mandag 31. desember 2012

Godt Nyttår


Det lyser frå vakker ei råme
ei høgtid skal atter no kome
Med heilage songar frå stover
og nokon som truskapen lover

Du vise frå ovan oss vakar
den einsame tause deltakar
I steinar står skrifta for mange
ja tida tek alle til fange

Men hjarta av sola meg frelsar
som nyfødd og bota meg helsar
Eit åsyn av smil ved mi side
ho tindrar som vårblomen blide

Det kimar i fjella av gaman
 eit fjordfolk er glade i saman
Ein hyllest til vener eg sender
til kjærleik og varmande hender

Tekst og foto G.Skaar
 

Eit par ublogga

Eg fekk att reserve-pc`en min i kveld. Den har vore på ei rundreise til Rivedal eit par dagar (første-pc`en er på rekonvalesens). Eg har difor ikkje fått blogga turen på Størdalsstauren i går og i dag. Så mykje er det no igrunn ikkje å skrive heller. Det er vått og grått om dagen (og bilder er i grunn ikkje noko å legge ut). Rennefòk og sterk vind i går. Forøvrig gjekk Icer`s broddane mine til pises i går. Dei har sunge på siste verset lenge. Men eg har bestilt meg nye Yatrax-broddar for nokre dagar sidan og håpar dei kjem snart. I dag klarde eg meg forresten ganske greitt utan broddar. Ein del snø i går var blitt til våt, og tung "sigesnø" på nordsida i dag. Tungt. Men noko meir føyer eg ikkje til av dette. Vi får håpe på betre fjellvèr framover (sjølv om det ikkje akkurat ser slik ut)...

lørdag 29. desember 2012

Reine vårløysinga

Rabbetusten har endå litt haustfargar på Størdalsstauren.

Eg tok ein rask tur opp igjen på Stauren i dag òg. For til mi store overrasking vart det nemleg opplett. Men det har nok kome mykje regn i løpet av natta. Ja, det var nesten utruleg å sjå kor mykje snø som hadde forsvunne sidan eg var opp i går ettermiddag/kveld. Målaren i bilen viste 8 plussgrader, og kombinert med den sterke vinden, var dette ein effektiv snøsmeltar. Mange av elvane fløymde over av vatn opp på den tjukke isen. Eit par plassar nedom platået trakka eg skikkeleg gjennom nokre fonnar og rett i bløyta under. Heldigvis hadde eg snøra softshell-buksa fast under skorna...

Eg fekk meg forresten litt av ein trim på toppen då eg ein augneblink gløymde plastposane til trimboksen som eg hadde under foten. Dei fauk først til himmels. Deretter tok ein mot Størdal og ein mot Stafsnes. Fram og tilbake hit og dit. Den til Størdal fòr utfor hammaren, så ser de den der nede så er det eg som er syndaren. Den andre la eg på sprang etter. Og etter mykje hit og dit fanga eg han langt nede på platået. Det var i grunn ein sur tur opp igjen med posen... For der oppe var vindkasta så sterke at eg hadde problem med å fote meg når dei kom. 

Elles var det sjølvsagt blitt ein heil del is etter regnet. Telen som sit i jorda er glatt no. Så det er absolutt ein fordel å ha broddar. Noko anna er iallefall ikkje å anbefale opp her. Då kan det fort ryke ein fot eller eit kvart. Spesielt ned igjen.

Sterk vind og fòk

Sidan det var arbeidsdag i går måtte eg gi på med det eg hadde på Størdalsstauren for å unngå rennefòket og stormen som var på veg. Det greidde eg berre delvis. For det var eit sabla rennefòk oppe på sjølve stauren. 

Eg går frå nordsida på Neset (pga parkeringa), og får ei litt lenger eksponert side oppe på platået enn frå vest og Størdal, når vèret står på frå søraust slik som i går. Men heldigvis har eg merka her, for elles er det lett å dra for langt ned mot nord til å begynne med. Då kan det gå gale. For her er det bratt. Ikkje det - det skal no noko til at ein går seg utfor, men ubehageleg nok kan det bli i mørkna hvis ein rotar seg ned på feil plass.

No rakk eg akkurat opp før eg måtte tenne hovudlykta. Og lenger nede på nordsida, under skoggrensa, viste jo spora i den nye snøen godt. Men rennefòket er ikkje noko særleg når du går med hovudlykt. Det reflekterer mykje av lyset frå lykta. Og i tillegg er det jo dårleg sikt frå før!

Fin og frisk tur!

torsdag 27. desember 2012

Ettermiddagshimmel 2.juledag

Fin kveldshimmel heime i går kveld...

onsdag 26. desember 2012

1.juledag

Tor Ivar
Kristine
Lene, Vilde og pappa Rudi
Margunn, Tora og Olina
Marie, Tirill, Tora, Vilde, Lene og Rudi
Sander
Marie og Tirill
Tirill
Miriam og Olina
Olaug, Marie og Kristine
Lene og Vilde

Eg gjer eit unntak og legg ut nokre private bilder frå 1.juledag. Vi var samla barn og barnebarn til den årlege, seine frukosten her i Stongfjorden. Diverre mangla vi eine dotter mi, Ingebjørg, med sambuar Sondre, og dei to barnebarna mine Nikolai og Amalie. Men dei var her to dagar før. Elles var vi fulltallige Olaug og mine sine (Olaug har to barnebarn og eg 6 + ein til på veg). Big family:-)

Takk for ei kjekk stund saman!

God romjul

Det vart ein kjapp tur på Størdalsstauren i dag òg gitt. Med skodda hangande ned i fjorden, er no det eit greitt tur-alternativ. 

Alltid godt å kome seg ut av dørene slike helgedagar. Med huset "fullt" i folk kjennest det herleg ut å få litt luft under vengjene. Det blir fort for tett i lengda når alle skal "trakke" opp på ein annan i fleire dagar. 

Synd då med veret i dag. Det slo godt om i natt. Eg var opp ein tur i 02-tida, då var det stjerneklårt og flott. Diverre varde ikkje det. No gjekk snøen over til regn òg her i låglandet, men på stauren var dette kome som 10-15 cm tung nysnø. Skodda låg som sagt tett heilt i fjorden. Men akkurat no ser det litt lysare ut. Grei trimtur uansett.

No er mesteparten av besøka unnagjort. Og for døra står to avkorta dagar på jobb. Men i år har vi heldigvis fri nyttårsaftan. Vi får håpe på nokre fine dagar neste helg.

tirsdag 25. desember 2012

God jul frå Størdalsstauren

Neset i dag tidleg 1.juledag

Eg tok meg ein rask tur på Størdalsstauren i dag tidleg før familien kom til frukost. Det vil seie det årlege 1.juledagsselskapet med ungar og barnebarn. Ein heil liten flokk. 

Noko meir får eg faktisk ikkje tid til å skrive i denne omgang. Turen var iallefall fin den....:-)


mandag 24. desember 2012

God Jul frå Stordalsfjellet

Julemorgon på Stordalsfjellet

Eg stakk ein grytidleg tur oppom nissen på Stordalsfjellet i dag sidan det var julaftan. Han kunne jo ikkje sitte der oppe i heile dag utan selskap. Julaftan og greie. Så i gryotta, etter såvidt det var ganglys, bar turen oppom. Det gjekk greitt og fint i den friske trekken. Og selskapet utarta seg akkurat som eit fredeleg juleselskap skal gjere. Nissen var nøgd etter å ha fått servert julegrauten sin med noko god gløgg attåt. Mett og nøgd kunne han gå til ro, medan eg gjekk heim att med godt samvit. Med lett snødrev i lufta og juleklokkene klingande i øyra, var det tid for meg òg å finne julefreden...!


Vardenova og Portavatnet

søndag 23. desember 2012

Frikst på Størdalsstauren

 Foto 22/12 om kvelden heime

Eg tok meg ein vindfull tur på Størdalsstauren i dag tidleg. Søraustvinden var jammen hard der oppe. Eg hadde problem med å halde meg oppreist, så hard var vinden. Men jammen var det flott med det faste og fine underlaget opp. Dels is, frosa mark og skare. Broddane sat på som eit skot. Faktisk veldig kjekt ned igjen òg då eg kunne småspringe. I det nederste partiet mot Neset ligg det likevel ein god del issvullar. Frisk tur gitt...:-)

lørdag 22. desember 2012

Førjulstur

Morgonsol over Heileberget i dag
Vesle-likkjejulaftan i Stongfjorden

Det var ein ganske frisk tur på Stordalsfjellet i dag tidleg. Ikkje så mange minusgradene, men noko vind. Men det var først oppe på toppen at vinden verkeleg svei i kjakane. Og nevane var is på ein augneblink. Når du i tillegg er våt av sveitte, så blir det fort iskaldt i slike omgjevnader. Helst burde ein gå slik at ein ikkje sveitta når det er slik, men så bedageleg er eg ikkje innstilt....:-) Eg vrengde av meg alt på overkroppen, og fekk på meg ei tørr trøye og dunjakka. Eg følte meg som ein varm kylling på ein augneblink...

Elles var det sjølvsagt frose på igjen over alt. Litt glatt og litt glipptak må ein rekne med. Men isen som ligg under eit tynt lag med nysnø er i grunn lett å avsløre. Flatene blir ekstra jamnkvite når det ligg is under. Elles stikk det opp både fjorårsgras, mose og stein frå det minimale snølaget. 
Det er fantastisk fint ute i havet om morgonane no. Blå og rosa fargar, alt ettersom dagslyset tek over for nattemørket. Spesielt med turen på Stordalfjellet frå nord, er det alltid å kome opp på sørsida av Portafjellet, og få den låge desembersola i andletet. Fjella og bakkane ligg spegla i kvitrosa morgonlys med lange skuggar. Fantastisk nydeleg. Ekstra hyggeleg er det sjølvsagt at sola snudde i går og at vi går mot lysare dagar. Kjempefin tur!

fredag 21. desember 2012

Nydeleg 20.desember

Vestover, Gjøa i midten.
Stongfjorden og Toreheia.
Moldura i midten.
Mot vest igjen med toppen av Stauren.

Nok ein fantastisk kveld på Størdalsstauren i går kveld. Gnistrande og glitrande. Slapset og den våte isen frå hin dagen var frose kjempeflott til, så det fungerte strålande med broddar opp bakkane. Sat på som aldri før. Ved toppen var det eit fint lag med puddersnø. Som på mandag og onsdag. Ja, snøen glitra om kapp med dei tusenvis av stjernene på himmelen. Ei skalk av ein halvmåne tindra i sør. Såpass at eg slapp å gå med lys i hovudlykta der snøen låg. Heilt fantastisk.

Det er utruleg flott utsikt frå Størdalsstauren slike kveldar. Ein ser vide og langt. Sørover er utsikta rett nok sperra av Langeberga og Moldura. Men elles ser du lysa frå Nordfjord til Bulandet i vest, og sjølvsagt til Stongfjorden. Eg stod så lenge å venta på blendaropningen i kameraet at eg nesten fekk frosten i meg, men vel nede igjen rann sveitten att! Perfekt!  

torsdag 20. desember 2012

Pc`en ved solsnu

Andre juledagssol ved Portafjellet.

Det nærmar seg solsnu, jul og årsskifte. Diverre sa vifta i pc`en takk for seg etter eit innhaldsrikt år. Eg takkar for god stå-på-vilje. Ja, dette var nesten slik at det høvde seg til nyttår. No er vel ikkje dette fullt så gale som den likkjejulaftan fjernsynet gjekk i svart. Då var gode råd dyre. For denne langhelga kjem det nok to bærbare pc`ar på juleferie.  Ja, og så har eg no den pensjonerte pc`en som det kanskje går an å børste støvet av. Han vart lagd på lit de parade med diagnose speleavhengig...!

Nei, det er ikkje greitt med desse dataspela. Min Acer har nok fått eit anfall av Minecraft syndromet. Regissert av min gode son. Eg veit ikkje om det var min betre halvdel som gav meg nytt namn her om dagen - "Martyren" - fordi guten i huset tok over duppedingsane mine, og eg vart overlatt til mørkevandring i fjellheimen. Mutters åleine. Vel, kameraet får han ikkje. Og fjellkleda er han ikkje så interessert i for tida. Ikkje havregryn og melk heller, så då går det nok rette vegen mot slutten av dette året òg. 

Nei, det eg ville seie var God Jul til lesarane av denne bloggen. Eg meiner - hvis eg ikkje skulle få sagt det i helga då. Sjølv om det som oftast er slik at det eg vil, det får eg òg til...! 

Her er eit par av dei flottaste naturopplevingane i året som gjekk:






onsdag 19. desember 2012

Julesnø på Størdalsstauren



Størdalsstauren i kveld

Nok ein suveren kveld på Størdalsstauren. Rett nok litt isete i skråbakkane opp frå Neset, men det er berre å trakke utanom verste partia. I tillegg er jo broddane greie å gå med sjølv om det går med nokre piggar for turen. Miste faktisk 4 både i dag og på mandag. Eg har ein del ekstra broddar som eg skrur inn att i sålen, men hola i denne er nok etterkvart blitt så romme at det nok snart er på tide å skifte ut alt i hop. Dei er nok ikkje heilt berekna til å gå på stein, mark og alt slags underlag heller. 

I kveld var det kome eit fint lag på ca 8-10 cm nysnø oppe mot toppen. Det vart lysare med ein gong av det. Men stjernehimmelen var borte vekk, så noko særleg bilder vart det ikkje.

mandag 17. desember 2012

Vårlege vindar (nesten)

 Størdalsstauren 17/12
Vi ser ned på m.a. Mjåseth og Askrova. Det raude lyset er frå Florø. 

Stjernene mangla på Størdalsstauren i kveld. Likevel var det ein flott trimtur opp. Ja, det kjendest nesten ut til å vere vår i lufta samanlikna med kulden som var her tidlegare. Snøen er borte vekk, men telen sit i jorda + ein god del is. Eg gjekk difor opp med broddar.

Etter kva eg ser blir det kaldare igjen med austavèr fram til jul. Det synest eg er heilt greitt... Likar best at det er kaldt og fint om vinteren eg. Vinter-regn er noko herk!

Så mykje å seie om sjølve turen er det ikkje. Det blir litt piano dette sjølv om det er mørkt... Men alltid litt moro å skremme opp ryper og orrfugl i mørket... Dei sit alltid litt lenger i ro når det er mørkt, men dei skrattar like mykje for det...:-))

Nissemøter


Eg har møtt mange fjellnissar. Spesielt no fram under jul. Og som vi veit er julehøgtida tid for å minnest. Eg kjem difor i hug to av desse møta.

Skylefjellsnissen og Skålefjellsnissen er begge tilhøyrande i fjella i Stongfjorden. Eg dykka difor i arkivet (som du finn i menyen på høgre sida) og fann fram til desse møta.... Koselege stunder som kanskje nye lesarar ikkje har fått med seg. Desse julemøta finn du i linken inn under.




søndag 16. desember 2012

Grå førjulssøndag

Grått vèr på Størdalsstauren i dag

Det vart med ein liten tur på Størdalsstauren i dag. Eit Dale-besøk står på programmet. Vèret er heller ikkje mykje å skryte av. Grått, litt regn no og då, men vinden har stilna. Men meldingane for neste veke ser betre ut igjen med kaldare vèr.
 
Eg gjekk opp med broddar i dag. Telen set framleis i jorda. Og regnet i natt, i tillegg til plussgradene, gjorde underlaget glatt. Men faktum er at eg sat betre på i dag enn i mjølsnøen.. I den glippa eg heile tida. Elles kom det ei sur sluttbyge oppe på toppen som vart avløyst av lettare vèr ned igjen. Skiftande med andre ord. Godt med litt mosjon i dag òg...

lørdag 15. desember 2012

Storm på Stordalsfjellet

 
Hard vind på Stordalsfjellet i dag tidleg

Eg tok avgarde til "vanleg" tid frå Oslandsbotnen til Stordalsfjellet i dag tidleg. Eg var budd på knallhard vind. Men det var heldigvis ikkje så gale før eg svinga sørover mot Portafjellet, vel halveges. Her i frå og opp under fjellet, og forbi mot aust, bles det noko grassat. Rennefòket stod rundt øyra, alle lommar og hol måtte skalkast og briller måtte på. Det var ein knallhard kamp å kome seg opp den bratte bakken under Portafjellet. Her låg det i tillegg noko is. Vindkasta var så sterke at eg stod bom fast mange gonger, og kom meg ikkje av flekken før det løya litt igjen. Ein augneblink. Oppover her var snøen fullstendig avblesen etter stormen om natta. Og eg veit ikkje eg, trur neppe det hadde løya noko særleg då eg gjekk opp heller. 

Eg fekk meg ei aldri så lita kvild frå vinden på vestside av - og nett under - Stordalsfjellet. I botnen på fjellsida her i vest låg det ein del fòksnø. Heldigvis. For den var såpass pakka at isen her ikkje var noko problem. Så å kome seg opp på sjølve platået gjekk betre enn på lenge... Men fyttirakkaren kor det bles då eg kom opp på den eksponerte toppen. Lenge sidan eg har opplevd maken. Det var faktisk så hard vind at eg bestemte meg for å gå midt over platået så eg ikkje skulle risikere å få ei vindkule og fare ut for fjellet på vestsida. For her oppe ligg det ein  del is òg på den elles blankskurde steinflata...!  Etter litt om og men, delvis på fire,  kom eg meg likevel bort til varden. Helleveien dette var heftige greier!  

 Eg greidde å knipse eit par bilder frå toppen med ryggen mot vinden...
Foto smarttelefon....

Det var berre å kome seg fortare enn svint ned frå toppen. Utan vindtett på nevane var dei kjenslelause på eit minutt (ps det er ikkje lett å handtere ein touchtelefon med vottar eller hanskar - egentleg eit stort irritasjonsmoment at telefonen hoppar frå program til program, slær seg av og på, zoomar etc, men så er nok ikkje ein smarttelefon særleg smart heller i slike omgjevnader....:-)) 

Eg kom meg ned under fjellet på vestsida, og fekk iallefall skifta til noko tørt på hovudet. Noko meir byte gav eg meg på. Ja, for eg hadde kledd meg bra vindtett med tre lag. Brynjetrøye med netting inst, ei tynn vindtett jakke frå OR og Rab Latok-jakka med trelags eVentstoff ytst. Paramo-buksa er berre suveren - treng ikkje noko under den, ja eg vil seie nesten uansett...!  Noko naud lei eg difor slett ikkje. Det er alltid nevane og føtene det er verst med. Sjølvsagt. Ja, så har eg ikkje akkurat nevar frå Bulandet heller, berre pc-fingrar frå Førde...:-)

På veg ned igjen begynte det i tillegg til vinden å snøe. Berre nokre fjon då. Men med den vinden som var kom snøen som prosjektil.. Foket likeeins. Så eg måtte dekke til fjeste og  gå med briller heile vegen ned igjen til Botnastølen og Oslandsbotnen. Tøff tur dette i dag...:-)

 

onsdag 12. desember 2012

Kanontur

 Vestover Stongfjorden
 Nordaust
 Nordover mot Florø
 Moldura i midten nede

Nydeleg tur på Størdalsstauren igjen i kveld. Kaldt, stilt og klårt! Og mykje finare enn dei andre kveldane i det siste. Bilda er tekne med kompaktkamera (Panasonic LX-5) med 1 minutt lukketid og 1 minutt behandlingstid. Altså 2 minutt pr bilde. Det blir som før nemnt fort kaldt oppe i fjellet no når du sveittevåt skal vente på bilda. Så det begrensar seg litt kor mykje "helse" ein skal legge i dette. Fantastisk flott var det iallefall...

Minner frå Fossedalen


Det nærmar seg jul. Ei tid for å ta fram minner og sjå framover. Eg samla difor i hop nokre bilder frå Fossedalen til ein liten videosnutt. Dette er ein ganske fin måte å presentere litt stoff ein har liggjande elektronisk. Bilder gjer seg i grunn betre i det offentleg rom enn stuva vekk i det mørke. Om dei er presentable vel og merke. Somme bilder er ikkje av heilt ny dato, så kvaliteten er deretter. Hugs som før å sette oppløysinga til det høgste valet på YouTube og stor skjerm. Musikken eg har lagt på er "Golden sands" med The Piano Room (førehandsgodkjend i YouTube). 

No veit eg at Asbjørn Eikerol har lagt ut stoff frå Fossedalen på Origo-sona til Fjaler. I løpet av dagen vil eg legge ut linkar til desse presentasjonane. Dei gir veldig god greie for historia knytt til Fossedalen. Så stikk innom seinare, så vil du finne mykje godt stoff på desse linkane. Dette er som du ser publisert 12.12.12.

Litt seinare.

Tidt eg minnest ein gamal gard finn du no her:

Del 1
Del 2
Del 3
Del 4
Del 5
Del 6
Del 7

Endå litt seinare.

Dagens raraste opplysning er at det ikkje vil bli opparbeidd parkeringsplass på Ottersteinen for turgåarar til Fossedalen, Heileberget, Nipebu, Kringla etc. Ein vil måtte parkere ved Nishammaren på Dale-sida. Dette av tryggleiksomsyn. Berre dei som har hus/hytte vil kunne parkere på nordsida av Dalsfjorden. Askvollingar, Holmedølingar og Rivedølingar vil altså måtte køyre over brua for å parkere, gå over brua for å kome seg på tur, gå over brua ein gong til for å hente bilen etter turen, ja for så og måtte køyre over brua igjen for å kome seg heim att... Som han sa fyren: Det er mongt slag...:-) Her trur eg det må ha vore ein byråkrat inne i bildet i planlegginga....:-)) Snakk om å leggje til rette for turisme og friluftsliv...!

Når ein så begrunnar dette med tryggleiksomsyn, så er det vel akkurat det stikk motsette ein oppnår. Av- og pålessingar av folk, ryggsekkar og turutstyr, inn- og utkøyringar på Ottersteinen for så å måtte parkere på Nishammaren. Nei, dette blir rett og slett tragikomisk og må gjerast noko med...!

mandag 10. desember 2012

Mørketur på Størdalsstauren

Størdalsstauren i kveld
I kveld tok eg på meg broddane og gjekk meg ein mørketur på Størdalsstauren. Snøen var likevel noko mjølaktig, så nokre glipptak vart det oppover. No var jo spora tydelege frå i går, så det var lett å sjå kvar eg ikkje skulle trakke. Nokre ubehjelpelege spor i snøen såg litt komiske ut...:-)
 
Det irriterte meg likevel at det skya såpass til medan eg var der oppe at bilda gjekk i vasken. Det var rett og slett for mørkt. Stjernehimmelen vart effektivt dekka med skyer. Ja, nokre snøfjon kom seglande i lyset frå hovudlyka òg. Men det ordnar seg nok med kveldsbilder ein annan kveld, for det blir fleire turar hit framover. Flott tur uansett... 


søndag 9. desember 2012

Flott kveldshimmel

 Slik såg kveldshimmelen ut heime frå stova på Yndestad i kveld.
Praktfullt!

Tussmørketimen



Blåtimen (eller tussmørketimen på morgonen) på Størdalsstauren i dag tidleg.

Eg gjekk opp eit spor på Størdalsstauren i dag tidleg etter snøfallet i natt. Så mykje snø er det no ikkje kome, 10 cm eller noko slikt, men du merkar det når du går oppover. Sporet går frå Neset på Stafsnes, for dei som har lyst å gå denne vegen. Det er her i frå eg har merkt for å gå i mørket òg. 

Oppe ved toppen, der du svingar vestover igjen, har snøen blese vekk. Her har eg likevel merkt såpass at det ikkje skal vere noko problem med å finne fram, sjølv etter at det er mørkt. 

Det var likevel glatt mange plassar i dag. Snøen dekka effektivt isen. No er det så tilfrose at det ikkje berre er isen som er glatt. I bratta oppover er både gamal mark og myr glatt. Eg gjekk opp utan brodddar i dag, men vil gå med det seinare. Hvis nokon går opp her no, så vil ein sjå at det ikkje har vore heilt problemfritt for meg - for det er ikkje berre reine stega som kjem til syne...:-)

Det var ein sur søraust vind på toppen der oppe i dag tidleg, så eg kom meg rimeleg fort ned igjen. Men knipsa eit par bilder og ein snutt først.  

 

lørdag 8. desember 2012

Flott morgontur

Morgonsola frå Stordalsfjellet i dag tidleg.
Ho står akkurat over Driveknolten på Heileberget.

Eg tok morgonturen på Stordalsfjellet i dag òg. Same ruta som i går. Skilnaden var at det drog til med skyer og vind. Litt surt vart det difor etter kvart. Men sola var likevel praktfull på morgonen då skyene drog inn over. Sola får på ein måte ein annan dimmensjon då enn når det er heilt klårt. Som vist på bildet ovanfor. 

Elles traff eg Dag Tore og Anita nede i Porten då eg var på veg ned igjen. Så vi slo av nokre ord der nede, før vi gjekk kvar vår veg. Kald og flott tur igjen!

 

Anita og Dag Tore på veg på Stordalsfjellet i dag

Foto Stordalsfjellet 081212
Morgonlys på Botnastølen i dag