lørdag 30. april 2016

Eitrenipa Fossedalen Dale

Eitrenipa og Leknesvatna
Eitrenipa


Dagens selfie






Øvre Fossedal


Frå vestsida av Fossedalsvatnet


I dag gjekk eg den flotte turen frå Skorva, langs Leknesvatna og på Eitrenipa, nedatt Eitreskaret til Botnatjerna og Øvre Fossedalen. Deretter vestsida av vatnet til vassenden og gjennom Fossedalen til Dale. Heilt fantastisk. Bilda fortel vel ganske greitt historia mi i dag. Og så mykje tekst er vel ikkje nødvendig å legge ut. 



Eg hadde ein liten plan å gå over Nordre og Søndre Kringla òg. Men for det første var det relativt tungt å kome seg opp på Eitrenipa då det låg ein del ny snø opp skåra. For det andre drog eit skylag over for sola, og ein sur austatrekk gjorde det skikkeleg kaldt der oppe. Skåra ned att frå Søndre Kringla mot Øvre Fossedalen såg heller ikkje heilt god ut. Unnasols som området her ligg. Og det heilt sikkert var knallhard skare her. Så Kringlene gav eg meg på. Får ta dei neste gong.


Vassenden av Fossedalsvatnet med
f.v. Eitrenipa Nordre og Søndre Kringla
(Eitrenipa er forøvrig høgst)


Eg hadde delvis kontakt med broderen som gjekk opp frå Dalsfjordsida ved Otterstein. Men mobildekninga rundt Øvre Fossedalen er elendig. Så det enda opp med at vi gjekk kvar vår side av Fossedalsvatnet, og traff kvarandre ved Vassenden. I lag gjekk vi så til Otterstein. 

Broderen Ronja og Sion ved Fossedalsvatnet

Nyt utsikta med ein kopp kaffi
  
Utsikt frå nyestien frå Otterstein til Fossevika


Sillan (broderen) hadde med seg hunden Ronja på tur. Denne skulle avlevarst på Dingemoen igjen. Så eg sat på til Dale for å ta ein tur oppom mor mi. Men der var ingen heime. I staden høyrde eg musikk får Dalstunet og gjekk nedom her. Og mamma var på plass. 

I Dalstunet var dansen i full sving med Ramstaden og kompani, seniorgjengen, ungar og primus motor Asbjørn Eikerol. Så her vart det sosialisering med kaffi og skillingsbollar på Almuen. Her eg òg traff kompis Rolf Kleiven. I tillegg kom Olaug frå Førde så eg fekk haik heim igjen. Nydeleg! 


Asbjørn byr opp til dans

Ungane hadde si framsyning
(ganlehunset mitt "Skaarhuset" bak)

...og Seniordansen

torsdag 28. april 2016

Skålefjellet, Stongfjorden

Litt selfie må til
(sidan eg stort sett går åleine...:-)

Utsikt ut Stongfjorden mot Staveneset

Osland og Førdefjorden
Mot Blegja i aust


Kjende fjell i aust

Motiv i Gjerdedalen på veg opp

Fantastiske forhold på Skålefjellet i går kveld, då eg etter arbeid i Førde opna "sommarruta" opp over hammaren ved første elva (for lokalkjende). (Som sikkert mange ikkje er klar over er turen på Skålefjellet frå Stongfjorden beskriven i Opptur-boka for Sogn og Fjordane). 

Skålefjellet har veldig flott utsikt. I alle himmelretningar. I nord mot øyane i Flora, Florø, Bremangerlandet, Ålfoten, Stongfjorden ned for føtene, Osland og Førdefjordsområdet, Askvoll-fjella i aust og sør, og havet og øyane i vest. Sjå fotoserie: 


På bildet under ser ein med kompaktkamera ganske klårt oljeboringsplattforma Gjøa på den sølvgylte havyta..... 

Mot vest og oljeboringsplattforma Gjøa
Gjøa er et olje- og gassfelt på blokkene 35/9 og 36/7 i Nordsjøen. Gjøa ligger ca. 65 km sørvest for Florø, om lag 45 km vest for Sognefjorden og 70 km nordøst for Troll B.
Frå WIKI

Elles stod vardane stort sett greitt. Stien er også god. Den føl omlag halvveges opp starten på DNT-ruta frå Stongfjorden til Nipebu. Som ein ser ligg det endå ein del snø i dei øverste partia. Snøen var i går kveld heilt super å ta seg opp på. Fast og fin med litt "slush" på toppen. Blotna av sola i vest. 

Skålefjellet i Stongfjorden er absolutt ein tur å anbefale.  


onsdag 27. april 2016

Forviklingar i heimen, alder og dårleg syn

Dove body lotion
Uff ja, det er ikkje greitt når ein dreg på åra og nærsynet taper seg. Det har nok sikkert mange erfart. I heimen er det ein evig kamp å finne nærsynsbrillene, spesielt etter at Olaug òg har nådd ein viss alder og har behov for slikt (enkelte veit kanskje at ho er nokre år yngre enn meg...)

Ting toppa seg likevel i dusjen i går kveld då eg smurde meg inn med den nye dusjsåpa som stod der. Eg gnog og gnog stoffet utover, men det var elendig med skum... Så eg lurte no på om brønnvatnet vårt var blitt spesielt hardt i det siste, eller den nye såpa som stod der av merke Dove var av den elendige sorten...  Kanskje var Olaug betre enn meg til å gnage dette stoffet utover skrotten slik at det vart såpe ut av det? Med plirande auge kunne eg så konstatere at det stod lotion på flaska...! Noko sa meg då at det var fuktighetskrem? Men kvifor den stod inne i dusjkabinettet veit eg ikkje...

Vel, eg laut ut av dusjen igjen og kikka inn i skapet under vasken for å finne noko anna. Såpe fekk iallefall ikkje eg ut av dette. Lettare oppgitt kunne eg konstatere at det stod 4 liknade flasker i skapet der det stod lotion på, men ingenting det stod shower på eller noko slikt! Igjen stussa eg på dette. Kanskje Olaug hadde tenkt på Kreta-turen til sommaren? 

No skal ikkje eg dra dette ut noko særleg lenger, men fortelje at det stod to flasker med shampoo i skapet òg, så eg vart både nyvaska, fin og fjelga. Lukta reint kongeleg gjorde eg òg då eg kom ut frå badet... Men Olaug du - ho hadde nok ikkje treft rett hylle på butikken. Nei, livet er sanneleg ikkje enkelt når du dreg på åra...:-)


Mountains in Askvoll

Dalsfjorden med Leitet Straumsnes Holmedal Askvoll og Rivedal
Foto ved Høgholten i Rivedal 27/4-14


Eg har i dag opna opp igjen Mountains in Askvoll si Facebook side
med ein bildeserie frå datoen i dag for to år sidan....



søndag 24. april 2016

Kystkommunen Alden

Stongfjorden i dag tidleg


Mot Lutelandet

Askvoll


Moldura vest
Moldura vest

Foto


Størdalsstauren

Neset

Eg var av stad og skaffa meg litt utsikt over kystkommunen Alden i dag tidleg. Fantastisk oppgang frå Neset i morgonsola. Greitt og kjapt opp. Broddane tok eg på meg eit stykke oppe i lia. Eit lett dryss med nysnø låg opp igjen på skaren. Mot toppen var det hard skare. 

Det drog over med eit lett skylag på toppen. I tilegg til ein sur nordatrekk vart det iskaldt. Godt eg hadde klesbyte med meg. Men ned igjen reiv det skikkeleg i ansiktet. Eg tok då turen utom Størdalsstauren. Her ute var skylaget vekke, og sola varma litt. Men jammen er det langt frå varme vårvindar endå. Alt i alt ein flott men kald tur. 


Moldura i daag


Heime igjen vart eg møtt med småjentene til Håvard og Miriam som hadde overnatta. Meir vårleg ved fjorden ja. På alle måtar....

I ettermiddag vart det tur til byen i aust, og gebursdagsfeiring av tvillingane eg er bestefar til. På plass var elles alle dei andre 6 barnebarna mine. 8 barnebarn alle! Draumen min er å få fleire enn dei 3 som Olaug er bestemor til ut til kystkommunen. I vår tid er det viktig med lokalpatriotisme. Elles hamnar vi fort i den grå eminense - utan påvirkningskraft. 

Fin helg!

lørdag 23. april 2016

Vårens vakraste eventyr

End of the road - Holevik


Det var O grader, kald trekk og delvis skya i dag tidleg. Eit dryss nysnø låg oppe i bakkane.... Så sjølv om eg hadde pakka sekken kvelden før, skippa eg fjelltur. Eg tok heller ein tur med Olaug til Dale og besøkte mor mi. 

På Almuen vart etter på kaffi og skillingsbollar. Ein prat med broder Sigvard og svigerinne Tone om ditt og datt. Eit par nye joggesko frå Salbuen vart òg med heim igjen. 

Etter Derby-kampen, med tidleg kick-off, tok eg meg ein god joggetur i Holevika. Der henta eg bilen til Olaug som ho hadde sett att etter å ha gått/sprunge inn igjen. Aldeles nydeleg vèr utover med sola midt i mot. Og flott blomsterprakt med kusymre, løvetann, kvitveis og påskeliljer ved vegkantane. Ja, nysprotta bjørk òg. I tillegg ein heil del trast og heipiplerke som var ankomne.  Ja, eg tenkte på vårens vakraste eventyr. Det er mange av dei....

No må eg nok likvel innrømme at då eg runda skiltet til helleristingane ute på Staveneset fekk eg ein iskald kuling midt i mot. Heilt nord i Holevika. Tights var litt i kaldaste laget må eg òg innrømme.... Heldigvis var det ikkje langt til bilen. Og den var jo varm nok der i sola....! Trimmen i boks.. 

Så får vi sjå det an kva det blir til i morgon tidleg. Gebursdagstur til tvillingane eg er bestefar til, står iallefall på programmet på ettermiddagen.

fredag 22. april 2016

Velkomen til kystkommunen ALDEN

Broder Sigvard,
med sikt frå 500 meter over Dalsfjorden

Etter å ha fått sove på nederlaget om kommunesamanslåing i Askvoll kommunestyre hin dagen, og fått tenkt litt vidare, m.a. ved å ha lese leiaren i Firda i dag, vaknar kampviljen. No gjeld det å halde motet oppe. Gløden og optimismen frå opninga av Dalsfjordbrua må på plass igjen. Og Firda treng seg ein på kjeften. Det same treng andre som dømer HAFS nord og ned. Og no registrerer eg at verken formannskapa i  Førde, Gaular eller Jølster (liten SIS) vil ha HAFS kommunane med i sin kommune. Iallefall i denne omgang. 

Eikenes, Rivedal, Holmedal, Straumsnes og Askvoll

Det tok 30 år å byggje Dalsfjordbrua. 

Tanken om ein sterk kystkommune er slett ikkje død. Eit meir eller mindre tilfeldig utval av politikarar kan ikkje få skrinnlegge den tanken. Spør folk i Florø. Spør dei som kjempar for kystvegen. Spør dei som vil ha vekst på kysten. Kystfolk er ikkje som innlandsfolk. Og når innlandsfolk slett ikkje kan arbeide i lag innan same kommune i dag jmfr. rundt Jølstravatnet, korleis skal det då gå når ein skal samarbeide med kystfolk? Og etter at vi har sendt i frå oss den makta vi har til Førde? Og ikkje er herre i eige hus lenger? HAFS er slett ikkje død. Vi treng ein buffer mot sentraliseringskreftene. Krigarånda rundt Dalsfjorden er ikkje død. Vi treng berre litt tid. Vi har sove i timen. Som etter ein rangel på Kobbeskjeret. Eller etter ein fest for Ingolfr Arnarson. No må våpna kvessast. Vi er under angrep, men gir oss ikkje.... Det meiner heilt sikkert broderen òg med innlegget sitt under i dagens Firda. Eller Per Arne Tveit med sitt innlegg, men med litt andre ord...  

 Velkomen til kystkommunen Alden av Sigvard Sørebø Skaar

I går slo dei to tidlegare Sunnfjordkommunane Askvoll og Fjaler seg saman med ytresogningane i Hyllestad - i nye Alden kommune. Dei tidlegare nabokommunane har fordelt oppgåver, funksjonar og lokaliseringar broderleg, basert på likeverd og gjensidigheit. «Vi har no bygt den kommunen flesteparten av innbyggarene i regionen har venta på,» heiter det i ein uttale frå forhandlingsutvala. «Vi har lenge sett fram til å formalisere forholdet vårt, og på den måten nå vårt mål om å skape eit felles bu-, arbeids- og skuleområde,» heiter det vidare. «Eg er imponert over kva de har fått til der ute,» seier Førde-ordførar Olve Grotle. «Og det er både naturleg og fornuftig når ein tenkjer på den felles identitet og dei felles utfordringar ein finn i regionen. Gratulerer!»

Dale i Sunnfjord


Ja, nokolunde slik kunne noko av innhaldet i ein nyhendeartikkel i Firda ha vore.
Og det kan bli røyndom. Eg ser jo skjer i sjøen, mørke skyer i horisonten, lågtrykk og stormvarsel, små og store tuer. Eg gjer jo det. Eg kjem jo herifrå.


Samstundes tenkjer eg at «vi ere en nasjon». Det ligg, slik eg ser det, ein sams identitet i dette området. Vi har så mykje felles – og vi har samhandla i generasjonar. Eg trur vi vil kvarandre vel. Slekter og venskap går på kryss og tvers av kommunegrensene. Ungane mine (som er ganske store etter kvart) har minst like mange vener i Hyllestad og Askvoll, som dei har frå Fjaler. Eg veit ikkje kor mange Askvollingar og Hyllikar som har sove her i huset, - som har site ved kvelds- eller frukostbordet vårt og hatt det bra. Mat har dei fått òg, tid om anna:) Og det same gjeld døtrene mine – den andre vegen. Eg har hatt ungdommar i kjellaren frå nabokommunane som har vorte kjærastar – meir eller mindre vellukka, under mitt (og banken sitt) tak. Slå den! 

Bjerga

Vi snakkar same språk – sjølv om nokre av oss skarrar på r-en. Og når eg skriv at vi snakkar same språk, tenkjer eg ikkje berre på dialekten. Det stikk djupare enn det. Eldstedotter til ein god ven av meg seier at «eg flytta frå Fjaler for ti år sidan. No er eg komen heim til HAFS.» Og slik er det med ungdommen i alle våre tre kommunar. Det er vi gamlingane som ser grensene. Kanskje vi skulle dempe oss, og smake på den nye vin (Jess! Der fekk eg brukt det uttrykket!).


Eg vart nyleg fortald av ein nordsiding at ein av dei store hindringane var «den gamle Dale-arrogansen». DET hadde eg aldri høyrt før. Hadde aldri tenkt den tanken - at vi romslege snillingane i Dale skulle ha framstått som arrogante. Eleverte. Besserwisserar. Utolelege. Først gjekk eg i forsvar, fornekta det, for så å prøve å le det vekk. Men: Etter som eg har tenkt på det, har det gradvis vakse fram ei forståing av at det nok har vore noko der. No trur eg at eg forstår litt av bakgrunnen – men det får eg skrive om ein annan gong.

Poenget mitt med å nemne dette er at: dersom det nokon gong har eksistert noko slikt som «Dale-arroganse», er denne ikkje-eksisterande no. Skal vi gjere innleiinga i dette innlegget til sanning, kan det berre gjerast på ein måte: Som tre likeverdige partar med velvilje og gjensidig respekt for kvarandre. Det er den einaste farbare veg. Ein for alle – alle for ein, - som dei tre musketerar. Fridom. Likskap. Brorskap. 


Askvoll

Vi veit ikkje kva framtida vil bringe. Økonomi, miljø, terror, folkevandringar. Ein snakkar om at kommunereforma må ha eit tredve-års perspektiv. Jo jo. Vi har inga glaskule – og vi går på mange måtar i skodde i ulendt terreng. Farfar min sa sikkert noko sånt som at, «hugs no, Sigvard: Når du ikkje veit kvar du er, og du ikkje veit heilt kva retning du skal gå i – ta små skritt.» Alden kommune er eit slikt litt lite skritt, tenkjer eg.Og ein farfar i livet skulle alle ha.

torsdag 21. april 2016

Mountains in Askvoll

Facebook-sida "Mountains in Askvoll" vart i natt 21. april lagt ned som ein protest mot SIS-lamifiseringa av Askvoll-kommune. Takka vere ordføraren og hennar våpendragarar. Gruppa er no fjerna frå Facebook.
Etter det famøse vedtaket i går ser ein ingen grunn til å drive gratis-reklame for kommunen.
Helsing admin.

Arven av vår


Eg ventar deg borte ved grinda åt far
På leiting i landskap med blømande svar
Dit minnene speglar si stendige makt
hjå vaktar av kjelde til visdom og prakt

Eg kjenner det hamrar i hjarta dei slag
frå minner av landet som lysnar av dag
Ja livet det glødar av kjærleiken stor
til vener og kjære på land og ved fjord

Dei livgivne draumar er fødde i meg
er fostra i kjærleik på fruktsame veg
Dei vårlege fargar skal varma mitt sinn
og kjærlege vindar skal stryka mitt kinn

Min lengt går til dagar av brusande vår
eg aldri skal tenkja på gårsdagens sår
Hei sola - der kjem du - i morgonen blid
no haustar vi draumar til æveleg tid

Tekst og foto 
G.Skaar 

Så uendeleg trist

Askvoll har skrota samarbeidsånda kring Dalsfjorden
og er SIS-lamifisert 


Så trist. Så uendeleg trist. Når framtida vår. Framtida til våre barn og barnebarn blir avgjort av udugelege maktmenneske. Menneske utan integritet. Som sèl si sjel og si skjorte for kniplingar. 

Eg snakkar sjølvsagt om avgjerda til Askvoll kommune i går om å skrote samarbeidstanken i HAFS. Samarbeidet som no var i god emning etter at vi fekk Dalsfjordbrua. Dei udugelege maktmennska vil heller gå for ei SIS-lamifisering av kommunen vår. Ja, det er heilt ufatteleg. Så inn i granskauen sørgjeleg. At intentiteten vår blir kasta på båten av grunne menneske. 

HAFS-draumen mange av oss hadde var sjølvsagt ein buffer mot sentralisering og avfolking av landet vårt. Vårt land! Vi som no hadde funne kvarandre og blir tvangsskilde. Når no udugelege politikarar, valt inn i ein tidsavgrensa periode, sel makta til høgstbydande, er det klårt som klåre dagen at vi ikkje lenger er herre i eige hus. Flyttar du makt, flyttar du fridom. Du flyttar nærleik. Du rokkar ved identitet. Du rokkar ved kjærleik. Kjærleik til våre kommunar. Bygt opp gjennom generasjonar av far, mor, slekt og vener. 

Eg skjemst over å vere ein del av grunne menneske..... 

No set eg min lit til Kjetil Felde og andre oppegåande politikarar i Fjaler at dei ikkje går i SIS-lamifiseringsfella dei òg. Så kanskje får dei meg heim att....

Facebook-sida "Mountains in Askvoll" som eg administrerer er i dag lagt ned. 





onsdag 20. april 2016

Årets første


Den prektigkledde sommerfugl
er fløyet fra Guds hånd
Han ga den gyldne ringer
og røde purpurbånd

Han lærte den å flyve høyt
høyere enn jeg er
Den har nok fuglens lyster,
men ei dens dun og fjær

Og alle verdens mennesker 
og alle konge bud
ei gjøre kan en sommerfugl
Det kan alene Gud

Henrik Wergeland

søndag 17. april 2016

Hi sida

Flott søndagsmorgon på Yndestad i dag

Vågane og Flokeneset frå stigninga på Ytrevågefjellet


I dag hadde eg ikkje så mykje lyst opp igjen i snøen, så då valde eg nordsida av fjorden som turmål. Her er det alltid mykje mindre snø enn på sørsida. Eg trur det er havlufta, og at Førdefjorden er rett på nordsida og Stongfjorden rett på sørsida av fjellpartiet som gjer at det alltid er mindre snø enn på hi sida. 

Så eg tok den vanlege turen opp frå Vågane (dei gamle gruveholene), og opp på Ytrevågefjellet. Heilt perfekt. Med varmande morgonsol frå aust opp bakkane. Det gjekk lett opp på toppen. 

Mot Stavestranda frå rett aust om Toreheia


Litt meir skyer og skoddetrekk vart det på stykket vest og opp på Toreheia. Og på toppen var det jammen godt å ha med seg litt tørre og gode klede. Det var ikkje akkurat varmt her då....

Selfie Toreheia


Det er i grunn tre alternative ruter å gå ned igjen mot Stongfjorden-sida når du er på Toreheia. Anten via Yndestadhøgeheia i sør, over Skylefjellet i nord eller ned til Krikavatna i midten. Som regel byter eg på vegen opp og ned. Men i dag kom eg frå aust og valde Yndestadhøgeheia vestover. Mest fordi når det er tidleg på dag og bra vèr, er det flott lys ut Stongfjorden sidan sola kjem inn frå aust/søraust. 

No vart det delvis skya heim att. Men likevel veldig flott sikt til fjorden og bygda. Likeeins vestover og nordover. 

Utsikt heim frå Yndestadhøgeheia
Årets første sommarfugl i dei varme bakkane på Yndestaad


Flott og passeleg tur dette. Noko kortare enn i går. Trimmen i helga skulle såleis vere i boks...







lørdag 16. april 2016

Grandiosa

Nygylla bakkar heime (sjå blogg torsdag)
Foto frå stigninga opp frå Neset

Selfie Moldura

I dag bestemte eg meg for å gå den flotte turen på Moldura frå Neset i Stongfjorden igjen. Eg synest det er greitt å bruke nærområda, og såleis sleppe å køyre for å gå på fjellet. Ein opplever jo ikkje så mykje nytt terreng då, men det har eg heller ikkje behov for. Det er kombinasjonen av vandringa i sitt eige og det fysiske som tèl mest for meg. Og ikkje minst legge merke til detaljar rundt meg og fotograferinga. Litt musikk på øyret er alltid kjekt òg. Min andre hobby. Men no kjem trekkfuglane då... Min tredje hobby. Fleire gleder på ein gong. 
Praktfulle forhold. Her rett nedom Langedalen t.h.
Skålefjellet t.v.


Oppe i bakkane ovanfor Langedalen vart eg i dag teken igjen av primus motor av merkinga på den flotte ruta frå Neset til Moldura, Ansgar Bjarne Høivik. God form på den karen. Vi slo av ein liten prat. Men medan han sette seg ned ved ein varde der, heldt eg fram vidare mot toppen. I vindstille, praktfull sol, fast snø med litt nysnø på, var det ein rein nytelse. Bakkane låg som eit skinande fløyelsteppe oppover. Reint jomfrueleg. Og veldig fint å gå på berre føtene...
Med skarp sol i auga - Mister Høivik


Etter å ha vore på toppen, gjekk eg bort på toppen i aust og fotograferte litt. Deretter følgde eg kanten på fjellet her på austsida og ned nordsida til Fanafjellet. Skjeringa gjekk heilt greitt å gå ned. Så gjekk turen vidare til toppen av Mannskaret, opp på sørsida av Svarthamrane til toppen her. Første del av stigninga var ganske tung sidan det låg blautare snø oppover. 


Holmedal og Straumsnes
Austkanten på Moldura.
Vi ser i bakgrunnen Toreheia og Ytrevågefjellet
Skjeringa på nordaustsida.
Mot Fanafjellet t.v.

Frå Svarthamrane gjekk eg den vanlege ruta mot nord til Skålefjellet. Retta litt på vardane etter merkinga i fjor. Og nådde fint opp på Skålefjellet. Flotte forhold. Nydeleg utsikt til bygda. Så tok eg ned ruta om Skålefjellsvatnet og Gjerdedalen. 

Svarthamrane frå Skålefjellet 
Ved ankomst butikken fekk eg servert nytrekt kaffi av Svenn og Gro ute i solveggen. Sidan Olaug skulle levere tippinga si fekk eg skyss til Neset etter bilen. Kjempetur!

 
Selfie Svarthamrane.
Moldura bak.

Bilder
160416