torsdag 17. september 2020

Vardeheia (Vardenova) - ny fjelltrimtopp frå 11.oktober

Utsikt frå oppstigninga til Vardeheia (Vardenova) frå aust. 
Vi ser austover Stordalen med Stordalsvatnet


Den siste av dei frivillige toppane på neste års fjelltrimsesong, oppstart 11.oktober, er Vardeheia eller Vardenova (kjært barn har mange namn)... Eg laga ein liten bildesnutt av denne toppen òg. Dei andre toppane er skissert i blogginnlegg her

Vardenova, eller Vardeheia, som er namnet nytta i fylkesatlaset, er som vi ser ein 30 poengs topp. Og heilt klart den mest krevjande av årets nye toppar. I år merka frå Rivedal. Fjellet med sine 777 moh (lett å hugse) og ovale form, er ganske dominerande i høve dei andre fjella ikring. Som dei fleste andre toppane i kommunen er det flott utsikt i alle himmelretningar. Spesielt synest eg utsikta austover til Portafjellet, Stordalsfjellet, Stordalen og Nipebutraktene er flott!  

Sjølve oppstigninga på framsida er bratt. Men ein kan gå inn dalen langs den merka løypa til Nipebu, ta av frå denne, og gå opp austsida. Denne biten er mindre utfordrande enn å gå opp det luftige skaret på framsida. Dog noko lenger. Spesielt om vinteren med snø og skare/is treng ein gode broddar/stegjarn for å gå opp framsida. Korleis merkinga blir i år er førebels ikkje kjent for underteikna.  

Reint generelt vil eg seie at komande sesongs toppar er relativt enkle og greie. Ja, faktisk fine å gå på i heile vinter. Unnataket er Vardeheia - 30 poengs toppen. Og sjølvsagt den frivillige posten på Blegja. Så her er det berre å finne fram gode klede, sko og vinterutstyr, og gjere seg klar for flotte naturopplevingar og god trim! 

Stå på!

Årets toppar frå 11.oktober

Blåfjell                   10 p. (Grimelid)
Kalderasnipene    10 p. (Holmedal)
Markahengenipa  10 p. (Skorva)
Smørkletten          10 p. (Askvoll)
Vardenova            30 p. (Rivedal)
Blegja                    50 p. (Rørvik) 

Ingen kommentarer: