onsdag 9. oktober 2019

Størdalsstauren

Størdalsstauren i dag
med utsikt til Stavenesodden, Høgeheia og øyane i Flora.
 Underset, Mjåset, Fauskevika og Størdal i nedste kant
Då er merkinga på Størdalsstauren òg på plass. For dei som ynskjer det kan ein som før gå opp ranen (gjennom den grøne grinda i Størdal). Mange kvir seg likevel for dette. Så i år er merkinga lagt om og går opp ved Florsvika/Ytstevika. Dette er i all hovudsak same ruta som underteikna merka for eige bruk sist stauren stod på programmet (då med oppgang frå Neset, men det er betre parkeringstilhøve ute i vika). 

Som ein veit er turen på Størdalsstauren omlag rett opp og ned. Den merka ruta i år er likevel noko snillare og ikkje fullt så bratt som opp ranen. Hugs gode sko då her ofte kan vere vått og glatt. Og ikkje minst broddar - når den tid kjem!  

Ingen kommentarer: