torsdag 27. august 2026

Varm fjelltrim


Olaug, Sissel og meg på Moldura i ettermiddag

Etter fullført stolpejakt i Askvoll og Fjaler (og Luster) og TiTur Dalsfjorden, er det framleis den vanlege fjelltrimmen å gå på i fjella i Askvoll. Den ligg ute heile året med nye postar kvar oktober. Så då er det kjekt å kunne vende tilbake til nokre av desse fjella ved høve. 

I ettermiddag gjekk såleis Olaug, Sissel og eg på Moldura. Den er ein såkalla 30 poengs topp denne sesongen. Og vi gjekk frå vassverket i Holmedal. Den vanlegaste ruta. I nydeleg vèr. Vindstille og varmt. Ja, varmt vart det oppe i bakkane mot Nykshytta. Og varmt resten av turen opp òg for den del. Så litt pausing og drikke måtte til. 

På toppen skya det til frå sør. Så vi sat ikkje så lenge. Sidan Olaug og Sissel ikkje hadde vore på TiTur posten på Kalderasnipa, og ville dit etter at vi var på Moldura, så skilde vi lag på toppen. Eg hadde nemleg sett bilen på Neset i Stongfjorden og gjekk heim att denne vegen i staden for til Holmedal. Så fekk eg litt "forandring i kosten". Eg har gått mykje frå Stongfjorden til Moldura opp gjennom åra. Men ganske lenge sidan no. Ein god del av vardane over tregrensa står framleis. Men ned lia frå Langedalen var det jammen alvorleg gjengrodd. Så eg greidde å blingse på stien eit par gonger. Tok meg då greitt inn att. Det er utruleg kor stiane gror til når dei ikkje blir nytta. Fin tur iallefall. Og eg reknar med damene er samde. Der Olaug har fått fullført TiTur Dalsfjorden for i år.   

Foto Moldura 270826

Ingen kommentarer: