknesvatna - 
Kringlefjellet, Rørvikenipa, Blegja og Synste Stauren i bakgrunnen

Dale og Øvre Fossedal

Panorama - Flott utsikt frå Eitrenipa (du kan laste ned bildet og zoome det opp for detaljar)

ds

Mange særeigne og gamle fjellfuru på strekninga aust for Krokavatnet - 

Parti frå ruta aust for Krokavatnet mot Svortevikstølen

I dag gjekk eg den fantastiske turen frå Skorvemarka til Leknesvatna og vidare opp på Eitrenipa. Ein tur eg er veldig glad i. Det er nemleg nydeleg terreng når du kjem opp over den flotte Eitrefossen og vidare austover. Sjølve oppstigninga til toppen er ganske bratt, men grei når det ikkje ligg snø og is. Eit lite parti er litt luftig mot vest.... Returen gjekk eg via skåra på sørsida og ned i Eitreskaret. Nett nedanfor den gamle geitefloren ovanfor Øvre Fossedalen tok eg så nordover og gjekk austsida av Krokavatnet til Svortevikstølen (Krokvasstølen) og ned til parkeringsplassen ved kraftstasjonen ved Markavatnet (sjå gps-bilde). 

Det har regna i bøtter og spann i det siste. I natt må det ha kome ned mykje òg. Eg veit knapt om eg har sett at både Bjørnastigvatnet, Leknesvatna, Markavatnet og Øyravatnet var så fulle at det rann vatn heilt frå øvste fjellet og til fjorden. Vatna er som kjent regulerte, men no smekk fulle! 

Stor vassføring ut av Leknesvatna i dag

Eitrefossen

Vatn, væte og myr var det elles overalt i terrenget òg. Så turen i dag vart vel heller av det tunge slaget. Litt overdrive gjekk det med 5 timar i sugande myr! Men du verden - jammen heldt ikkje dei nye Lowa skoa mine meg tørre på føtene i dag òg. Heilt fantastisk!

Elles er ruta frå Markavatnet og innover nordsida av Leknesvatna og til toppen bra merka med vardar. Verdt å merke seg er at ned Eitreskaret er det ganske krevjande no når det er så tilvakse med vegetasjon. Noko bratt, steinete og sleipt er her òg. Og vondt å sjå kvar ein set foten. Her må ein vere på allerten så ein ikkje dett eller trakkar skeivt. Partiet nordover på austsida av Krokavatnet var også veldig vått i dag. Faktisk mesteparten av vegen. Her er det heller ikkje sti, men gode hjortetrakk å følgje. Retningen til Svortevikstølen seier seg sjølv. Turen vil eg vel karakterisere som krevjande. 


 Kringlefjellet, Rørvikenipa, Blegja, Synste Stauren, Blåegga, Storehesten og Skålefjellet (Gaular)

Turbeskrivelsen til toppen la eg inn på ut.no ein gong i tida med eit par bilder (sjå link - bilda er forøvrig mine). Returen nordover er dessutan fantastisk flott med den nydelege utsikta til Fossedalshengenipa, Nordre og Søndre Kringla og lenger nord også til Eitrenipa. Fint å sjå tilbake på der du har vore. Her er elles veldig mange flotte fjellfuru langs vegen. Truleg eldgamle og med fantastiske former mange av dei. I dag stråla landskapen elles i gull.

Fossededalshengenipa

Eit par små pausar undervegs i dag. Ved den gamle geitefloren nord for Øvre Fossedalen og ved Kallhellaren og Kallhellarbukta ved Svortevikstølen. Vèret delvis skya og noko trekk frå nord. Suveren tur! 

Ein liten pause ved murane til den gamle geitefjøsen nord for Øvre Fossedalen

Ruta på Eitrenipa og rundt i dag - tid i bevegelse 4.37 timar

Nokre stadnamn i Fossedalen - klipp frå Fylkesatlas

Foto Eitrenipa & Eitrenipa rundt 160920