lørdag 5. oktober 2019

Følgjesvein

Dagens turtelduer...

Det er fin utsikt på Høgefjellet

Bjørnastigen

Eg følgde Olaug på Høgefjellet i dag tidleg. Ei ny fjelltrimrunde for henne. Og mogeleg det samme for meg...? Eg har ikkje heilt kontroll på antal gonger på dei aktuelle toppane, men har droppa meir oppom ved høve. Kanskje skal eg satse meir på dei nye fjella for neste sesong av? Neste helg blir det iallefall lagt ut nye bøker.  

Opp frå Rørvika på denne tid er for unnasols tur å rekne. Men vi fekk no sola som ein premie på toppen. Elles var det berre opp og ned same vegen. Godt kva som er gjort. Olaug takka meg iallefall for følgjet som svein. 

Siste biten vestover
Høgefjellet og Gjelsvikefjellet
 
Rørvikenipa

Ingen kommentarer: