Stjernene mangla på Størdalsstauren i kveld. Likevel var det ein flott trimtur opp. Ja, det kjendest nesten ut til å vere vår i lufta samanlikna med kulden som var her tidlegare. Snøen er borte vekk, men telen sit i jorda + ein god del is. Eg gjekk difor opp med broddar.
Etter kva eg ser blir det kaldare igjen med austavèr fram til jul. Det synest eg er heilt greitt... Likar best at det er kaldt og fint om vinteren eg. Vinter-regn er noko herk!
Etter kva eg ser blir det kaldare igjen med austavèr fram til jul. Det synest eg er heilt greitt... Likar best at det er kaldt og fint om vinteren eg. Vinter-regn er noko herk!
Så mykje å seie om sjølve turen er det ikkje. Det blir litt piano dette sjølv om det er mørkt... Men alltid litt moro å skremme opp ryper og orrfugl i mørket... Dei sit alltid litt lenger i ro når det er mørkt, men dei skrattar like mykje for det...:-))
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar