onsdag 31. oktober 2018

Haust på Heileberget



Nokre haustbilder frå Heileberget


tirsdag 30. oktober 2018

Høgdepunkt


  






På denne tid av året, i overgangen mellom oktober og november, står sola rett vest for Stongfjorden.
Dette skaper veldig flott lys over bygda og fjella. Og heime.
Her nokre eksempel. 
Ja, vi har faktisk hatt litt sol....
Vi får sett pris på dei soldagane vi får.

søndag 28. oktober 2018

I havgapet

Alden frå Høgeheia

Askrova
 
Mot Granesundet i sør

Liavika
Vågen

Høgeheia Lia Liavika Vågen 281018






I dag tok eg turen motsett veg på Stavenesodden i frå i går. Eg starta difor i Holevika, og gjekk på Høgeheia, og via Lia og Liavika til Vågen. 

Eg sette bilen min i Vågen, og Olaug køyrde meg så med sin til Staveneset og Holevika. Eg tok turen mest for å skaffe eit gpx spor for ruta på Høgeheia. Dette ligg no på ut.no. Noko John Lien fiksa. Eg har fleire slike spor her ute frå før, men desse viser turen om Furefjellet o.a. 

Elles var veret like fantastisk som i går. Termometeret viste minus 2 heime. Men det var relativt vindstille. Det var ikkje ei levande sjel å sjå. Det einaste eg såg av liv var svermar av trast på trekk. Blir interessant å sjå om dei prøver seg på overvintring i år òg. Mange strauk med i det forsøket i fjor. 

Høgeheia er som før nemnt fleire gonger eit flott turalternativ. Som eg skreiv på bloggen til Fjordkysten tidlegare i haust. I dette området kan du elles gjere turen så lang du vil. Ja, du kan gå til Osland om du vil. Eller det kjekkaste er kanskje motsett veg. 

lørdag 27. oktober 2018

Soool du

Svanøy og Florøbassenget

Toreheia

Krikavatnet og Magevatna
Mangevatna

Endeleg fekk eg meg ein bra fjelltur igjen. Og endeleg skein sola på ein fridag. Har vore dårleg med det i haust. Iallefall her i landet. Egentleg skal eg vel ikkje klage for mykje sidan vi hadde ei flott veke på Rhodos i begynnelsen av månaden....

Av dei mange turalternativa og rutene vi har, valde eg ein tur på solsida - frå Vågane på Osland og via Ytrevågefjellet til Toreheia og Skylefjellet med retur til Yndestad. Dette er ei super rute om du ikkje har prøvd ho før. Lett å gå, god oversikt og fantastisk utsikt. Og så er det alltid fint å gå mot havet i vest. 

Så mykje å fortelje er det kanskje ikkje. Bilda i linken under seier vel sitt. Svermar med trast på trekk var å sjå. Og så traff eg på Torunn med følgje på hytta til Wilken Yndestad ved Svartevatnet. Vi hadde oss koseleg liten prat før eg vende nasen ned igjen til Rinda og heim att. 

Ja super tur. Så håpar eg at det blir fleire slike framover.... Kroppen kjennest i grunn litt tung etter sommaren. 




fredag 26. oktober 2018

Fantastiske Toreheia

Selfie etter solnedgang med Alden i vest

Solnedgang frå Toreheia i oktober


Alden i horisonten

Kveldsstemning ved Krikavatnet

Sola går i hav

Vestover mot Stavenesodden

Svanøy og Florø

Mangevatna

Florø

I serien haustbilder plukka eg i dag ut nokre bilder frå Toreheia i oktober/november. 

Toreheia er eitt av favorittfjella mine. Og turområdet kanskje det flottaste i heile kommunen. Utsikta er fantastisk. 

tirsdag 23. oktober 2018

Haust på Røyrbotnholten

Røyrbotnholten sett frå aust
(Det går greitt å gå opp frå Svelia i nord heilt t.h. i bildet
og opp kanten på høgre sida. Her står det nokre små vardar).



Som vi veit er Røyrbotnholten inne som fjelltrimpost for AHIL i 2019. Boka skal vere lagt ut.


Det er fleire vegar til Rom. Også til Røyrbotnholten. Den mest nytta er som mange veit å gå frå parkeringsplassen ved kraftverket i Rivedal og opp vegen. I enden av vegen går du beint mot nord og over myra (som vist på framsidebildet av bildesnutten). Det er merka siste delen opp.


Røyrbotnholten ligg midt i DNT-ruta frå Stongfjorden til Nipebu. Du kan såleis kome til fjellet både frå aust ved Vardenova eller frå vest over Smørskornova. Det er dessutan fullt mogeleg å gå opp frå nord via Svelia. Frå begge sider av Svelivatnet. Så den som ynskjer litt variasjon i kosten, er det fullt mogeleg å vri litt på menyen. God tur iallefall. 

søndag 21. oktober 2018

Vått vått og atter vått

Dagens selfie på Ytrevågefjellet i dag

I dag gjekk eg opp på nordsida av Stongfjorden motsett veg frå i går. Frå Vågane på Osland til Ytrevågefjellet. Det var nok med det. For regnet ausa ned, Med skodde og vind. Ja, ganske så ufyseleg. Eg kom meg fort ned igjen bakkane, Eller så fort det let seg gjere i vatn og sleipe. Å gå over til Toreheia var uaktuelt. Der låg det tjukk skodde. Nei, det var i grunn fint å kome seg heim igjen i dusjen,..😊



lørdag 20. oktober 2018

Surt og grått

Surt ved Mangevatna i dag

Det var grått og vindfullt på Blåfjellet i Grimelia og Skylefjellet i dag. Turen vidare austover mot Toreheia og Ytrevågefjellet skippa eg grunna skodde. 

No skal eg ikkje bruke tid på å klage på vèret her. Men finaste hausttida er i ferd med å regne vekk. Det er søkk blautt over alt. Og snart er dei fargerika dagane over. 

Turen i dag var frisk nok. Det er ikkje det. Likevel -  ei flott og solrik helg hadde vore kjærkome. 

tirsdag 16. oktober 2018

fredag 12. oktober 2018

Nydelege Høgeheia

Nydeleg tur på Høgeheia i går kveld før det mørkna. Som før nemnt og skrive - Høgeheia er eit veldig flott turmål for liten og stor heile året


Foto https://photos.app.goo.gl/Kmxz85t3ejRf2VMdA 

onsdag 10. oktober 2018

10.10.10



10.10.10 og 11.11.11 var flotte og minnerike datoar i tursamanheng. Tala lette å hugse. Her er nokre bilder frå 10.10.10. Som ein ser gjekk turen frå Rørvika over Blegja og Blåegga til Eitrenipa og Skjerlia #fjordkysten#visitnorway
Musikk: Good Memories

tirsdag 9. oktober 2018

Hauststemning på Størdalsstauren


Nokre haustbilder frå Størdalsstauren publisert på Facebook


mandag 8. oktober 2018

Kosetur til Rhodos

Ei fantastisk hole i fjellet....Archangel Michael Panormitis


Mandraki Harbour
Mandraki Harbour


Eit heftig uver på ein taverna ved Sun Beach Resort i Ialyssos 
  
Cavo Italiano i Ialyssos


Solnedgang frå Altanen vår på Dianysos hotel

Foto frå Archipelagos Restaurant
Olaug på Faliraki Beach


Solnedgang på Windy Beach i Rhodos by

Olaug på den flotte restauranten
Cavo Italiano i Ialyssos

(Alle foto mobil)

Som vist på bildelinken ovanfor hadde Olaug og eg ei flott haustveke på Rhodos og Ixia førre veke. Veret var veldig bra. Med eitt unnatak -  eit kraftig uvèr herja Middelhavet nokre dagar og traff oss søndagen vi kom ned (det ligg videoklipp på bildelinken ovanfor). Regnet ausa ned verre enn verst. Og lynet dundra over oss frå alle kantar. Heilt utruleg. Vi søkte tilflukt under taket på ein taverna på stranda ved Sun Beach Resort i Ialyssos. Her vi budde for to år sidan. Større spenning i lufta har eg aldri opplevd før. Kanskje med unnatak av ein gong ved Svartehavet. 

Temperaturen var behageleg. Som ein flott norsk sommardag. Rundt 25 grader. Og omlag 20 grader morgon og kveld. Sola er ikkje så sterk som om sommaren. Naturlegvis. Og heller ikkje blir du oppsvidd. Dessutan mindre stress med solkrem/fuktighetskrem. Vi gjekk mykje tur. Kvar dag. Fleire gonger langs strandpromenaden frå Ixia til Rhodos by. Denne turen er absolutt å anbefale. Nydeleg langs sjøkanten til songen av milde vindar. 
Lett avslappa i Rhodos by


Det største "turprosjektet" vi hadde var likevel då vi gjekk tvers over øya frå Ixia til Faliraki der vi budde i fjor sommar. Det var temmeleg dryge kilometer. 

Elles reiste vi ein dag til sagaøya Symi. Her var vi for to år sidan òg. For å komme hit må du ta båt frå Mandraki havna. Den tek omlag 1 time 40 minutt om du reiser direkte. Symi ligg kloss opp til Tyrkia, til Icmeler og Marmaris, der vi har vore fleire gonger.  

Mange trur kanskje det er seint å reise til Middelhavet på denne tid. Eg vil nesten seie det motsett. Det er no ein burde reise. Temperaturen i havet er 25 grader. På land er det behageleg. Det er mindre stress av turistar og rolegare stemning overalt. Og end of season sale - om det skulle vere interessant. Som oktober i fjor hadde vi såleis ei kjempefin veke ved Middelhavet. Mykje fredlegare enn i Ayia Napa tidlegare i sommar.