søndag 14. juni 2020

Godt merka heime

På Skålefjellet i dag

Sauene er komne høgt til fjells -
her øvst i Mannskaret
Eg nemnde vel på video frå Vardeheia i går at det var ei stund sidan eg hadde vore på Skålefjellet. Faktisk tilbake til 23/4 når eg ser etter. Så i dag tok eg ein morgontur opp dit. 

I dag var det heilt overskya. På toppen var det egentleg litt kald trekk. Sveitt som eg var i berre tights og t-skjorte. Bra at eg hadde med meg ei lett vindjakke og ei ekstra trøye i rumpetaska. 

Elles var det kjempefint og tørt å gå. Og sidan eg no har skrytt av merking så mange andre stadar, må eg få skryte litt av mine eigne oppe i Skålefjellet. Begge rutene er godt merka. Både opp over hammaren ved første elva. Og ovanfor andre elva, lenger oppe mot Mannskaret. Rutene viser veldig godt etter vinteren. Så her er det berre å ta turen. Opp første delen av DNT-løypa gjennom Gjerdedalen og Brekka til Nipebu. 





Kart 

Ingen kommentarer: