torsdag 26. januar 2023

Mitt kjære Toreheia

Stongfjorden frå Yndestadhøgeheia i dag

ds

Ut Stongfjorden frå Yndestadhøgeheia
Yndestad nede t.v Størdal på hi sida av fjorden. 

I dag måtte eg berre nytte det fine vèret til å gå på Toreheia. Mitt kjære Toreheia. Long time no see. Flott og vindstille vèr på morgonen, Fleire plussgrader. Og fullstendig snøfritt heile ruta. Rett nok var det frose på eit tynt islag oppe i høgda. Steinane var glatte mange plassar. 

Ruta opp gjekk eg via Rinda og Krikavatna og opp dalen. Retur vestover toppen av fjellryggen på Yndestadhøgeheia. Som ligg på nordsida av Stongfjorden, Og ned att Selda (for lokalkjende) til Yndestad. Perfekt tur! Bilda fortel vel sitt utan nokon nærare kommentar.  

 Foto Toreheia Yndestadhøgeheia Selda

Ingen kommentarer: