torsdag 10. oktober 2019

Hobbyjobb

Stålkassen på Moldura i venstre kant
(no står den i kjellaren på Yndestad - til i morgon)?

Regn, vind og skodde på toppen i dag
Stålkassen
no med ny farge
I dag tidleg gjekk eg turen frå Stongfjorden til Moldura for å ta ned stålkassen som skal vidare på den nye fjelltrimposten på Stordalsfjellet. (Moldura er utgåande trimpost og Stordalsfjellet ny). På sistnemnde var eg opp med den nye trimboka hin dagen. Den gjeld frå søndag av. Men så vèrutsett som det er på toppen av Stordalsfjellet, er det best å få boka på plass i kassen fortast råd. Søkkvåte trimbøker er noko herk. Eit godt strøk signalrød Bengalac gjorde seg på kassen òg. 

Kanskje går eg vidare med kassen i morgon. Eller så blir det å ta med trimboka på Indrevågefjellet - eller begge deler. Som ein veit - og med litt ekstra innsats - kan ein nå over begge desse postane i same "rennet"... Det kjem sjølvsagt litt an på vèret, forma og tida ein har til disposisjon.


Ingen kommentarer: