lørdag 8. august 2026

Moldura

 

Frå toppen av Moldura med utsikt mot aust 

I dag held vi fram  rundturen i Askvoll fjella. Og frå Dokka går vi til Moldura, 826 moh. Fjellet kan vel seiast å vere nabofjellet til Dokka i nord.

Som med Dokka er det fleire ruter opp. Mest nytta er frå vassverket i Holmedal og via dagsturhytta og opp ura. Ein ka jun under toppen gå opp frå vestsida og. Her kjem ein også opp hvis ein går via Størdalen i vest. Sjølv har eg nytta mest ruta frå Stavsnes i Stongfjorden i nord. Elles er det fint å gå frå Holmedal via Tveit/Hålandsstølen og Fagredalen frå aust. I dag er ruta via dagsturhytta merka. Dei andre berre sporadisk. 

Det er nydeleg utsikt i alle retningar frå Moldura. Frå gamalt av sa dei at du kunne sjå 7 prestegjeld. Sjå biletfilm frå kommentarfeltet. Eg har i denne serien valt haust og vinterbilder då det er finast lys på denne tid. 

Foto 1 frå toppen mot aust. Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet nærast. 

Foto 2 frå toppen mot vest etter solnedgang. Vi ser Atløy og Alden før det er heilt mørkt.


Ingen kommentarer: