mandag 21. oktober 2019

Sterke minne

Gunnar Askevold på Blåfjellet i Askvoll i dag

ds

"Skipet seglar"...

Det er alltid kjekt å treffe på Gunnar Askevold i fjellet. Så òg i dag. Oppe på Blåfjellet. Vi går ein del i fjellet begge to. Verda er no ikkje så stor. Og få andre har nok sterkare minne til kva fjellet kan gi og ta enn oss to. 

Etter at Gunnar miste son sin på veg til Blegja for ein del år sidan, og eg reint tilfeldig vart vitne til dette, kan eg for min del seie at dette tenkjer eg på kvar gong eg går på Blegja. Ja, nettopp som på fredag. Og mange gonger tidlegare. For eg veit nøyaktig staden der dette skjedde. Sjølv den dag i dag. Ofte stoppar eg opp i tankar over livet nettopp her...

Ja, livet gir oss merkedagar på mange vis. På godt og vondt. I samvære med Gunnar har eg alltid kjent på eit tilhøyre som gjer meg godt. Slik òg med den vesle praten vi hadde på Blåfjellet i dag. Eit lite fint minne på ein kald og hustrig oktoberdag. 

Ingen kommentarer: