I dette bildet av Porten går den merka ruta frå midt i bildet og opp venstre sida av dalen |
Elva i Porten var i dag full av småkjø på gyteferd |
Stordalsfjellet t.h. frå nordaust |
I dag gjekk eg opp den merka ruta til Stordalsfjellet. Frå Oslandsbotnen, via Botnastølen og Porten og opp skaret ved Portafjellet og bort på toppen. Returen gjekk eg så ved å gå den andre ruta nord og aust om Portafjellet og ned igjen i Porten.
I følgje vèrmeldingane skulle det kome litt regn ut på dagen. Det stemde ganske bra. Eg fekk berre på meg nokre lette dråpar og byger i søraustvinden. Elles ganske fin temperatur å gå i.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar