mandag 8. oktober 2018

Kosetur til Rhodos

Ei fantastisk hole i fjellet....Archangel Michael Panormitis


Mandraki Harbour
Mandraki Harbour


Eit heftig uver på ein taverna ved Sun Beach Resort i Ialyssos 
  
Cavo Italiano i Ialyssos


Solnedgang frå Altanen vår på Dianysos hotel

Foto frå Archipelagos Restaurant
Olaug på Faliraki Beach


Solnedgang på Windy Beach i Rhodos by

Olaug på den flotte restauranten
Cavo Italiano i Ialyssos

(Alle foto mobil)

Som vist på bildelinken ovanfor hadde Olaug og eg ei flott haustveke på Rhodos og Ixia førre veke. Veret var veldig bra. Med eitt unnatak -  eit kraftig uvèr herja Middelhavet nokre dagar og traff oss søndagen vi kom ned (det ligg videoklipp på bildelinken ovanfor). Regnet ausa ned verre enn verst. Og lynet dundra over oss frå alle kantar. Heilt utruleg. Vi søkte tilflukt under taket på ein taverna på stranda ved Sun Beach Resort i Ialyssos. Her vi budde for to år sidan. Større spenning i lufta har eg aldri opplevd før. Kanskje med unnatak av ein gong ved Svartehavet. 

Temperaturen var behageleg. Som ein flott norsk sommardag. Rundt 25 grader. Og omlag 20 grader morgon og kveld. Sola er ikkje så sterk som om sommaren. Naturlegvis. Og heller ikkje blir du oppsvidd. Dessutan mindre stress med solkrem/fuktighetskrem. Vi gjekk mykje tur. Kvar dag. Fleire gonger langs strandpromenaden frå Ixia til Rhodos by. Denne turen er absolutt å anbefale. Nydeleg langs sjøkanten til songen av milde vindar. 
Lett avslappa i Rhodos by


Det største "turprosjektet" vi hadde var likevel då vi gjekk tvers over øya frå Ixia til Faliraki der vi budde i fjor sommar. Det var temmeleg dryge kilometer. 

Elles reiste vi ein dag til sagaøya Symi. Her var vi for to år sidan òg. For å komme hit må du ta båt frå Mandraki havna. Den tek omlag 1 time 40 minutt om du reiser direkte. Symi ligg kloss opp til Tyrkia, til Icmeler og Marmaris, der vi har vore fleire gonger.  

Mange trur kanskje det er seint å reise til Middelhavet på denne tid. Eg vil nesten seie det motsett. Det er no ein burde reise. Temperaturen i havet er 25 grader. På land er det behageleg. Det er mindre stress av turistar og rolegare stemning overalt. Og end of season sale - om det skulle vere interessant. Som oktober i fjor hadde vi såleis ei kjempefin veke ved Middelhavet. Mykje fredlegare enn i Ayia Napa tidlegare i sommar. 






Ingen kommentarer: