![]() |
| Ingvar, meg og Olaug på Blåfjellet i dag |
![]() |
| F.v. Eggene, Hjartåsen og Steinheia bak f.v. Furefjellet og Høgeheia |
![]() |
| Sauesundet og Atløynipa |
![]() |
| Vi ser mot Ringstad, Kyllaren og Stråmen |
Eg vart med Olaug på Blåfjellet i dag. Eg var der hin dagen òg. Men fruen måtte få seg ei registrering òg. Veldig flott vèr i dag. 8-10 grader og sol. Med noko nordatrekk på toppen. Noko anna var væta. Og sleipa. For det renn elvar over alt.
På veg oppover såg vi ein person oppe i bakkane. Det skulle vise seg at det var ein kjenning frå Møteplassen, Ingvar S. Han var nokre minutt får oss på toppen. Her fekk vi oss ein hyggeleg passiar. Og eit foto måtte sjølvsagt til. Elles nydeleg utsikt her oppe. Og adskilleg betre enn fredag.
Vi gjekk i lag ned igjen alle tre. Her skulle det vise seg at skorna mine slett ikkje var så gode som eg trudde. Så eg låg på rumpa opptil fleire gonger. Ja, reine skøytene eg hadde på føtene. Fruen skreik visst ut fleire gonger. Og Ingvar som gjekk bak fekk jo godt sikt til alle tryninga mi.... Vel, vel som han skreiv Jakob Sande - beina kom heile heim---😄
No kjem middagsgjestane, så det får halde med denne rapporten...



