tirsdag 31. januar 2023

Ein smakebit

Ein liten smakebit av ein topp på årets utgåve av TiTur Dalsfjorden kan vel ikkje skade.... (Det er jo alltid lekkasjar i Statsbudsjettet òg... )😉 Det går iallefall sterke rykte om at Yndestadhøgeheia (eller Yndestadheia) i Askvoll/Stongfjorden er ein av postane i år. 

Toppen har egentleg to toppar. Det er den lettaste/kortaste på 552 moh som vil vere post. Som vi ser av kartet ligg desse toppane på fjellmassivet rett på nordsida av Stongfjorden. Utan å ta for mykje i kan eg vel seie at dette er "mi heimebane". 

For dei som har vore med på TiTur Dalsfjorden og gått på Skylefjellet før. Så er starten på denne turen på same staden på Yndestad. Her det står skilt ved vegen. Du går så halve ruta mot Skylefjellet. Og tek av beint austover ved hytta ved Svartevatnet. Her det er skilta til Toreheia. I enden av dalen oppover, der det blir stigning, kan ein anten halde fram beint opp, eller gå stien til hytta ved Krikavatnet og ta ruta opp til høgre, Det er/blir merka begge deler, Og umogeleg å gå feil. (Hvis ikkje du vil gå på Toreheia først og ta returen om posten...😉). Over tregrensa her er terrenget veldig oversiktleg...

Det vil heilt sikkert kome nærare informasjon om årets TiTur. Men som eit insentiv sette eg i hop nokre bilder frå Yndestadhøgeheia ovanfor. (Årstidene kjem litt hulter til bulter...) Elles skal det jo bli  spanande å sjå kva andre postar som dukkar opp etterkvart...😄

Kart

 

lørdag 28. januar 2023

Såg i sola


Jau, såg eg i sola i dag òg. På den vanlege turen frå Holevika til Høgeheia. Det var ikkje akkurat ventande. Med regn i lufta og dårlege meldingar. Men brått vart det nokre glimt. Vi får ta det vesle vi får. Fint både på torsdag og glimvis i dag òg- Ikkje så verst det...

torsdag 26. januar 2023

Mitt kjære Toreheia

Stongfjorden frå Yndestadhøgeheia i dag

ds

Ut Stongfjorden frå Yndestadhøgeheia
Yndestad nede t.v Størdal på hi sida av fjorden. 

I dag måtte eg berre nytte det fine vèret til å gå på Toreheia. Mitt kjære Toreheia. Long time no see. Flott og vindstille vèr på morgonen, Fleire plussgrader. Og fullstendig snøfritt heile ruta. Rett nok var det frose på eit tynt islag oppe i høgda. Steinane var glatte mange plassar. 

Ruta opp gjekk eg via Rinda og Krikavatna og opp dalen. Retur vestover toppen av fjellryggen på Yndestadhøgeheia. Som ligg på nordsida av Stongfjorden, Og ned att Selda (for lokalkjende) til Yndestad. Perfekt tur! Bilda fortel vel sitt utan nokon nærare kommentar.  

 Foto Toreheia Yndestadhøgeheia Selda

onsdag 25. januar 2023

Februar i bilder

 

Februar står snart for tur. Så her tek vi ein liten rundtur med bilder frå denne månaden òg. 

Om veret i dag er skiftande ser morgondagen ut til å bli flott. 

Skodde og lett regn i lufta i dag

Litt rotete sjø ved Grimelia i dag etter forrige lågtrykk


søndag 22. januar 2023

På vedaskogen 2

Frå venstre - Håvard, Peter, Olaug, Øyvind, Marie med Villemo

Marie med Villemo

Kjekk dag i Gjerdedalen i går der vi brende ris etter at Håvard hadde felt endå fleire bjørketre til ved. Vi var ei heil samling ved Gapahuken. God og sosial stemning.  

tirsdag 17. januar 2023

Vinterleg igjen

Stongfjorden t.v. og mot Follevåg t.h.
Høgste fjella i midten er f.v. Skålefjellet, Moldura og Dokka. 

Grimeli og Sunnfjords perle 

Nok ein flott og vinterleg tur til Høgeheia. Litt nysnø frå i går. Og litt isete parti. Ca 0 grader og vindstille. 

mandag 16. januar 2023

Fruetur


Flott tur med Olaug på Høgeheia i går.
Frost i bakken og ein del is. Men vindstille og opplett.

søndag 15. januar 2023

På vedaskogen



Heile folket i arbeid i Gjerdedalen i dag

Eg vart med Håvard inn i Gjerdedalen i går for å sage bjørk og brenne bjørkeris. Ved må ein jo ha til neste vinter òg. Håvard saga og eg rydda. Litt styr er det jo alltid med å få bålet til å brenne skikkeleg. Våt bjørkeris krev god varme for å brenne.... Men etter kvart fekk vi god fyr. 

Litt seinare kom både Mirian og alle jentene og Olaug òg inn til gapahuken. Det var god hjelp i. 

Sidan vart det pølser på grill i gapahuken. Flott og nyttig dag. 

torsdag 12. januar 2023

Liv i bakkane

Utegangarane på Stavenesodden -
toppen på Høgeheia oppe i bildet

Litt rotete sjø vest ved Smelvær

Holevika i dag

Det var liv i bakkane i dag... Vest for toppen av Høgeheia traff eg på utegangar-sauene som går her ute. Som meg så kvapp vel dei litt òg. Rett ovanfor den lange motabakken. Eg fekk nappa opp mobilen og fekk eit knips av dei. Før dei stakk sørover bakkane. Noko nærare helsing stod visst ikkje på programmet...😊 

Elles var det fint og opplett i dag. Ikkje noko vind å snakke om heller. Då var det verre i går. Ingen fjelltur då.  

mandag 9. januar 2023

Lysare tider

 

Jula er over - også på Høgeheia...

Jula er definitivt over. Også på Høgeheia. Så i dag traff eg på Dag Tore og Anita godt i gong med å plukke ned julekuler og lys på treet dei hadde pynta før jul. Ja, det er ei tid for alt. Også for jula. Det er koseleg med jul og julestemning. Men synest sjølv det alltid er kjekkast når jula er over, og det går mot lysare tider...

Elles var det usedvanleg mildt i dag. Faktisk over 8 grader på morgonen. Litt regn ut på dagen. På ruta til Høgeheia er det no heilt snøfritt. All is er også vekke. Like greitt egentleg.... 😊

Bergens-tur

 

Marie og Olaug ved Svartediket

Kjekk tur til Bergen i helga der vi besøkte familien til Olaug. 
Det vart og tid til ein våt tur ved Svartediket. Ein plass eg ikkje har vore før.
Marie fekk fortalt om Isdalskvinnen som dei fann i nærleiken. Det var interessant. 

mandag 2. januar 2023

To fine nyttårsturar

På Furefjellet 1.nyttårsdag


Nydeleg nyttårsver og to fine turar på Høgeheia i det nye året. I går også ut på Furefjellet. Frost og sol. Is og vindstille. Og nokre få minusgrader. Litt snø i høgda. Kan vel ikkje få finare vinterver. Og nå lysnar det både morgong og kveld. Herleg!