mandag 14. oktober 2019

Manfager og ull

Manfager i Vågeskardet

og ull

I dag tidleg gjekk eg oppom Ytrevågefjellet og henta ned fjelltrimboka og boksen til den utgådde posten her. Rett opp og rett ned att. 

Etter eit skobyte, og ein kopp kaffi heime, køyrde eg så til Osland igjen med stålboksen og gjekk på Indrevågefjellet med denne. Her låg jo allereie boka som eg var opp med på lørdag. Kjekt å sjå at det allereie var namn i boka. 

På veg ned igjen kom eg over 6 sauer i nordvest der merkinga går (eg går ofte ein brattare snarveg). Eg fekk gitt beskjed om desse. Reknar med dei skulle ha vore sanka tidlegare.

Ingen kommentarer: