mandag 7. oktober 2019

Nye jobbar og dårlegare vèr

Eg fekk selskap i det frostige Vågeskardet i dag tidleg.

Sola er komen på vestsida av Osland

Ny merking mot Indrevågefjellet.
Ytrevågefjellet t.h.

I dag tok eg med meg ketchupflaska med maling og kost og merka/varda frå Osland til Indrevågefjellet. 4-5 timar godt arbeid. Fjellet er fjelltrimpost frå søndag av. I tillegg må det opp ny bok. No har eg avtalt med Dag Tore om å ta ned boka og boksen på Ytrevågefjellet slik at ein kan nytte denne boksen på Indrevågefjellet. 

I tillegg må det merkast trasè og leggast ut ny bok på Stordalsfjellet denne veka. Eit oppdrag som eg har teke på meg òg. Som om ikkje det er nok skulle det vore lagt ut ny bok på Blegja (føler du eit spesielt kall kan du ta med deg boka opp. Vi blir takksame for det)... Så det ser ut som det blir litt fjelliv denne veka òg... Trass dårlegare vèrmeldingar. Men vi får ta det som det kjem... Det står no ikkje om livet heller...😅


Ingen kommentarer: