tirsdag 1. september 2020

Rundtur i nokre Holmedals-fjell

Blåfjellssåta - Dokka og Kalderasnipene t.v.

Utsikt frå Blåfjellssåta - Bakkefjellet t.v.

Utsikt frå Blåfjellet

Storfe i Svelia

Bakkestølen

Kleppenes og Bogestølen

I dag tidleg gjekk eg den flotte runda som vist på bildelinken. Start som vanleg frå parkeringa ved vassverket i Holmedal. Det var ei nydeleg morgonstund og ikkje ei sky på himmelen. Eit haustleg drag i lufta. Frisk og klår luft. Og ikkje ei fluge... Den flotte tida mellom sommar og haust. 

Flott i Holmedal i dag tidleg

Som liksom å understreke kor flott det var, seig hurtigruta gjennom Granesundet ved Askvoll. Som ein diamant i det blå. 

Hurtigruta segla indre leia i dag

Stien til Bakkefjellet er mykje nytta no. Toppen er trimtopp for AHIL i år og godt merka. Her er det berre for alle å ta turen. Turen hit er grei for både liten og stor. Så etter å ha skrive meg i boka, og teke nokre bilder, gjekk så turen vidare til Blåfjellssåta. Opp ranen her er det jo litt luftigare enn på Bakkefjellet. Om berget opp er vått, er her nokre meter som ikkje er heilt ufarleg. Men ikkje verre enn at når det er tørt så går det heilt fint å kome seg opp utan å måtte klatre (sjå hovudfoto). 

Du kjem deg ned frå Blåfjellssåta i eit lite skar på nordvest sida. Deretter litt ufarleg klyving for å kome seg opp på Blåfjellet. Etter nokre bilder her i frå gjekk så turen vidare inn det kuperte fjellområdet mot Smørskornova. Held du deg litt på sørsida av dette partiet er det nydeleg utsikt til Rivedal, Straumsnes og inn Dalsfjorden.  

Utsikt frå partiet mellom Blåfjellet og Smørskornova

Smørskornova er egentleg ein topp som er litt stemoderleg behandla. Litt løynd og kanskje ikkje så kjend. Den er grei å gå opp frå Rivedalssida. Både frå demma og frå Rivedalsstølen. Toppen har suveren utsikt mot Dalsfjordområdet. Også mot Rivedalsstølen og Rivedal. Sjølve DNT-ruta frå Stongfjorden til Nipebu går på nordsida. Så her er det ikkje noko særleg utsikt før du kjem aust til Røyrbotnholten. No gjekk eg ned nordsida i dag og gjekk deler av ruta vest til Langevatnet. Deretter opp austsida av Hekkelfjellet.     

Hekkelfjellet var post på TiTur Dalsfjorden i fjor. Her er det framleis godt merka sti ned til Bakkestølen og Boge/Kleppensstølen, og vidare til vassverket. Eg følgde denne ned igjen. Diverre hadde det på dette tidspunkt skya til i dag, og vinden tok faktisk ganske godt (sjekk video). Eg måtte fram med varme klede og hue. Noko som er viktig å ha med seg i sekken framover. 

Fantastisk flott runde dette i dag. Sjå kart under. 

Foto Bakkefjellet Blåfjellssåta Blåfjellet Smørskornova Hekkelfjellet 010920



 

2 kommentarer:

Øystein Helle sa...

Du fortel forlokkende om turen i dette fine området.Bogetjønna og Langevatnet ligg fint i fjellet. Fine foto.

Gustav Skaar sa...

Takk Øystein. Ja, området har mykje å by på. Mange gode turalternativ og fjell. Vi treng ikkje reise nokon stad for å få flotte naturopplevingar. Det gjeld berre å gje seg litt tida.