mandag 29. juni 2020

Enorme influensområde av vindturbinar

Atløy frå Blåfjellet

Mot Alden og Tvibyrgje frå Eggene

I dag gjekk eg den fine rundturen på Blåfjellet og Eggene nede i Askvoll. Og kunne konstatere at vindturbinane på Guleslettene i Kinn, faktisk er synlege frå Blåfjellet i Askvoll òg... Det er med andre ord enorme influensområde av desse gedigne installasjonane! Turbinane som vil komme på Lutelandet vil bli vanvittige frå fjella her nede. Og spesielt frå Atløya. Ja, mykje meir påtrengande enn mange kan førestille seg. Spør du meg er dette ei rein tragedie.... Ei bevisst rasering av norsk natur! 😡

Elles alltid like kjekt å slå av ein liten prat med Ingvar Solheim i fjella her nede. I det gode vèret var han på ei morgonrunde på Blåfjellet. Som pensjonistar må vi jo sjølvsagt halde oss i form...😃


søndag 28. juni 2020

"Slo døden med knapt eit sekund"

Turbinane på Guleslettene synte seg i all sin forferdelse

Svarte skyer på gang

ds

Eller - "han kappsprang med døden mot løa og slo han med knapt eit sekund" - for det vart slik med ein rask tur på Toreheia og Skylefjellet i stad. I berre shorts og joggesko såg eg det bryggja opp med blå skyer og regn frå sør! Eg nådde heim att før det bar laust - greitt det når det brått vart temmeleg kaldt i vinden som kom. Regnet skulle eg tolt - det var verre med alle varmegradene som forsvann ganske så fort.

Elles heilt topp i det tørre lendet. Ja, eg har knapt sett det så tørt før. Alle elvane var knusk tørre! Veldig uvanleg. Ja, eg kan ikkje hugse maken. Det er vel gjerne i ein slik samanheng ein brukar i manns minne. 

LIkevel i alt det flotte - vindturbinane på Guleslettene synte seg i all sin forferdelse. I dag spesielt synbare i sola som var der nord. Noko bilder fekk eg ikkje til sidan eg hadde berre mobilen med. Men på det øverste kan ein skimte dei. Veldig synlege med det blotte auge. Eg undrar berre på kor ille dette blir når turbinane på Lutelandet kjem opp- det blir jo mykje nærare. 

Mobil

lørdag 27. juni 2020

Herleg i høgfjellet

Flott morgonstemning over Valdresflya på turen til Beitostølen.
Synshorn 1475 moh i bakgrunnen 

Lauvbu ved Vinstervatn.
Storeskag t.h. 

Ved Lauvbu ved Vinstervatn

Herleg med fjell-bad

Myggen blir heldt i sjakk med gode klede...
Olaug, Bergljot og Torgeir.

Motiv Valdresflya

ds

Vi avslutta ei lita rundreise i Sogn, Sognefjellet, Lom og Lemonsjøen ved å reise til Skåbu, og vidare Jotunheimvegen til Lauvbu, ei lita fiskebu ved Vinstervatn. Eit godt fiskevatn. Bua eig Bergljot, syster mi, og Torgeir. Men så mykje fisking vart det ikkje i går. Dessto meir sosialisering på terassen. Og mygg! 

Vi måtte kle myggen ute.
Her Torgeir.
For det er visst tida for mygg der oppe no. 14 dagar etter at isen gjekk. Myggen er intens ei god vekes tid. Og ganske så innpåsliten. Med god myggnetting heldt vi han ute frå bua. Men ut om hus måtte vi "kle" han ute. Kjekt med årets første bad på 1025 moh. Vatnet var forbausande varmt. Sjølv med snø liggjande rundt enkelte plassar. 

Elles artig  sjå ein flokk raudnebbterner så høgt til fjells. I innlandet. Dei er vel i røynda kystfugl. Men trekker sjølvsagt dit dei finn næring. Sjølv ser eg sjeldan terner her heime lenger. 

I dag gjekk så reisa heim att. Vidare via Jotunheimvegen og Bygdin til Beitostølen. Så via Skammestein og Ryfoss, over Valdresflya og Filefjell. Fantastisk biltur i morgonlys over fjellet.  Ein fin første start på ferien. 

torsdag 25. juni 2020

Perlerader av fjell, blomar og ei dame....

Olaug på Sognefjellet

Ei hes på Fuglesteg

I går sa vi adjø til Nes Gard i Luster og sette nasen austover. Etter eit lite besøk i Skjolden drog vi til Fortun og gjekk på Fuglesteg. Flott tur opp dit. Og sidan vi var tidleg ute gjekk vi for det meste i skuggen oppover. I varmen var det ein fordel. Men akk og ve for nokre kraftlinjer...!

Grusomme kraftlinjer på veg til Fuglesteg...

Olaug på Fuglesteg

Fantastisk utsikt der oppe. Og for nokre flotte bygningar. Vi slo av ein prat med ein kar som slo gras og la opp ei hes. Vaktmeister på dugnad. Slik treng ein for å få slike plassar til å fungere. Til vanleg er her vel hyttevakt på DNT-overnattinga òg. Den må førebels tingast i førevegen grunna korona. 

Fuglesteg

ds

ds

ds




Vi gjekk så ned att til Fortun og køyrde opp på Sognefjellet. Ein god lunsj i bakken der oppe med ei utruleg utsikt til alle 2000 meters toppane ikring var heilt fantastisk. På Sognefjellet og ved Sognefjellshytta var det mykje folk. Løypemaskina til sommarskisenteret gjekk i full sving. Og folk på ski i kortebukse. Ski-bilane tydde på austleg opprinnelse. Og Sognefjellshytta var sjølvsagt fullbooka. Så vi køyrde rett til Lom, der vi overnatta på Fossberg Hotell. På Lom var det elles mykje turistar. Stavkyrkja her er fantastisk. 


Sognefjellet - Storen nr 3 frå venstre

Lom Stavkyrkje

I dag tidleg bar så turen vidare til Lemonsjøen og fjellet Trollhøe med rundturen via Hesthaugtjern. Panoramautsikt til Jotunheimen, Dovrefjell og Rondane. Veldig grei og fin tur opp frå Lemonsjøen fjellstue & hyttegrend. Her overnattar vi i natt. I morgon ber turen til Vinstra til syster mi Bergljot.


Reinrose på Trollhøe

Ein kvit stein som skein i nedstigninga mot Hesthaugtjern

Sjekkar reinlav

Kalven Seter - kaffi og svele etter endt fjelltur...

tirsdag 23. juni 2020

Molden autostrada

Olaug mot toppen av Molden

Dagens selfie teke av Olaug

Olaug på Molden

Lustrafjorden

ds

Fin utsikt på Skjødnaklanten

Bremuseet i Jostedalen

Fotoserie Molden Jostedalen 230620

Nok ein strålande dag i Luster! Som eg nemnde i går ville vi i dag gå på Molden. Og det gjekk heilt fint. Etter ein god frukost - prega av koronatiltak - køyrde vi til Mollandsmarki og Krossen og gjekk der i frå. 

No var vi såpass tidleg ute at det var få bilar på parkeringsplassen der då vi kom. Ei jente med ein liten i beremeis snakka vi med - både der og oppe på fjellet. Ho skulle på ein trimpost på Svarthillaren. 

Kjekk jente på tur med minsten...

Turen opp gjekk heilt piano. Veldig greitt. På godt opptrakka sti. Med sherpa-heller og god plank mange plassar (sjå fotoserie). Sidan verken Olaug eller eg hadde vore her oppe før, overraska toppen oss litt. Her var store flater. Og utsikta til dei forskjellige himmelretningane måtte vi bevega oss på for å få med oss. Beste utsikta var kanskje frå toppen i sør der det stod nokre mastar (sjå panorama ovanfor). Elles stod der ei fantastisk flott steinhytte på toppen med utsikt inn Lustrafjorden (sjå video under). 

(Held fram under video)

Olaug og steinhytta





Største overraskelsen var i grunn då vi gjekk ned igjen. Klokka kunne vel vere rundt 11 eller noko slikt. For det var reine folkevandringa på veg oppover. Eg kunne nesten ikkje dy meg for å la tankane gå til heimefjella der eg kan gå i timesvis utan å treffe på ei sjel. Her gjekk ein nærast i stim. Det er sjølvsagt flott at folk kjem seg ut på tur. Folk i alle aldrar. Likevel er det ganske påtakeleg kor mykje unge jenter, og gjerne damar litt opp i åra, som ein møter. Er fjellvandring blitt ei jentegreie? 

Etter at vi kom ned igjen til Krossen, køyrde vi oss så ein tur til Jostedalen og inn til Bremuseet. Undervegs stoppa vi på butikken og hotellet i Jostedalen og tok oss ein kopp kaffi. På Bremuseet var det i motsetnad til på Molden nesten fritt for folk. Tydeleg prega av mangel på utanlandske turistar grunna koronaen. Med utsikt til Nigardsbreen åt vi oss ein nistepakke og køyrde deretter "heim" igjen til Nes Gard. Flott dag! 


mandag 22. juni 2020

Luster glory

Nes Gard

ds






Nydeleg første dag i Luster med besøk på Nes Gard. Her er meininga å bli i to netter. 

Vi valde å køyre over Gaularfjellet i dag tidleg for å få litt meir ut av reisa til Indre Sogn. Men det var på hekta at vi kom oss forbi Hestadvatnet ved Hestad kapell. For der stod vatnet over vegen. Med relativt høg klaring under Rav`en gjekk det bra. Elles regna det godt fleire plassar undervegs. 

Vi stoppa så ein time i Sogndal for kaffi og kaker. Var deretter ein tur nedom i Hafslo. Så ein middag i Gaupne. Før vi i ettermiddag kom fram til Nes Gard. 

Kveldsstemning

Etter å ha installert oss her, gjekk vi ein stølstur til Flatningane. Fin og grei tur på omlag 3 timar frå Nes Gard. I kveld sit vi ute og nyt utsikta over den blikkstille og solfylte Lustrafjorden med den fantastiske Feigumfossen i bakgrunnen. Veldig bra! I morgon blir det tur på Molden.




lørdag 20. juni 2020

Kjekt i Dalstunet







Alle foto mobil

Fin tur til Dale igjen i dag då Dale Musikkorps heldt sommaravslutning i Dalstunet. Grunna korona har det blitt mindre med øving i det siste. Noko mine øyre ikkje la spesielt merke til. Både utval av musikk og framføring heilt topp. Ikkje minst er det veldig kjekt å samlast i tunet til hornmusikk og over ein kopp kaffi og ein skillingsbolle frå Allmuen. 

Her bloggen "Ein song om kjærleiken" frå tunet 15. juni i fjor. Inkl. opning av Rivedal Galleri.