torsdag 31. oktober 2019

Gjørmebad





Eg var ein tur til Askvoll i dag og gjekk oppom turposten på Blåfjellet. Veldig heldig med at det var opplett denne stunda. For det pøsa ned rett før eg gjekk. Men jammen fekk eg ikkje sett både sol og blå himmel... Og ein regnboge... 

Så gjørmete og vått som det er no, er det absolutt ein fordel å bruke gamasjar. Dei held skiten og væta ute. "Krokodille" gamasjane mine frå Outdoor Research har jammen helde i mange år. Dei er framleis like gode. Eit must! 

tirsdag 29. oktober 2019

Som i ein draum

Ved Fossedalselva møtte eg ein kar på 4 i dag

Nedre Fossedal i dag tidleg

Nye bruer er komne på plass

ds

Dalsstølen

ds

Panorama i Dalsstoredalen

Morgonsol på Nipebu

ds

Nipebu og Langevatnet
 
Øvre Fossedal i dag

Ved Fossedalsvatnet


I dag tidleg gjekk eg den fantastiske ruta som nemnt i bildefila inn under. Det var litt skodde i Dale og ved fjorden då eg kom til Otterstein. Men allereie oppe på Kleiva var den i ferd med å forsvinne. I Nedre Fossedal var sola framme. Og ikkje eit vindpust. Perfekt seinhaust vèr med andre ord. Ei lita utfordring var det til tider likevel med frosne berg og steinar der sola ikkje fekk tak. Ein god del av turen gjekk og i skugge. Slikt løyser ein berre ved å trakke litt utom sti, berg og stein.  

Elles skapte sola, frosten og haustfargane veldig flott stemning i dag. Eg møtte ingen på to. Men ein kar på fire på morgontur kom jumpande ut av skodda på stien ved Fossedalselva, bråsnudde på to meter avstand, og sprang opp att same veien. Artig å sjå oter i Fossedalen. Men eg fekk han diverre ikkje på kameraet. 

Skikkeleg kjekt er det òg å sjå kor vèlhalde det er i Nedre Fossedal, på Dalsstølen, på Nipebu og i Øvre Fossedalen. Husa spegla seg nymåla i den låge haustsola. Stilt. Ingen menneske. Men spora sat i veggane. Og på dei flotte nyebruene i Nedre Fossedal (sjå fotoserie). Alt klart for vinteren. Utruleg vakkert. Som i ein draum. 

mandag 28. oktober 2019

Eit venleg fjell

Stongfjorden

Høgeheia i ettermiddag

Panorama Stongfjorden
Solnedgang heime 281019

Høgeheia var post på TiTur Dalsfjorden i år med mange besøkande. Registreringa tok slutt 1.oktober. Men Dag Tore har lagt ut ny bok - "Høgeheia sine venner" - der fleire sider med namn allereie er komne til. Kjekt. 

Det er mange fjell det ligg bøker på som ein kan skrive seg inn i. I det høve er det også lagt ned mykje arbeid i tilrettelegging av stiar, skilt og merking. Til glede for dei som nyttar fjellet til fysisk og psykisk fostring. Og ikkje minst som ein tryggleik om dårleg vèr og skodde skulle skape risikofylte situasjonar. I dei aller fleste tilfelle blir slikt dugnadsarbeid sett pris på.  

Høgeheia er også godt merka. Det er eit "venleg fjell" med god sti. Lett å gå på heile året. Solfylt og med perfekte solnedgangar. I tillegg lite snø om vinteren. Men også skikkeleg vèrhardt. (Turar i dårleg vèr er kanskje dei mest minnerike). Høgeheia er perfekt som turmål heile året. Ikkje for langt, men akkurat passe. For absolutt alle. 

søndag 27. oktober 2019

Berre eg ser Dalsfjorden

Straumen og Kyllaren

Sol over Holmedal og Straumsnes

Berre eg ser Dalsfjorden

Eidselva



Morgonturen i dag gjekk frå Eidsfjorden og til Kalderasnipa og vidare sør til Dokka. Med retur same vegen. Skulle gjerne gått ned til Holmedal, men så er det den logistikken... Dagsforma og lysta til å gå over Moldura og til Stongfjorden var ikkje heilt inne i dag. Så då vart det tur/retur same vegen. 

Ikkje for det. Lyset skifta frå opp og til ned etter som sola kom høgare på himmelen. Oppturen til Kalderasnipa gjekk i skugge, men ned igjen for det meste i sol. Og då forandrar både natur og bilder seg. Elles hadde eg føre meg tre hjortar der oppe. Noko spesielt hastverk hadde dei ikkje opp stien. Det er alltid kjekt å sjå hjort i fjellet. Ei litt annleis naturoppleving enn å sjå dei på bøen heime. 

På Dokka var det forøvrig heilt stilt i dag. Praktfullt i oktobersola. Sjå video eg lasta opp på YouTube (hugs beste kvalitet). Super tur!

lørdag 26. oktober 2019

Oktober i bilder


Ei samling eigne bilder frå oktober i år




Heimebane

Ved Mangevatna i dag

Svanøy

Krikavatnet og Mangevatna
Stavenesodden og Skylefjellet t.h.

Øyane i Florø 

Utløpet på Mangevatna mot sørvest

I dag gjekk eg turen på heimebane, Frå døra heime og på Toreheia, Skylefjellet og heim igjen. Ei god og kjær rute. Heldig med vèret var eg òg. Ein god del sol, men ganske så frisk vind. På toppen av Toreheia låg det snø. Elles fortel vel bilda sitt.





fredag 25. oktober 2019

Solglimt

Nokre minuttar fint lys over Holmedal og Dokka i dag

då sola keik fram over Flekkefjorden


Etter ein tur på Størdalsstauren på onsdag, tur til Førde og besøk til tidlegare kollegaer i går, køyrde eg ein morgontur til Holmedal i dag for ein tur på Bakkefjellet. I øs pøs regnvèr då eg starta til sol på toppen. Men kald vind og eit par plussgrader der oppe. Og ei solid haglbyge på veg ned igjen. 

Bakkefjellet er som tidlegare nemnt ein av postane på den nye fjelltrimmen. Eg tek meg ein tur på desse ved høve. 








mandag 21. oktober 2019

Sterke minne

Gunnar Askevold på Blåfjellet i Askvoll i dag

ds

"Skipet seglar"...

Det er alltid kjekt å treffe på Gunnar Askevold i fjellet. Så òg i dag. Oppe på Blåfjellet. Vi går ein del i fjellet begge to. Verda er no ikkje så stor. Og få andre har nok sterkare minne til kva fjellet kan gi og ta enn oss to. 

Etter at Gunnar miste son sin på veg til Blegja for ein del år sidan, og eg reint tilfeldig vart vitne til dette, kan eg for min del seie at dette tenkjer eg på kvar gong eg går på Blegja. Ja, nettopp som på fredag. Og mange gonger tidlegare. For eg veit nøyaktig staden der dette skjedde. Sjølv den dag i dag. Ofte stoppar eg opp i tankar over livet nettopp her...

Ja, livet gir oss merkedagar på mange vis. På godt og vondt. I samvære med Gunnar har eg alltid kjent på eit tilhøyre som gjer meg godt. Slik òg med den vesle praten vi hadde på Blåfjellet i dag. Eit lite fint minne på ein kald og hustrig oktoberdag. 

søndag 20. oktober 2019

Eventyr i oktober

Høgefjellet, Blegja og Eitrenipa frå Nordalstjerna

Klassiske fjella i aust frå Stordalsfjellet

Ved Stordalsfjellet

Nedstigninga til Nordalstjerna t.h.
Indrevågefjellet og Middagsnipa motsett t.v.

Geitene på Osland

I dag gjekk eg den fantastiske rundturen Oslandsbotnen/Porten/Stordalsfjellet/Nordalstjerna/Middagsnipa/Indrevågefjellet og til Osland og botnen igjen. I eit aldeles strålande oktobervèr. Ja, flottare enn i dag kan det ikkje bli på denne tid. Eit par, tre plussgrader heime i dag tidleg vart til frosa mark og is på vasspyttane oppe på fjellet. Og blikkstille. I solbakkane kunne ein faktisk kjenne at sola varma. 

Det flotte vèret hadde sjølvsagt lokka fleire ut på tur. Det var kome eit namn i boka på Stordalsfjellet før meg, og endå nokre fleire på Indrevågefjellet. Somme truleg på rundturen Indrevågefjellet/Stordalsfjellet. Nye postar på fjelltrimmen. Flott! 


GPX-fila frå ruta mi i dag her på Fylkesatlas:


lørdag 19. oktober 2019

Møyr i kroppen

Det er ei flott perlerad ein har utsikt til frå Indrevågefjellet.
Mange niperyggar.

og mot Florø-kanten


I dag fekk det halde med ein tur oppom trimposten på Indrevågefjellet. Vi har dobbelt besøk i heimen i helga. Elles kjende eg meg noko møyr i skrotten etter i går. Åra går. Eg er ikkje akkurat 20 lenger. Heller ikkje 40. Så det tek litt lenger tid enn før å ta seg inn igjen etter fysiske utskeiingar. So ist das Leben. I morgon er ein ny dag. 

fredag 18. oktober 2019

Utfordring - glatt, frost og skodde

Morgonstemning ved Førdefjorden

Panorama morgonstemning

Skodde og frost på toppen av Blegja i dag

ds - i røynda ugjestmildt

haust ved Førdefjorden

ds


I dag vart det høve for å byte ut fjelltrimboka på Blegja. Har hatt den liggande i kjellaren nokre dagar.  Eg tok boka "med på kjøpet" saman med bøkene på Indrevågefjellet og Stordalsfjellet. Ein jobb for Askvoll og Holmedal Idrettslag (AHIL) fjelltrimgruppa i høve den nye fjelltrimsesongen. Primus motor Dag Tore. 

Det er sjølvsagt ei litt større utfordring å gå på Blegja enn dei andre fjella i kommunen. Spesielt no seinhaustes. Dette fekk eg forsåvidt erfare i dag. For det første var det vått og sleipt oppover etter høljregnet i går kveld. Og for det andre var denne væta frosen på oppe i urane i det alpine landskapet over omlag 1000 moh. Det er absolutt ingen spøk å vrengle ein fot eller det som verre er her oppe. Spesielt når du går åleine. På denne tid blir ein veldig fort nedkjølt om det skulle skje noko. Så det var med største varsemd eg tok meg opp og ned der i dag. Og det gjekk ein time lenger tid enn eg hadde trudd. 

På toppen var det diverre berre skodde i dag tidleg. Kjedeleg. Ikkje det - utsikta frå Blegja har eg sett mange gonger før. Så etter å ha bytt både bok og klede der oppe bar det ned att same vegen. I dei glatte urane. Og dei glatte steinane lenger nede mot Rørvika. Faktum er vel at det hadde vorte ein noko smidigare og lettare tur med snø kontra frost der oppe. Men no er no oppdraget fullført så får det kome det som komme må. Eg har ikkje noko spesielt behov for å kome meg opp att her før til våren...😃



Foto Blegja 181019

Bilder frå Blegja 14/6 i år