tirsdag 31. juli 2018

Agios Georgios Chapel, Ayia Napa


På hamna i Ayia Napa står Agios Georgios Chapel. Som ei kulturell høgborg og ei diamnentral motsetnad til folkelivet i nærleiken (sjå overskrifta frå bloggen i går)...! Å besøkje dette kapellet er som å gå inn i ein annan dimmensjon. Ei anna tidsrekning. Som i så mange slike kapell i sydlegare strok. Sjølv om eg verken trur på eitt eller hitt, er det alltid kjekt å vitje kapell for litt åndeleg påfyll. 

Under er foto av St. Elias Chapel på veg til Protaras. Eit kapell vi besøkte på sykkelturen vår.






Eg har mange bilder av kapell i samlinga mi. Kanskje skal eg samle dei alle i eit eige album. Det kan vere fint å ha for ettertida. Eg får sjå ved høve. 


mandag 30. juli 2018

Paradis, Sodoma og Gomorra

Mange koslege og gode middagar (sjå fotolink)

Flotte anlegg langs strendene vest for Ayia Napa

Mange utrulege grotter og steinklipper på kysten (sjå video)

På sykkeltur: St. Elias Chapell hadde eit utruleg utval med kaktus.
Her fekk vi språkhjelp av ein egyptar som snakka med utleigar av syklane våre då eg punkterte

Vi sykla til Greco klippane og Greco høgda (sjå foto på link)

Så var det slutt på ferien. Med 14 varme og flotte dagar på Ayia Napa på Kypros. Fleire har gjerne sett oppdateringar på Facebook. Men på linken under ligg heile bilde- og videofila. Teken opp kun med mobil. Eg legg difor ikkje så mykje arbeid i dette blogginnlegget. Berre eit par refleksjonar.

Ayia Napa ja. På godt og vondt. Vi budde i ei fantastisk flott leilighet gjennom Ving. Sunprime Ayia Napa Suites for voksne innfridde forventningane. Reint, hyggeleg og kjempegod frukost. Super service. Vi kunne ikkje hatt det betre. Og rolegare.

Roleg kan eg derimot ikkje seie det var ein kilometer unna. Bargata med alskens drikkeplassar og lett(av)kledd ungdom. Natt- og strippeklubbar. Eit dundrande bråk med 4-hjulingar. Ikkje akkurat for godt voksne folk. For ungdom derimot var det nok reine Mekka. Elles var sentrum prega av det vanlege turistlivet på sydlege breiddegrader. Ganske likt kvar ein reiser. 

Ein sykkeltur med punktering ute "på landet". Væskemangel. Språkhjelp av ein egyptar ved eit kapell. Hard Rock kafè. Og ein båttur langs kysten til grensa for Famagusta, sit igjen som minnerike. Ja, og sjølvsagt kvelden med Torbjørn Vik frå Holmedal (søskenbarn av Olaug) og Heidi. Sol, strender og badebasseng er som vanleg. Fort gløymde. Maten derimot var som elles på dei greske øyar - heilt suveren. 

Som sagt - eg legg ikkje meir arbeid i dette. No lyt vi sjå framover til heimlege sysler og turliv. Sommarferien i år er historie. 

tirsdag 10. juli 2018

På dansefot

Utsikt nordover frå Fløyen
Vi ser Fossedalshengenipa og Eitrenipa.
Fossedalsvatnet og øvre Fossedal t.h.

I dag tok eg å testa ut det eg fekk spørsmål om på Mountainsinaskvoll på FB hin dagen. Nemleg ruta frå Fløyen til Nipebu. Så Olaug køyrde meg til Rivedal sidan ho skulle på jobb. Eg gjekk såleis frå parkeringsplassen ved kraftverket klokka 07.30. 

Det var ein aldeles suveren morgon. Blikkstille. Opp gjennom kraftvegen var sola ikkje nådd fram. I berre shortsen reiv det forfriskande i skrotten. Men lenger opp over Hundeheia steikte allereie morgonsola frå ein skyfri himmel. 

På vestsida av Høgknolten stod eit lam å bræka. Både mora og eit anna lam stod litt lenger nord. I den stupbratte fjellsida såg det ikkje heilt godt ut. Men det var rikeleg med mat oppe i skårana, så noko naud har dei vel ikkje soleis.... (foto)


I skaret ved Høgknolten i Rivedal

Det gjekk radig innover. Tørt og fint. Og sidan eg var her sist har John Lien gjort ein fabelaktig jobb med å merke. Både opp over heile Hundeheia og innover til Nonsholten og Fløyen. Eg gjekk mykje denne strekka då Fløyen var trimpost for nokre år sidan. Eg sette då opp ein del steinvardar. Men som vi veit med merking - det er nesten vedlikehaldet som er viktigast. Stenger og vardar blir rivne ned av vèr og vind og sauer, og maling blir viska bort. No er det veldig bra innover Heileberget. Trygt og godt for alle å gå. Ja, Heileberget er jo reine autostradaen innover på dei flotte og flate berga. Her er det berre å peise på....

Driveknolten er egentleg to toppar når du kjem innover Heileberget. Den søndre toppen ser ein frå Dale. På denne sida er det sjølvsagt pang utsikt inn og ut fjorden. På toppen på nordsida er det utsikt til Nipebutraktene og vatna og fjella her (sjå videosnuttar med mobil). 


Driveknolten med sine to toppar til høgre

Utsikt frå Driveknolten S
Inn til Fløyen nådde eg klokka 10. Fantastisk morgon. Stilt på fjorden. Og bygda var vakna til liv. Iallefall høyrde eg ei motorsag. Og ein båt gjekk frå Dale til Holmen. Eg skreiv meg inn i to stk bøker i kassane som var sette trygt og godt opp. Deretter bar det ut att same vegen til eg skar nord til Nonsholten. Her ligg AHIL si trimbok for sesongen. For skam skuld skreiv eg inn namnet mitt her òg, sjølv om eg er slutta å konkurrere for fleire år sidan. 


Dale i Sunnfjord

Morgonstemning innover Dalsfjorden

På Nonsholten er det flott utsikt til Fossedalen. Både til Øvre og Nedre. Ja, ein ser faktisk ein bit av Dalsfjorden og Laukelandsfossen òg. 


Utsikt frå Nonsholten

Så var det å finne ein brukande rute ned til Dalsstoredalen. Eg bestemte meg for å skjere slagt ned retning dalen mot austsida av Driveknolten, Det gjekk heilt fint til å begynne med. Men midt nede i fjellsida hamna eg ut på nokre bratte sva som eg ikkje vil anbefale andre å prøve seg på. Hadde det ikkje vore tørt kunne dette ha vore farleg. Etter at eg kom meg ned "på trygg grunn" såg eg at det beste hadde vore og følgt eit elvefar i ei skår lenger inne. Eller så skulle eg ha heldt fram mot sjølve søkket ned ved Driveknolten. Begge greitt forsvarlege å kome seg ned i Dalsstoredalen (sjå videosnutt). Slik er det når det er bratt. Det er lettare å speide ruter nede i frå enn oppe.

Sjølve ruta over Dalsstoredalen er i grunn ikkje noko problem med å få merka. Her skortar det berre på folk og initativ til å gjere jobben. Utan noko form for merking er det i grunn å gå på retning av Langevatnet. Fossedalshengenipa er vegvisar. Når det gjeld sjølve oppstigninga til Nipebu, så er det tre skar ein kan nytte. I dag prøvde eg det midterste rett aust for Vårdalsstølen. Det gjekk heilt greitt opp. Det beste er likevel å nytte seg av det lenger aust. Då kjem ein opp meir direkte på hytta.


Motiv ved Nipebu

Det var folk på Nipebu. Både på vatnet og ved hytta. For å avpasse til avhenting ved Markavatnet var eg ikkje nedom, men heldt fram direkte til kraftstasjonen. Som tidenes mest presise drosje kom Torbjørn, Peter og vesle Håkon akkurat fram i det eg gjekk gjennom grinda. Utruleg timing. 

Ja, dette var ein nydeleg dag, og ein nydeleg tur. Trackeren på mobilen synte 5 timar og 45 minutt, inklusiv bildetaking og snuttar. Utan pause elles. 

søndag 8. juli 2018

Hare, sau og rype...

Fanafjellet

Aust for Størdalsstauren

Neset i dag

I dag vart det til rundturen frå Neset til Fanafjellet og Moldura. Med retur via Størdalsstauren til fjorden igjen. Ei flott runde. Og ei oppstigning til Moldura som fleire burde nytte seg av. Det er godt merka opp lia frå nord, og rikeleg med vardar ovanfor skoggrensa. 

Det er ei stund sidan eg har sett hare her oppe. Men i dag skvatt det opp ein rett framfor meg. Han stod såpass lenge i ro eit stykke unna at eg greidde å fiske opp kameraet og "skyte" han før han forsvann over alle haugar (alle foto med det gamle kameraet).

Det er ikkje ofte eg ser hare lenger...
No går det ein heil del sauer i området. Feire nedover mot Langevatnet på Stongfjorden-sida. Kloss i restane av snø som ligg att. Utover mot Størdalsstauren gjekk det også mange. Og rett vest av Moldura. Eigarane høyrer heime i Holmedal. Så eg kan melde at alt såg fredeleg ut. Eg gjekk på ei beingrind øvst i Fagredalen, men den trur eg må ha lege att frå i fjor haust. Heilt rein-eta (sjå foto). 


Ruta i dag

lørdag 7. juli 2018

Krim til frukost

Parti melom Furefjellet og Høgeheia.
Sistnemnde oppe i midten.

På Høgeheia er den små tjerna no nesten vassfri.
Vi ser mot Eimind og Granesundet.

Eg likar fransk krim. Språket så herleg melodiøst (eg hadde fransk på gymnaset). Innhaldet er ofte med annan vri enn engelsk/amerikansk. Vi starta på ein ny kortserie hin kvelden. Og så spanande som det vart, tok vi like godt ein episode til frukost i dag. Det vil seie - etter at Olaug hadde stått opp eit par timar etter meg. 

Marie og Øyvind er her denne helga òg. Dei skal låne eine bilen medan vi er på Kypros. Olaug hadde dessutan invitert til felles lunsj klokka 14 i dag. Ex-familie på besøk hjå Einar var invitert. Så eg fann ut at eg ikkje kunne vere vekke halve dagen på fjellet. 

Turen i dag vart difor ein rask ca 2 timars tur frå Holevika, via Furefjellet til Høgeheia, og springing ned igjen. Dette er ei flott runde som er fint gjennomførleg for alle. Både for ungar og eldre. Her ute er det flott utsikt, og lett å ta seg fram over den låge skoggrensa. Det er usedvanleg tørt og fint no. Frå Holevika til Høgeheia er det god sti. Vil du først ut på Furefjellet må du ta vestover rett ovanfor granskogen. Her er det berre å gå ut på retning. Etterpå føl du  ranane austover og opp på Høgeheia. Det står ein heil del vardar innover. 


fredag 6. juli 2018

Størst av alt er kjærleiken

Frå ungdomstida med pappa på Bakkevatnet
Bakkevatnet med fjellet Dokka
Eg gjekk meg ein tur frå Boge til Bakkevatnet i dag. Ein fin liten tur i minna frå gamle dagar. Rart kor alt var så mykje større og lenger før enn no. Bakkevatnet var digert. Turen frå Boge lang. Ja, i gamle dagar var det grådig langt til Bergen. Eg gjekk på dampen på kaia i Dale og vakna i Bergen dagen etter. Og Amerika ein draum så langt borte at det nesten var i paradis... I eit barnesinn, og på små føter, er nok dette heilt rett den dag i dag òg. Om dampen er historie som så mykje anna. Men i eit aldrande sinn er nok alt så mykje mindre. Både fjell og natur. Folk òg. Ja, heile verda. Eg har i grunn heile verda i lomma - om eg gidd å ta med mobilen.... Av og til er det godt å sleppe og ta med seg heile verda. Sekken kan ofte vere tung nok...

Ved Bakkevatnet i dag

Sist eg var ved Bakkevatnet skreiv eg eit dikt om den gamle båten som de ser på første bildet. Den låg under nokre grantre. Eg kalla diktet "Fullbyrda reise" på poesibloggen min. Det ligg att restar av båten endå. 

I fotspor eg hugsar frå barndommen av
ligg minner frå brannar so sterke
Dei kvervar nok langsamt av tidenes krav
om sinnet seg aldri lèt merke

Ja fann deg eg gjorde blant nåler og kratt
du glede frå kjærleikens bogar
Du kjærleg meg fengsla du dyrbare skatt
i saman frå villaste logar

Men brått er vi unge og tida står still
på ungdomens vinger vi reiser
Og blodet det brusar av kjenslene vill
og flagget til toppen vi heiser

Det fossar om baugen i solgangen inn
eit klimaks av raudgløda lyster
Og atter i saman vi havblikket finn
på reisa til vekkløynde kyster

No gøymer eg minna om gullskatten min
som fargerikt landskapen malar
Ein kjærleik finn gravstad i eventyr sinn
til elvar og solrike dalar

Tekst og foto G.Skaar

Dei varme og gode sommarminna frå barne- og ungdomstida på Boge lever i beste velgåande.  Sterkare enn nokon gong. For størst av alt er kjærleiken.

onsdag 4. juli 2018

Angrip angrip

Flygemauren sverma i dag...
Eg fekk eit ublidt møte med hordane på tre fjell...
  
I dag gjekk eg den flotte turen frå Oslandsbotnen via Svelia til Smørskornova i Rivedal. Der i frå runda eg Langevatnet på nordsida, og klatra opp på Hekkelfjellet. Vidare ned nordsida her, og nordvest til Svarthamrane. Deretter beint nord til Skålefjellet. Returen til fjorden via Gjerdedalen. 

Botnastølsvatnet låg i dag fullt. Men Svelivatnet var tappa ned til det grusomme. Strandsona var rein erodert ørken. Det ser aldeles forferdeleg ut her oppe når SFE tappar ned slik - for alle til å sjå! Det er ein skandale at det i det minste ikkje er innført ei minstevassføring om sommaren. 

Det er skandaløst kor nedtappa Svelivatnet er no....


I Svelia gjekk det ein heil flokk med kalvar og kyr. Meg vart dei sjølvsagt særs interesserte i. Dei stod nede ved vatnet i sørvestenden då eg kom frå nord, og sprang meg til møtes ved det som var att av elva ned frå dalen. Men særleg tøffe var dei ikkje på nært hald, sjølv om sjefskua med bjølle såvidt lukta på meg. Så var det gjort, og dei la til palings ned att til vatnet. Eg var visst ikkje særleg interessant likevel. Men er du redd for kyr er kanskje ikkje Svelia rette turalternativet no.... 

Leikne kyr på fjellbeite i Svelia

Langt meir ubehageleg var det at både på toppane av Hekkelfjellet, Svarthamrane og Skålefjellet var det full paring av flygemaur. Eg vart "angripen" av gedigne svermar då eg skulle fiske fram trimbøkene som låg i vardane. Med sveitte og solkrem på bar overkropp låg dei att i smørja, ja eg held på å skrive i hundretals, men det er gjerne litt overdrive. Det var ikkje særleg behageleg. Faktum er at Olaug nekta å få dei vekk frå ryggen då eg møtte ho i Stongfjorden etter turen. Eg fekk gå heim i dusjen å skåle dei av...! Vel, svermande flygemaur i manisk paringsleik er vel og bra det. Diverre gjekk det dårleg med dei som prøvde seg på meg...😊

Deler av Langevatnet mellom Rivedal og Holmedal
Smørskornova i bakgrunnen.

Det var varmt i dag. Og tørt. Knusktørt. Likevel låg det att nokre snøfonner øvst på skuggesida i skaret opp frå Svelia mot Smørskornova. På Skålefjellet låg det òg att nokre snøfonner. Eg fekk såvidt fyllt saftflaska mi i første elva ned frå Skålefjellet. Det rann såvidt av denne til tider svære elva. Akkurat det var ei sælebot. Då hadde eg som vanleg gått for lenge utan å drikke. Trackeren på mobilen viste 4 timar og 40 minutt. Utan pausar. 

Varmt for sauene på fjellbeite i dag.
Her på skuggesida av Smørskornova





søndag 1. juli 2018

Mi "leikegrind"

Stongfjorden

ds

Stavestranda
Det vart for kjedeleg å sitte heime på altanen i dag, så i 12-tida gjekk eg turen over Ytrevågefjellet og Toreheia frå Vågane og heim igjen. Dette er ein super 3-timars tur i mitt tempo. 

I dag var lufta så klår at det var godt sikt i alle retningar. Og sauene her oppe såg ut til å kose seg i det fine vèret òg. Det gjekk flokkar på vestsida av Ytrevågefjellet. Her er det òg vatn å finne i elva frå Hjartebuvatnet. Fjellbeitet her oppe er knallgrønt (sjå bilder). 

Turen i dag gjkk forresten som ein leik. I berre shorts og med litt kjølande trekk, var vèr og terreng heilt perfekt for fjell-joggesko. Det er vel knapt noko landskap eg veit om som slår utsikt og lettgådd terreng som her på heimebane. Veldig kjekt å ha dette som "leikegrind".