lørdag 19. september 2020

Haustens vakraste eventyr

Krikavatna og Mangevatna - 
sauene går fint opp bakkane føre meg mot Toreheia, men eg må nyte utsikta litt òg....

Deler av sankeområdet i dag. Vi ser Hjartebuvatnet og Toreheia frå aust.

I dag var det sauesanking av sauene i Vågane. Dei går her på nordsida av Stongfjorden. Haustens vakraste eventyr... Og det måtte eg vere med på. Som før. Og som på sørsida av fjorden førre helg. Vel, ein ting var forskjell frå i dag og førre helg - vèret. Det var nemleg perfekt. Skyfritt. Vindstille. Og sola kikka fram over Portafjellet her heime då eg gjekk i 08.00 tida. 

Eg hadde bestemt meg for å gå på Skylefjellet først. Og såleis ta med meg området på nordsida mot Toreheia. Det har vist seg før at her går dyr. Det stemde på ein prikk. Dei første 16 gjekk i bakkane nett ovanfor elva ut av Krikavatna. 

Morgonstemning ved Mangevatna

Dei første i dag

Desse første sauene gjekk som perler på ei snor, og tok så sørsida av Toreheia på veg austover. Eg følgde på god avstand. Lett å sjå spora i det våte terrenget. Deretter gjekk dei sør om Hjartebuvatnet og over fjellet mot Oslands-sida. På turen fekk vi etter kvart besøk av fleire. Og til slutt vart det 41 stk på veg til Vågane. Eg overlet desse til Henrik. Han kom til møtes med nokre ovanfor Oslandsliene. 

Fin utsikt heim frå turen i dag

Fin utsikt til Stongfjorden frå turen i dag

Første flokken på veg austover ved Hjartebuvatnet

Første flokken på veg mot Vågane - bye bye - dåke gjekk fint...

Eg gjekk så over fjellet på sørsida av Ytrevågefjellet og vestover igjen. Passerte i dalen mellom Ytrevågefjellet og Toreheia, og opp på Toreheia. Måtte få med meg nordsida som eg ikkje fekk med meg på første turen. Det var ingen sauer i Kjennahola. Men rett nordvest for Toreheia gjekk det 9 til. I motsetnad til dei første 41 gjekk desse nordsida av Toreheia og rett i Kjennahola. Vel, det var ikkje noko val. Eg måtte slå følgje... Ned i skuggelandet, våte og sleipe bratta!

Dei 9 neste sprang i Kjennahola (Toreheia opp t.h.)

Det var litt bal å få dei over elva frå Hjartebuvatnet. Opp og ned - og til slutt litt springing - før dei skjønte at dei måtte over. Og då gjekk det greitt. Trur faktisk turen hadde teke litt på sauene òg - for dei gjekk ganske fint no. Og kryssa nord for Ytrevågefjellet retning Vågane. 


Andre flokken på veg ned til Vågane

Nede i bakkane her, og også lenger aust, var det bra med sankarar. Så her nede permiterte eg meg sjølv. 6 timar i eitt åleine, utan anna enn photoshots, var nok for ein pensjonist...😎 Så eg returnerte ned til gruvene i Vågane og fekk Peter til å hente meg. Litt artig at det akkurat vart 50 sauer som hadde gått her ute, og no var komne til Vågane...😃 

Foto Sauesanking Skylefjellet Toreheia Ytrevågefjellet Vågane 190920 

Ingen kommentarer: